Lille Piwi

Denne lille jenta Hyjenaz Piggelin kom litt “tilfeldig” til oss.  Det vil si at eg var ikkje akkurat på leit etter valp enda men så vart det ein avbestilling fra dette kullet..  Eg har hilst på mor og sett ho i konkurranse for nokre år sidan i Kongsberg og virkelig digga den kvikke, smidige, glade og flinke aussien som tok Norsk Championat i HTM den gongen.  Så når det vart ein ledig valp så vart fristelsen for stor- heldigvis  ❤

Veldig søt  ❤

Litt smågal..

1 mai var den store dagen eg skulle hente lille Piwi som er fra Umeå i Sverige- da kunne ho hentes på flyplassen i Gøteborg.
Dagen før fikk eg beskjed om at reisefølget ikkje kunne bli med likevel, og bilen som skulle fiksast på verkstad vart ikkje ferdig pga at det kom feil deler…  Eg vart mildt sagt svett  😦
Heldigvis stilte ein kollega opp som reisefølge men kunne ikkje avlaste ang kjøring.  Så natta før henting sov eg knapt i det heile- da fikk eg for meg full stopp ang bilen, valp som kom til Gøteborg uten at eg kunne hente osv osv.
Om morgonen var eg så hinsides trøtt, kvalm og hadde vondt i heile kroppen.  Åssen eg skulle klare å kjøre tur/retur Gøteborg såg eg ikkje for meg..  Vi begynte å kjøre og fyrst etter ein time kjente eg at det letta og at det var forsvarlig å fortsette turen- om ikkje måtte vi snudd og ikkje minst avverge at valpen kom med på flyet..  skrekk og gru!!

Kjøreturen gjekk over all forventning, og fyrste møte med denne jenta overbeviste meg om at det var vel verd alt styret i forkant.  Så herlig, trygg og go  ❤

Vi lufta ho litt på flyplassen og satt ho i bilburet medan vi spiste bak i lasterommet med ho.  Vi hadde tenkt å lufte ho litt til før avreise men ho låg allerede på rygg og sov så vi starta på vegen heim, så trygg og avslappa jente.

Vel heime har ho blitt tatt godt i mot av alle hundene.   Ho imponerer og sjarmerer meg med sitt herlige vesen kvar dag, og ikkje minst virker ho veldig våken og arbeidsglad.

Juba og Piwi kler kvarandre  ❤
Kanskje vi satser på felles freestyleprogram med desse to  😉

Mikke er som alltid grei med andre hunder samtidig som han sier fra om ho blir for voldsom.  Emmi er i overkant tolmodig og leiken så der må eg stoppe dei meir for at det ikkje skal ta heil av.

Er med andre ord så godt fornøgd med denne lille jenta og takknemmelig for at ho har funne seg så godt til rette hos oss  ❤

Advertisements
Posted in Uncategorized | Leave a comment

Året som gjekk og året som kommer :-)

Det blir sjelden blogga men synes det er kjekt å ha den til å sjå tilbake i, blir som ei digital dagbok der eg kan sjå tilbake på små og store hendinger 🙂

2018 har bydd på godt og gæli som seg hør og bør.  Ikkje alltid eg har så store nytt års forsetter men vil ta nokre grep og sette nye mål for 2019.

Emmi trener på sitt Cowboy-program  🙂

2018 begynte i alle fall bra med kurs i Hønefoss med Anna Larsson fra Sverige- meget dyktig innan HTM og har vunnet fleire mesterskap.  Dette var noko eg heiv meg med på med det samme, da fikk eg liksom to fluer i ein smekk  🙂  for da fikk eg også hilse på “valpen” Mia ❤  og det er alltid trivelig på kurs hos Camilla.
Virkelig lurt å starte året med ein sånn boost!

Elles gjekk det fort mot konkurranser og planen var å trene begge jentene mot NM- men det krever sin kvinne og såg fort at eg måtte prioritere ein av dei.  Juba er den rutinerte og må trene aktivt for å trivast  ❤  Det har blitt mange behandlinger hos kiropraktor for at ho skal klare å henge med ang ryggen, hodet vil så mykje meir enn kroppen.

På sommaren vart det freestylecamp i vakre Sluseparken.  Mykje jobb men også mykje moro med mange gode venner.
Med så masse fokus på organisering av campen så vart det mindre trening og fokus på egne hunder og resultatene vart deretter.

På høsten måtte eg begynne å fokusere mot NM.   Juba hadde eit program som ho kunne veldig godt og som dommerne hadde gitt gode tilbakemeldinger på- så det mest safe hadde vore å fortsette med det til etter NM..  men eg liker alltids utfordringer og starta med å lage ny koreografi kun nokre månader før NM- litt sprøtt men når Juba skjønte at eg lagde nye kjeder så blomstra ho opp og gav lissom alt.  Det tar tid å trene inn eit program så det vart litt heftige uker med trening før NM- men det holdt til seier og Juba vart Norgesmester HTM 2018  🙂  Vi fikk mange flotte premier og det var veldig gjev tittel å få!

Her gjekk vi seiersrunde med flagg  😉
Programmet vårt var å danse zorba!  Lover at det ikkje var noko lett valg  😮

Emmi vart “Årets hund i HTM kl 2”- moro det også!
 Emmi er søtere enn sukker og elsker alt som rører seg  ❤
Og her er Mikke på snart 13 år i kjent stil, livsnyter!  Stort sett frisk og full av energi.  Merker alderen litt med at han sover tyngre og hører mykje mindre.  Største kosegutten og eeeelsker å trene!  ❤

Elles har eg hatt nokre få kurs dette året, er stadig usikker på kor masse eg ønsker og orker å gjera ang kurs.  Det er mange som trenger hjelp med hundene, ønsker å gå kurs eller trene.  Eg synes stort sett at det er givende og moro samtidig som at eg ikkje alltid føler eg har tid eller overskudd..  så eg må bli flinkere å prioritere rett og slett.

I 2019 vil eg prøve ein ny vri- ha kurs for tenåringer  🙂
Dei som vil lese meir om det kan lese på Gnisten Hundeskole på FB.
Har fått mange spm og kommentarer rundt dette og det er allerede nesten fulltegna 2 grupper som er max det eg vil ta på meg.
For å få dette til må eg kutte ut andre ting, men for min del er det viktig å bruke tid der eg føler eg gjer ein god jobb og at det eg gjer blir verdsatt.

Elles er det fleire nye flinke folk som ønsker å trene Kreativ Lydighet framover, så eg er veldig spent på kva 2019 bringer ang hundetrening 🙂
Eg har vore sjuk heile jula og starta året med 2 antibiotikakurer men føler endelig at eg er på bedringens veg, og da kløør det i heile kroppen etter å komme i gang med trening  😮  No må eg ta det med ro nokre dager så da passer det fint å lage program på papiret.  Føler meg heldig som har ein så givande hobby  ❤  Det å vera indre motivert, skape, koreografere, trene, lære og alltid kunne utfordre meg sjølv er rett og slett givande ❤

Eg har nokre hårete mål for 2019 også men det viktigste er faktisk å ha det moro undervegs.

Ønsker alle 2 og 4 beinte eit riktig GODT NYTT ÅR!

 

 

Posted in Uncategorized | Leave a comment

NM KREATIV LYDIGHET 2017

Da er årets happening i freestyle/ Kreativ Lydighet overstått.  Vi har jobba gjevnt og trutt mot dette mesterskapet, topp motivert spesielt etter sommercampen vi hadde i Lunde.  Da hadde vi leigd inn 2 dyktige svenske instruktører som kom med mange gode råd til videre trening, gull verd for å holde motivasjonen for trening oppe.

Vi hadde også fellestrening i regi freestyleforeningen her i Lunde, veldig vellykka samling som gav enda meir påfyll og stå-på vilje.   Etter dette har vi holdt kontakt på kryss og tvers og  fortsatt der vi slapp.  For meg som i stor grad har vore den som organiserer, drar i gang og samler folk til treninger på ulike nivå var det veldig ok når andre utfordra og pusha på meg ❤
Og det å prioritere egne hunder og eget program har vore balsam for sjela  ❤
Tusen takk til Anniken som har tatt fleire turer til Telemark og vist at du har trua på meg ❤

Legger inn film fra trening i høst.  Snakk om å bli drilla av dyktige folk  😀

Eg og Juba fikk sølv- berre 0,1 poeng fra vinner.  Det var sjølvsagt litt surt  samtidig som at eg var veldig fornøgd med det vi fikk til i ringen, dette er nok det beste vi har prestert.  Moro å få så mange koselige kommentarer utenfor ringen også- det satte eg stor pris på!

Høgtidleg før premieutdeling- snurr FILM HER

Programmet vårt – snurr FILM HER

Juba bukker og takker for fine premier, pokal og flott rosett!

Herlig uttrykk på Juba  ❤

Det å stille opp med nettinghansker, blonder, høye spark og “elegante” armbevegelser har vore ein utfordring i seg sjølv  😀
Men for å underbygge musikken og krydre programmet så måtte det såpass til  😀   Takk  til kreative sjeler rundt meg, fikk så mange positive tilbakemeldinger på dette 🙂


Sjekk den høgreiste flotte hunden min  ❤
Det beste av alt dette året er at eg har ein hund som er konstant i godt humør og logrer heile tida under jobb, det føles som ein seier i seg sjølv!  ❤

Etter fjorårets nedtur i ringen er dette heilt ubetalelig for meg!  Kort fortalt så fikk Juba akutt smerte i bakparten under programmet i fjor og det var ein forferdelig opplevelse å sjå hunden sin sånn.  Eg vart heilt satt ut.

Dette året har eg jobba målretta med program/øvelser som Juba kan takle og samtidig hatt gjevnlig oppfølging av veterinær, kiropraktor og fysioterapaut Merete Serkeland.  Uten den hjelpa så hadde eg ikkje kunna fortsatt trening med Juba pga vond rygg og forkalkninger.  Og uten aktiv trening hadde heller ikkje Juba trivast med tilværelsen.
Ho har også fått cathropen-sprøyter som har hatt god effekt.  Er så takknemmelig for at det er hjelp å få!

At vi fortsatt kan trene målretta mot konkurranser tross mange nedturer og mange øvelser vi må unngå føles virkelig som ein seier i seg sjølv.
Å pensjonere ein hund som har så masse godt i seg har ikkje vore tema her  ❤

Følelsen eg hadde i ringen var veldig god  🙂  Juba logra seg gjennom programmet og det var stort sett fin flyt og uten store miss undervegs.

Heldige vi som har verdens beste hobby 🙂

Posted in Uncategorized | Leave a comment

10 ÅR PÅ SVENSEID

Det er heilt villt- i sommer var det 10 år sidan eg og Sølve flytta til Telemark.  Årene har gått fort og vi har opplevd masse på både godt og vondt.  Eg får stadig spørsmål om dette ang flytting, å bu på eit småbruk og åssen eg trivast på ein heilt ny plass.
Veldig mange spør fordi dei innerst inne kunne tenkt seg å prøve noko nytt, og ekstra spennande med småbruk sjølv for dei som aldri har vist så stor interesse for dyr.  Dei aller fleste eg har snakka med har det som ein drøm og lar det bli med det.  Ofte er det mange hensyn å ta i forhold til familie, jobb osv.  Det blir for mange eit stort steg å ta men for oss var dette heilt rett sjølv om ikkje alt har gått på skinner.

For 5 år sidan skreiv eg dette i bloggen- og dette beskriver frihetsfølelsen og gleden av å få denne muligheten,  A dream came true  ❤

“Ja i dag er det 5 år sidan me kom flyttande hit til Svenseid.  Det var fredag den 13 juli og  det føltes som om det var min lukke-dato!

I min iver etter å komme på plass på mitt lille småbruk kjørde  eg i hundre forbi bakketoppen her på svenseid – Sølve kommenterte i forbifarten at det ligna på vårt hus, som han da kun hadde sett på prospektet.  Jada svarde eg så kjekt, det er fleire hus med den fargen her i området og kjørde vidare…

Nokre minutter etter  ringde eg min kjære bror Vidar for å høyre om han visste kor eg var, han er jo eit levande oppslagsverk og har som oftast full kontroll på kor eg befinner meg..   Han ante ikkje kor eg var på dette tidspunkt men meinte han hadde sett ein grønn renault som forsvant i 120 forbi huset mitt… Så da måtte me altså snu for å finne vår nye heim…

Tunet var fullt med gode  hjelpere og  uventa  gjester – og alle fekk seg sjølvsagt ein god latter når me kom :-()   Huset vart kjøpt over ei helg 2 mndr  før så eg kjente meg ikkje heilt igjen i forbifarten nei.

Det var eit enormt flyttelass me hadde med oss,  og eg såg for meg ukevis med pakking og  rydding- men trur de ikkje at det meste var på plass i hyller og skap når me kom.  Det var heilt uvirkelig!  Kjekt med så mange gode venner som ville hjelpe til!

Det var heilt utruleg å stå opp dei fyrste dagene her på Svenseid.  Huset var fullt med familie og gode venner, så det føltes absolutt ikkje som at eg hadde flytta til ein fremmede plass.  Eg kikka ut kjøkken vinduet kvar morgon og nytte synet.  Det var masse fugler og ekkorn i trærne rett utenfor, rådyrene tusla på bakkane , gjøken gol, uglene ulte og hauken jakta på mat.  For eit dyreliv på tunet- heilt idyllisk!

Men det vart heller fort stopp på det yrande dyrelivet etter kvart som hundane vart husvarme, så no har dei ville dyrene trekt seg litt lenger opp i skogen, og det er jo helit ok.

Så fyrste tida her i Telemark var berre fantastisk!  Følte virkelig vi falt til ro og koste oss her både to og firebeinte.   Følte oss liksom heime med ein gong.  Og for hundane var det eit eldorado, stor treningsbane og ein heil skog å boltre seg i  🙂

Mykje har skjedd desse årene, på godt og gale.  Idyllen har nok fått nokre riper i lakken,  det har vore mange tøffe tak og det er ikkje fritt for at eg har vore innom tenkeboksen nokre gonger.”

Når eg ser tilbake på dette blir eg både glad og trist.  Skal ikkje gå inn på detaljer, men det er greit å ta med at det ikkje berre har vore idyll.  For når folk spør åssen eg har opplevd det å flytta fra noko kjent til ukjent så er det viktig å få fram både godt og gale  🙂
Når det stod på som verst pga heilt uforutsette tøffe tak så balla det på seg så masse at eg ein kort periode ikkje visste om eg hadde kapasitet og ork til å fortsette å bu her.  Alt vokste over hode på meg sjølv om eg følte eg stod på og gav alt.
Men eg er heldigvis født med ein god porsjon vilje og optimisme som har vore ein god ballast  😉

Eg vart fort kjent med nye mennesker og folk i bygda visste fort kven denne “tøffe vestlendingen med hundene” var  😀  Eg meiner sjølv at det å flytta fra eit fylke til eit anna ikkje var spesielt vågalt, vi snakka tross alt samme språk og har ein felles kultur, eller?  😀
Men jammen vart det til tider misforståelser ang dialekt og elles heilt andre “kulturer” innan ulike miljø som kom overraskende på meg.  Tenkjer da at det må vera mykje å lære for folk som da kommer fra andre land ja!

For meg var største nedturen ang kultur at det var mange som ikkje var heilt oppdatert ang kunnskap om dyr og hunder spesielt.  Fleire som trente brukte harde metoder og det var vondt for meg å sjå.  Mange av hundene budde også i hundegårder eller sto bitta utenfor huset, og det var ikkje kvar dag dei fikk trening eller tur  😦
Dette resulterte i at eg registrerte Gnisten Hundeskole som tilbydde kurs og felles treninger for at folk kunne møtast og trene sammen på ein bedre måte.
Når eg klarte å snu noko av det eg opplevde negativt til å føle at eg kunne bidra positivt så gav det ei meining for meg.


Dette bildet av meg, Ivo og Lilly vart tatt av journalist i Varden som skreiv om den “hundegale vesltlendingen som ikke gjorde en mine til å reagere da det begynte å regne”  😀

Ei annan utfordring er å etablere seg på nytt.  Gjennom 10 år på ny plass har det naturligvis kommet og gått mange nye mennesker.  Nokon er f.eks aktive og holder kontakt så lenge dei trenger hjelp og har hund å trene, andre holder kontakten sjølv om dei ikkje lenger har hund for å si det sånn  ❤  Dette gjelder sjølvsagt på mange plan.  Nokon mister man kontakten med når vi  ikkje lenger trener sammen, har eit felles miljø eller arbeidsplass med, andre holder vi kontakten med uansett  ❤  Det å etablere nye gode vennskap tar jo tid.  Veldig glad for mange nye bekjentskaper og dei gode vennene eg har fått.

Føler at vi etter 10 år har slått rot her på Svenseid, eg stortrives med å bu som eg gjer og er veldig takknemlig for at eg har denne muligheten.  Liker dyrelivet og den fine naturen rundt oss og ikkje minst å holde så aktivt på med hobbyen min som er hund  ❤
Og elles det å ha høner og katter på tunet  🙂

Så eg har vel aldri angra på det valget vi tok for 10 år sidan- men har så vidt vore innom tanken på om eg hadde tatt meg vann over hodet i starten ja.  No har eg kommet ovanpå og fått gjort unna mange ting både inne og ute på bruket.  Det kjennast bra  🙂
Sølve har kjøpt egen leilighet og trives godt så eg kan ikkje sjå for meg at det kunne blitt stort bedre  🙂

Veit mange er redd for å miste kontakt med familie og venner om dei velger å flytte på seg.  Det er klart at eg også savner å sjå dei nermaste oftere men her har eg god plass og får gjevnelig besøk fra vest.  Vi trives altså godt og eg unner fleire å kunna følge sine drømmer  😉

 

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Atillus

Vår gale, heftige, kloke og arbeidsglade og høgt elska Atillus døde fra oss 1 august, han vart 12.5 år.
No er det mange som spør kva som skjedde så da skriver eg her i bloggen.   På søndag var han pigg og glad,  Sølve skulle gå tur med Emmi men tok fram Atillus sin sele og da gjekk han i taket av glede.  Dermed gjekk Sølve ein liten tur med Atillus fyrst og gutten var så fornøgd når han kom heim.  Han fikk trene litt med ball etterpå og han vart nok i overkant ivrig og når han fikk kommandoen “kryp”, han spant avgårde sånn berre tillusen kan..  han gav alltid ALT!
På kvelden ligger han på gulvet og slapper av når han plutselig skriker til, han viser tydelig at han har vondt i ryggen (eller magen?) og vil ikkje opp å gå, han puster tungt og vi snakker med veterinær.  Vi gir han smertestillende og han vil berre ligge.  Han kvikna litt til for så å bli dårligere ut igjen..   Vi fikk sjekka opp ryggen hans på mandag kveld og da var han mykje bedre, logra og spiste maten sin gjorde han også.
Men på tirsdag kveld vart han akutt dårlig, han pusta tungt og vart liksom “lamma” i kroppen.  Det var heilt grusomt å sjå uten å kunne hjelpe, men det gjekk heldigvis fort.  Det er alltid tungt å miste desse dyrene.  Men eg kjenner også på ein enorm lettelse, så glad for at vi var heime sammen med han- og at vi da veit at det gjekk veldig fort.  Det hadde vore grusomt å finne han død uten å vite kva som hadde skjedd.

Ein heilt spesiell, heftig og livsglad gutt var han ❤

Posted in Uncategorized | Leave a comment

SOMMERCAMP FREESTYLE 2017

Da var årets sommercamp i regi Norsk freestyleforening over.  Den varte 3 dager til ende- fra 29 juni til 2 juli.  Den vart holdt i vakre Sluseparken her i Lunde- heilt fantastisk flott ramme rundt det heile og det vart nydelig vær.  Vi hadde leigd inn 2 dyktige svenske instruktører, Anita Axelsson og Lizette Olausson- så det kunne knapt blitt bedre.

Lizette  låner Anita  sin Anton for å demonstrere noko.
Og her passerte Henrik Ibsen.  Idyll!

På fredagen starta vi med konkurranse og Anita var i tillegg dommer og Lizette skreiv notater så vi kunne få tilbakemeldinger på kurset dagen derpå.
På fredag kveld vart det foredrag og heile lørdagen var det trening med litt gode pauser innimellom.  Det var virkelig bra kurs!  Lørdag kveld vart det grilling og skravling.
Søndagen starta dagen med ny konkurranse og nesten alle hadde framgang på det som hadde vore fokus på i treninga  🙂  Lizette var også tilgjengelig for å peppe og hjelpe på søndagen, og for min del vart det veldig nyttige minutter  🙂
Knall bra helg vart dette!  Mykje arbeid i forkant men det var vel verdt det  🙂
Vi gleder oss i forkant, koser oss undervegs og holder oss motiverte i lang tid etter ein sånn Camp.  Det betyr masse for å bygge eit godt miljø, viktig å samles og ikkje minst at det blir konkurranser som vi kan trene mot.

Mari og Charlie er fyrste ekvipasje ut i freestyleringen  🙂

Flinke og spreke desse to  🙂

Sidsel og kulaste Selma  😀
Denne sporten passer for alle raser som de ser  😉

Vigdis og Bella sjarmerer som alltid  🙂

Nydelig bilde av Jessica og lille Hip Hip.

Kult bilde av Eirin, Tardis og Tardis  😉

Grattis til Hanne og Jaqueline med seier i HTM 1,  grattis til Nina og Musli- med den røde sløyfa- det var såå velfortjent og fint å sjå dekkan- og hurra for Tardis som holdt seg i ringen på tross av ein del forstyrrelser med andre hunder utenfor ringen akkurat da!

Hanne fikk masse publikum når ho trente på sitt nye program  🙂
Fikk nokre sekunder med filming også  😉


Ellen og Ellen på “skitur” i Sluseparken  😉

Våre 4 nye dommer-elever i Kreativ Lydighet er dypt konsentrerte når dei skyggedømmer  🙂 Sidsel, Vigdis, Hanne og Marianne.

Eg og Emmi.  Fredagen fikk vi rød sløyfe i kl 2, på søndag vart det for vanskelig og vi fikk blått, men vi  kommer sterkere tilbake da  🙂


Her går vi posisjon “Mellom”  eller nr 4?

Det er ei stund sidan sist  men det vart altså blått på meg og Juba i kl 3 HTM også…
Men vi kommer også sterkere tilbake  😉

“Fot” i ulike tempo og retningerSkal holde posisjon uansett kor eg har armene  🙂
Det var veldig travelt før campen så vi fikk aldri komt heilt i mål ang programme vårt.  Det krever ein del fokus ang det å lage program, å huske det og ikkje minst trene det inn så det blir flyt.

Om nokon synes det ser moro ut med freestyle/ Kreativ Lydighet så gå gjerne inn på Norsk Freestyleforening sine sider og les meir om denne flotte sporten.
Det er også masse å lese på vår FB side “Kreativ Lydighet i Norge”

Vi har eit veldig godt miljø og vi har plass til fleire  🙂

Dessverre har eg ikkje fått alle som var med på bilder- det vart så tett program  og  eg var veldig fokusert så da datt dette med å ta bilder litt ut..

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Hundedans på sykehjem

Eg har lenge tenkt å gjenoppta blogginga- har alltids masse på hjerte og lyst å skrive men tida strekker ikkje til.  Har hatt veldig tett program siste tida men no skal eg roe ned og ikkje lenger ha så fullt opp på timeplanen (Kan henda eg har sagt det før også men NO skal det altså girast ned nokre hakk  😉  )

Må nesten fortelle om avtalen eg hadde med å opptre med hundene mine på eit sykehjem 12 juni.  Sånne ting synes eg er viktig å bidra med så eg svarte så klart ja til dette.  Men lite visste eg om den enorme responsen dette skulle få!
På morgonen før eg skulle avgårde ringde det ei dame fra NRK og spurde om ho kunne få lov å lage ein reportasje om dette og det svarde eg sjøvsagt ja til  🙂

Dette har blitt vist på nett.tv, distriktsnyhetene, NRK 1 både på morgon og kveld.  Og berre det lille klippet på nett.tv har blitt vist ca 25000 gonger.  Er jo litt stas det da- og vi veit at dyr fenger mange!

https://www.nrk.no/telemark/gleder-dei-eldre-med-dans-1.13562974

Når folk spør kva det koster for at eg skal komme å opptre så svarer eg at det er gratis- å stille opp for så takknemmelig publikum gjer eg meir enn gjerne.  God trening for hundene og moro for meg også.

Neste blogginnlegg kommer snart- det skal handle om årets sommercamp i regi Norsk Freestyleforening.

Posted in Uncategorized | Leave a comment