Hunder på løst… og “håpløse eigere”..

Da har eg skrive to blogger etter kvarandre ang løse hunder og uheldige episoder, og no kommer den tredje bloggen med samme tema  😦

På fredag når eg kom heim fra jobb lufta eg 3 av mine hunder samtidig.  Eg har stor tomt og inngjerda område og er hundane ute er eg sammen med dei.  Plutselig ser eg ein samojed hanne ved porten som vil inn til oss, og med 3 opplada hunder der ein er nysgjerrig og ein er sint og den siste sender eg inn før han oppdager den så blir det kaotisk. Samojeden sprang avgårde etter litt kjeft fra mine men eg måtte få inn mine før eg kunne gjera stort.  Når eg sprang ut att høyrer eg det kviner i bremser og hunden springer att og fram over vegen  😦  Eg henter han inn, ringer politiet og legger ut info på FB.  Likevel går det over FIRE timer før vi finner dei som har ansvar for han.  Sølve gjekk tur med Juba og han vart spurd om han hadde sett denne hunden.  Sjølvsagt vart dei glad og letta over at hunden vart funnen.  Den hadde blitt skremt og stukket av- og for all del – uhell kan skje.  Men denne hunden vart passa på av andre enn eiger og bør derfor ikkje vera løs over hode.

Eg er ikkje glad i å bruke pekefingeren heller men folk bør bli flinkere å passe på!  Ein ting er at eg har hatt 3 uheldige hunde-møter for mine berre denne uka- kjedelig nok det.

Men det verste er at folk utsetter hundane sine og andre i uheldige eller farlige situasjoner.
Så nokre tips vil eg i alle fall komme med, rekner med at det er ofte uvitenhet det går på.

–  Når ein hund er sammen med andre enn sin eiger, er omplassert eller lignande så skal den IKKJE VERA LØS dei fyrste 3-4 vekene før den har blitt ein del av “ny flokk”!!!  Da vil den ved fyrste sjanse leite etter flokken sin- og spesielt om den blir skremt som denne samojeden vart.

– Når ein hund fyrst forsvinner så ikkje tru at “den dukker nok oppatt”..  Ikkje alle hunder finner vegen heim att, nokon er kanskje henta inn av andre eller forsvinner lenger og lenger vekk fra heimen.  Og sjølvsagt er faren stor for at det kan skje noko undervegs.

– Ring politiet om du har mista eller funne ein hund!  Evt få avlest chip hos veterinær.

– Bruk facebook sine “hund savnet” grupper.

– Og for all del- slutt å bitte hunder utenfor butikker og lignande.  Det er ikkje lov, ikkje alltid greit for hunden eller dei som skal passere. Men det verste er at hunder kan bli stjelt!

– TREN hundane på INNKALLING og å PASSERE andre hunder!

I uka som gjekk skulle eg hjelpe ein eiger der hunden utagerer/gneldrer på andre hunder som passerer.  Det tok ikkje lang tid før det kommer nokon med hund og dei kommer rett mot oss.  Hunden føre og eiger etter.  Eg sa at vi ikkje ville at hundane skulle hilse og mannen spør fleire gonger om dei ikkje skal få hilse, han trudde ikkje sine egne ører  😦  Han mumla noko om at det ikkje er rart hunden “vår” var frustrert.

Tenk der står hunden vår og bjeffer for harde livet, og om det er fordi den er sinna eller for at den er hyperivrig og vil fram er det uansett ikkje greit å la dei hilse da.
Det synes eg hunde-eigere bør forstå og i alle fall respektere at andre ikkje ønsker.

Møter vi hunder på tur så lær hunden at den skal ta kontakt med deg og gå fint forbi i staden for å dra seg mot/bjeffe på hunden som kommer!  

Om hundane ikkje er vant til å få lov å hilse/springe bort til andre er det stor sjanse for at dei heller ikkje gjer det om dei kommer seg løs heller.

Dette er å SOSIALISERE hunden!  Det er totalt misforstått at å sosialisere hunden er å få hilse på alle!

Eg anbefaler å la valper spesielt og eventuelt voksne hunder hilse/leke når hunde-eigere har AVKLART at det er greit og da på ein trygg plass der dei kan vera løse, ikkje hilse i band.  Og husk at ikkje alle hunder er ok å slippe sammen med andre, og ikkje alle hunder er like opptatt av å vera sammen med andre heller.  Ofte er det eit større behov hos eiger.

Sjølv har eg ikkje sansen for løs-slipp der hunder i alle størrelser og ulike typer springer på løst og eigerne sitter meg ryggen til og drikker kaffi.  Eg vil heller velge kven mine hunder skal vera sammen med på den måten, ikkje alle hunder har like god kjemi.

Om folk vil at hundane skal hilse på andre hunder så er det egne sletter/plasser der folk veit “kva dei går til”.  Da er hunden også i ein setting der det er “avklart” og greit.
Men å gå på tur langs vegen og la hunder hilse på annan kvar hund blir dumt.  Ikkje er det bra for hunder å hilse i band og fort blir det veldig masete og fokus på andre hunder dei må passere.
Hunden har ikkje behov for å hilse på alle om ikkje eiger godtar eller rettere sagt legger opp til det.

Så eg anbefaler folk å reflektere litt over åssen hundehald en ønsker, og ikkje minst hvilket ansvar man har som hunde-eiger.  Anbefaler alle å gå minst valpekurs og lese nyere litteratur om hundehald.

No reiser eg avgårde på hundetrening med mine der hundane mine blir ekstra opptatt av meg når dei ser dei andre hundane.  Da vanker det trening, godis og kos med meg  🙂

Nokre av hundane får gå tur/leke sammen etter trening om vi ønsker det.  Men hovudfokus er å gå spor, feltsøk og ulike øvelser i freestyle og LP- og hundane våre stortrives med det.

Sånn ønsker vi å ha det på våre Gnisten-treninger.

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

2 Responses to Hunder på løst… og “håpløse eigere”..

  1. sigerdriva says:

    Mange gode poeng her Eva !

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s