Denne lille jenta Hyjenaz Piggelin kom litt “tilfeldig” til oss. Det vil si at eg var ikkje akkurat på leit etter valp enda men så vart det ein avbestilling fra dette kullet.. Eg har hilst på mor og sett ho i konkurranse for nokre år sidan i Kongsberg og virkelig digga den kvikke, smidige, glade og flinke aussien som tok Norsk Championat i HTM den gongen. Så når det vart ein ledig valp så vart fristelsen for stor- heldigvis ❤
Litt smågal..
1 mai var den store dagen eg skulle hente lille Piwi som er fra Umeå i Sverige- da kunne ho hentes på flyplassen i Gøteborg.
Dagen før fikk eg beskjed om at reisefølget ikkje kunne bli med likevel, og bilen som skulle fiksast på verkstad vart ikkje ferdig pga at det kom feil deler… Eg vart mildt sagt svett 😦
Heldigvis stilte ein kollega opp som reisefølge men kunne ikkje avlaste ang kjøring. Så natta før henting sov eg knapt i det heile- da fikk eg for meg full stopp ang bilen, valp som kom til Gøteborg uten at eg kunne hente osv osv.
Om morgonen var eg så hinsides trøtt, kvalm og hadde vondt i heile kroppen. Åssen eg skulle klare å kjøre tur/retur Gøteborg såg eg ikkje for meg.. Vi begynte å kjøre og fyrst etter ein time kjente eg at det letta og at det var forsvarlig å fortsette turen- om ikkje måtte vi snudd og ikkje minst avverge at valpen kom med på flyet.. skrekk og gru!!
Kjøreturen gjekk over all forventning, og fyrste møte med denne jenta overbeviste meg om at det var vel verd alt styret i forkant. Så herlig, trygg og go ❤
Vi lufta ho litt på flyplassen og satt ho i bilburet medan vi spiste bak i lasterommet med ho. Vi hadde tenkt å lufte ho litt til før avreise men ho låg allerede på rygg og sov så vi starta på vegen heim, så trygg og avslappa jente.
Vel heime har ho blitt tatt godt i mot av alle hundene. Ho imponerer og sjarmerer meg med sitt herlige vesen kvar dag, og ikkje minst virker ho veldig våken og arbeidsglad.
Juba og Piwi kler kvarandre ❤
Kanskje vi satser på felles freestyleprogram med desse to 😉
Mikke er som alltid grei med andre hunder samtidig som han sier fra om ho blir for voldsom. Emmi er i overkant tolmodig og leiken så der må eg stoppe dei meir for at det ikkje skal ta heil av.
Er med andre ord så godt fornøgd med denne lille jenta og takknemmelig for at ho har funne seg så godt til rette hos oss ❤