Da har eg vore på et av tidenes beste kurs med Maren Teien og Jørgen Rørvik.
Eg såg dette kurset vart annonsert seint ein kveld februar og hadde høyrt masse lovord om det, så eg melde meg på med det samme eg såg det. Hadde tenkt å spørre andre om å bli med men allerede dagen etter var det fullt.
Kvelden før kurset måtte eg fikse på hønsegården her sånn at eg trygt kunne reise fra, og eg vart ikkje ferdig før kl 01.00 på natta. For dei som kjenner meg så er dette veeldig seint for min del og frykta at eg kom til å streve med å følge med på kurset, men der gjekk det unna fra kl 10.00-19.00 på kvelden- veldig engasjerte og underholdende instruktører.
Her var det ikkje snakk om ulike metoder og teknikker men meir heilskapelig trening med hund, og sjå an den hunden du har. Og ikkje minst sjå mest på deg som fører….
Dette er sånt eg berre elsker å høyre. Vi har så alt for lett for å kritisere hunden når vi ikkje lukkast i treninga eller spesiet konkurranser. “Hunden melder seg ut, den KAN øvelsane men gidder ikkje høre” osv. Og når folk flest er så drit dårlige med timing og belønne bra når hunden gjer rett- ja da sier eg det igjen- skrekk og gru for dei som bruker korrigering med heilstrup, klyp i øret, brøling osv når timinga er dårlig.
Det blir heilt umulig for hunden å skjønne kva vi vil, og den blir straffa fordi trenerne ikkje klarere å formidle kva som er ønska. Fy skam!
Elles trur eg mange tenkjer at eg har god kontroll på Juba, vi har komt langt ang konkurranser og vi trener positivt. Stort sett veit eg jo at vi klarer oss bra, ho takler masse forstyrrelser om EG er trygg på miljøet rundt- men eg veit også kor dårlig eg kan bli som fører om eg blir stressa, og at dette påvirker Juba. Spesielt ille er det med tanke på det eg ikkje har kontroll på, som for eksempel folk som er slepphendte med hundane sine. Når eg ikkje kjenner hundane/folk så aner eg ikkje kva som kommer til å skje- har opplevd mange uheldige episoder med naive eigere.
Så det å ha Juba 100 % fokusert på meg uansett kva som skjer rundt oss var min “bestilling”.
Og like før eg skulle gå med Juba møtte vi på ein løs hund og eigeren ropte nokre gonger uten at hunden sprang heilt inn til ho.. eg sa fra om at hunden burde vera i bånd men fikk til svar at hunden springer ikkje bort til meg… gjett om det er noko eg har høyrt og erfart før…
Dette var nok til at eg fikk stresset i meg og vart den dårligaste hundeførerer-utagaven av meg sjølv. Eg vart masete på Juba og vi var ikkje på nett når eg gjekk inn i ringen. I tillegg kom Jørgen mot oss med noko flagrende rundt seg og Juba vart litt usikker/vaktsom, og eg enda meir masete..
Men det er akkurat desse uforutsette tingene eg trenger hjelp til- det å takle følelsane/stresset/maset -og det fikk eg. Eg stolte på at instruktørane kunne lese hunden og få meg til å gjera dei rette tingene- for det er jo FØRER som må endre adferd om det skal bli bedre. Når eg blir hektisk og stressa så klarer eg heller ikkje konsentrere meg om det eg får beskjed om.. hjelpes så håpløst klønete det føltes- eg veit jo ein heil del i teorien kva eg bør gjera og ikkje- men det å GJERA det og så presist, bestemt og med ein trygghet når det gjelder er ikkje lett uten å få hjelp. Det er ein ting at det glir glatt når det ikkje skjer noko uventa på stevner/treninger- men når det skjer må eg takle det, om ikkje så ødelegger det for vår prestasjon i ringen.
Legger inn film fra vårt treningspass på ca 25 minutter nedklipt til 4 minutter HER
Filmen har blitt vist over 100 gonger allerede og eg har fått mange positive tilbakemeldinger på at eg la ut filmklipp med meg sjølv på det aller dårligste- som oftst vil en klippe og vise det beste. Men i denne sammenheng synes eg det er så viktig å tørre vise det dårlige- at en må jobbe med seg sjølv som FØRER og ikkje klandre hundane i sånne vanskelige situasjoner. Når vi takler det dårlig- kvifor forvente at hunden skal takle det bra??? Eg ser så mange som er urettferdige og stiller krav til hunden tross at fører ikkje mestrer sin del av oppgåva 😦
Veit eg har vore urettferdig/utydelig sjølv også i pressa situasjoner- men å tru at det hjelper å straffe hundane da er meiningsløst.