Bilder av vakre Yoric

Legger inn bilder som er tatt av Camilla Lien- “mamman” til Mia.

Vakre vakre Yoric!

Sukk!

Nydelig gutt- både inni og uttapå!

Yoric  forelsker seg i Mia!

Yoric tar LITT av!

Galegutten!

Prinsesse Mia vil bli behandla PENT!

Eg får grave deg ned!!!

Her kom du igjen!

På an igjen!

Litt søt da!

Vil du leke med meg Mia?

Liker deg litt da  🙂

Denne gutten er berre heilt spesiell, ser det klarere for kvar dag at dei som får overta Yoric er heldige!

Det tok vel akkurat eit halvt minutt så var Camilla også frelst  🙂

Men eg må innrømme at eg begynner å bli sliten av all organisering, turer og trening i heimen.  Det er reine maraton!
Det blir lange dager og fram til no har Yoric vore med på jobb så han har fått ein kort tur i pausen, eg har lufta han i parken før eg har reist heim og så er det dei andre hundane som krever sitt- pes.  For meg er dette ganske heftig-  eg får knapt tid til dei korte “powernappane” mine.  Det blir som oftast ein brødskalk i handa før eg legger spor e.l  for Juba og Yoric + litt leik og trening med mudigutta.  Så i tilleg til manglande pauser så blir det seine kvelder- og DET er vel det verste-har berre kubba på sofaen når eg endelig er ferdig med hundane.

Eg ser no at Yoric ønsker meir enn han har gjort- han fortjener at det skjer enda meir enn det eg har kapasitet til.  Eg føler også at det går ut over dei andre når han får såpass masse av min tid.

Så no presser det seg fram at eg må finne ei løysing på situasjonen- og eg veit det blir knall tøft!  Yoric har virkelig vist seg å vera ein herlig og sjarmerande gutt, og han har så mange gode eigenskaper.   Trur aldri eg har møtt ein hund som er så våken, førbar og vannvittig kjapp!  Blir så glad når me trener- det er lissom berre eg som finnes i hans verden da  –  SUKK!  Og her om dagen så forsvant han inn i skogen og eg ropte på han.  Når han ikkje kom med det samme ropte eg ein gong til litt høgere- og da kom gutten springande i sittestiling.. stakkars gutt- får ikkje gå på do i fred ein gong  :-p

Så eg må sei at eg har virkelig har hatt det moro og fått masse igjen for denne tida med Yoric- me har så god kjemi og han har lært meg masse!  Eg forhaster meg ikkje- men det er viktig å tenkje vegen vidare-han fortjener meir oppmerksomhet og aktivisering enn det eg kan tilby no.  Hadde eg hatt mulighet så hadde han blitt her hos meg.

Om nokon ønsker meir info så ta gjerne kontakt.  Om de leser tidlegare blogg om Yoric så er det fortsatt ting som må jobbast med, han trenger ein erfaren eiger men han er så trenbar og førbar at i rette hender er han heilt kanon bra sånn eg ser det!

Håper Yoric finner sitt nye hjem snart- det fortjener han!

Eg har nokon som er int i gutten, det kan bli klaff men det er ingen garanti.  Aller helst ville eg hatt gutten i nærheten, men eg skal stålsette meg å velge det som vil fungere best for gutten.  Om nokon har interesse av det kan de lese om kullet hans på oppdretter sin heimeside og ikkje minst i bloggen som ho har skrive denne uka.  Link HER

Legger inn film av ABBA-guttane “mine”  Jethro og Winner HER.   Winner går bokstavlig talt på tryne stakkar- men han tåler ein trøkk den gutten!
Om eg får det til legger eg ut film av Yoric i morgo  🙂

1 Response to Bilder av vakre Yoric

  1. Pingback: Bilder av vakre Yoric | lillivo

Leave a comment