Henger litt etter med blogging etter ein innhaldsrik og fin sommer. Har mange ting eg vil fortelle om men no tar eg årets happening innan freestyle fyrst 🙂
Fleire år har vi no hatt stevner ved Kanalcampingen og vi arrangerte sommercamp i juli for 2 gong på Søve. Det er så fantastisk flott her i Telemark og folk kommer fra fjern og nær når vi arrangerer noko her. Dei fleste bur da på vandrerhjemmet i Lunde eller ved campingen og der blir folk godt tatt i mot.
Dette året leigde vi inn Anita Axelsson fra Sverige og Leena Inkila fra Finland, to fantastisk dyktige instruktører som hevder seg i toppen.
Eg ser mange har blogga om opplegget så føler ikkje at eg trenger å skrive så masse om det, heller juksa litt og linke til fleire blogger 😉
Sommercampen er noko vi har planlagt og sett fram til lenge, det er mange ting å huske på, vil at alt skal gå på skinner, spenninga er stor og forventningene skyhøge 😉
Godt å oppleve at instruktørene var så samkjørte og godt forberedt, dyktige og flinke til å organisere oss!
Som alltid er det moro å sjå freestylefolket igjen og ekstra moro med nokre nye ansikter.
Vi delte oss inn i to grupper og hadde heile dager med kvar instruktør. Søndagen hadde vi felles og da var det konkurransetrening.
På fredagen var eg sammen med Leena og ho hjelpte meg og Juba videre med øvelser vi har trent på, men med små detaljer og meir ro løsna det masse for oss 🙂
Lørdagen var eg på gruppe med Anita og det var mildt sagt flying start for meg og Emmi.. Før eg reiste avgårde heimefra kom det folk innom her så da blir eg litt sånn stressa med alt eg skulle huske på. Vi kom litt for seint på plass og vi vart kasta inn i ringen der vi skulle gjera ulike øvelser ved kjegler, skilt osv og det skulle vera flyt.. og vi skulle ta tida. Eg vart heilt svett før eg kom i gang og det vart heller ikkje bedre undervegs. Emmi var jo sikker på at ho skulle gjera diverse sprell på desse plassane og vart heilt satt ut når ho måtte gjera andre ting. Eg hadde virkelig lyst å springe av banen men turde ikkje det heller 😛 På den siste stasjonen skulle hunden oppå bøtta men da hadde jo Emmi skjønt at vi ikkje skulle røre alle desse rekvisittane da- så ho lot seg ikkje “lure” :-p
Ja ja- kort fortalt gjekk det bedre runde nr 2 og eg veit no kva eg bør trene på med Emmi framover 😉
Fredag og lørdag vart to lange dager, søndagen var kort men effektiv. Da var det konkurransetrening og vi skulle kun komme med tilbakemeldinger på det som var bra.
Eg og Juba fikk prøve oss på “ekte konkurranse”, fikk utfordringer ang musikken som ikkje ville starte osv. Da blir en fort satt ut i ringen men det er knall god trening. Og det beste av alt var at vi klarde å overbevise folket om at vi hadde kontroll, fornøgd 🙂
Når vi kom til tilbakemeldinger ang konkurransen var nok folk veldig slitne men fornøgde. Så når det hagla med positive tilbakemeldinger og applaus så rann tårene hos dei fleste. Det vart ein fantastisk god avslutning på campen vår, nesten magisk.
Laga ein film fra søndagen, mange herlige ekvipasjer!
Link HER
Det er så godt miljø der alle støtter og heier på kvarandre.
Takk til alle som gjorde denne helga så fin, og takk til instruktører som hjelpte oss alle nokre hakk videre.
Legger til nokre linker fra andres blogger om kurset vårt her:
Nina Haaland har skrive her.
http://hundetreningifokus.blogspot.no/2016/08/styggen-pa-ryggen.html
Vigdis Bever Larsen har skrive her:
https://busterogbonso.blogspot.no/