No har eg lasta ned filmen av Atillus etter oppvisninga i Bø. Me hadde ikkje så fyldig program så me imponerer ikkje stort, men eg har fått ein del kommentarer på at det var ikkje ein lyd i Atillus :-p
Veit ikkje heilt korleis eg skal tolke det…? Flinke pga av at han klarer å holde kjeft.. hmmm.
Men når det er sagt så er det faktisk ein prestasjon i seg sjølv. Atillus bikker fort over i stress, og er ein heftig liten sak. Og når han har sett alt av dingledanle greier, kuler og baller som var i lokalet så tar han heilt av! Da blir han frustrert (les forbanna) om eg belønner med godbit- han vil ha JULEKULE! Så for å få han på nett så kutta eg rett og slett ut belønning i programmet og det gjekk så mykje bedre!
Linken til filmen ligger HER.
Dette var virkelig ein utfordring.. Når me har oppvisning med hundane i desember er det heilt nødvendig at det skal vera RO, det må vera behagelig og lett underhaldning for folk som gjerne er stressa i julestria. Da tenkte eg at programmet med Atillus kunne vera mindre innhaldsrikt for å safe at han ikkje går seg opp og lager lyd når det går litt for fort i svingane. Hadde me hatt bedre tid hadde eg trent inn litt fleire øvelser i dansen.
Elles var eg til behandling igjen med Lilly i går og ho er veldig mykje bedre i nakke og rygg. Ho skal haldast i ro to veker til sånn at det setter seg litt bedre. Ho har treningsfri nokre dg til men eg måtte berre teste litt i dag, og jøss så sprek ho er ! Ho har jo ein heilt annan balanse enn på på lenge!
No vart eg akutt trøtt igjen så da er det natta! Legger inn fleire filmer i morgo.