10 ÅR PÅ SVENSEID

Det er heilt villt- i sommer var det 10 år sidan eg og Sølve flytta til Telemark.  Årene har gått fort og vi har opplevd masse på både godt og vondt.  Eg får stadig spørsmål om dette ang flytting, å bu på eit småbruk og åssen eg trivast på ein heilt ny plass.
Veldig mange spør fordi dei innerst inne kunne tenkt seg å prøve noko nytt, og ekstra spennande med småbruk sjølv for dei som aldri har vist så stor interesse for dyr.  Dei aller fleste eg har snakka med har det som ein drøm og lar det bli med det.  Ofte er det mange hensyn å ta i forhold til familie, jobb osv.  Det blir for mange eit stort steg å ta men for oss var dette heilt rett sjølv om ikkje alt har gått på skinner.

For 5 år sidan skreiv eg dette i bloggen- og dette beskriver frihetsfølelsen og gleden av å få denne muligheten,  A dream came true  ❤

“Ja i dag er det 5 år sidan me kom flyttande hit til Svenseid.  Det var fredag den 13 juli og  det føltes som om det var min lukke-dato!

I min iver etter å komme på plass på mitt lille småbruk kjørde  eg i hundre forbi bakketoppen her på svenseid – Sølve kommenterte i forbifarten at det ligna på vårt hus, som han da kun hadde sett på prospektet.  Jada svarde eg så kjekt, det er fleire hus med den fargen her i området og kjørde vidare…

Nokre minutter etter  ringde eg min kjære bror Vidar for å høyre om han visste kor eg var, han er jo eit levande oppslagsverk og har som oftast full kontroll på kor eg befinner meg..   Han ante ikkje kor eg var på dette tidspunkt men meinte han hadde sett ein grønn renault som forsvant i 120 forbi huset mitt… Så da måtte me altså snu for å finne vår nye heim…

Tunet var fullt med gode  hjelpere og  uventa  gjester – og alle fekk seg sjølvsagt ein god latter når me kom :-()   Huset vart kjøpt over ei helg 2 mndr  før så eg kjente meg ikkje heilt igjen i forbifarten nei.

Det var eit enormt flyttelass me hadde med oss,  og eg såg for meg ukevis med pakking og  rydding- men trur de ikkje at det meste var på plass i hyller og skap når me kom.  Det var heilt uvirkelig!  Kjekt med så mange gode venner som ville hjelpe til!

Det var heilt utruleg å stå opp dei fyrste dagene her på Svenseid.  Huset var fullt med familie og gode venner, så det føltes absolutt ikkje som at eg hadde flytta til ein fremmede plass.  Eg kikka ut kjøkken vinduet kvar morgon og nytte synet.  Det var masse fugler og ekkorn i trærne rett utenfor, rådyrene tusla på bakkane , gjøken gol, uglene ulte og hauken jakta på mat.  For eit dyreliv på tunet- heilt idyllisk!

Men det vart heller fort stopp på det yrande dyrelivet etter kvart som hundane vart husvarme, så no har dei ville dyrene trekt seg litt lenger opp i skogen, og det er jo helit ok.

Så fyrste tida her i Telemark var berre fantastisk!  Følte virkelig vi falt til ro og koste oss her både to og firebeinte.   Følte oss liksom heime med ein gong.  Og for hundane var det eit eldorado, stor treningsbane og ein heil skog å boltre seg i  🙂

Mykje har skjedd desse årene, på godt og gale.  Idyllen har nok fått nokre riper i lakken,  det har vore mange tøffe tak og det er ikkje fritt for at eg har vore innom tenkeboksen nokre gonger.”

Når eg ser tilbake på dette blir eg både glad og trist.  Skal ikkje gå inn på detaljer, men det er greit å ta med at det ikkje berre har vore idyll.  For når folk spør åssen eg har opplevd det å flytta fra noko kjent til ukjent så er det viktig å få fram både godt og gale  🙂
Når det stod på som verst pga heilt uforutsette tøffe tak så balla det på seg så masse at eg ein kort periode ikkje visste om eg hadde kapasitet og ork til å fortsette å bu her.  Alt vokste over hode på meg sjølv om eg følte eg stod på og gav alt.
Men eg er heldigvis født med ein god porsjon vilje og optimisme som har vore ein god ballast  😉

Eg vart fort kjent med nye mennesker og folk i bygda visste fort kven denne “tøffe vestlendingen med hundene” var  😀  Eg meiner sjølv at det å flytta fra eit fylke til eit anna ikkje var spesielt vågalt, vi snakka tross alt samme språk og har ein felles kultur, eller?  😀
Men jammen vart det til tider misforståelser ang dialekt og elles heilt andre “kulturer” innan ulike miljø som kom overraskende på meg.  Tenkjer da at det må vera mykje å lære for folk som da kommer fra andre land ja!

For meg var største nedturen ang kultur at det var mange som ikkje var heilt oppdatert ang kunnskap om dyr og hunder spesielt.  Fleire som trente brukte harde metoder og det var vondt for meg å sjå.  Mange av hundene budde også i hundegårder eller sto bitta utenfor huset, og det var ikkje kvar dag dei fikk trening eller tur  😦
Dette resulterte i at eg registrerte Gnisten Hundeskole som tilbydde kurs og felles treninger for at folk kunne møtast og trene sammen på ein bedre måte.
Når eg klarte å snu noko av det eg opplevde negativt til å føle at eg kunne bidra positivt så gav det ei meining for meg.


Dette bildet av meg, Ivo og Lilly vart tatt av journalist i Varden som skreiv om den “hundegale vesltlendingen som ikke gjorde en mine til å reagere da det begynte å regne”  😀

Ei annan utfordring er å etablere seg på nytt.  Gjennom 10 år på ny plass har det naturligvis kommet og gått mange nye mennesker.  Nokon er f.eks aktive og holder kontakt så lenge dei trenger hjelp og har hund å trene, andre holder kontakten sjølv om dei ikkje lenger har hund for å si det sånn  ❤  Dette gjelder sjølvsagt på mange plan.  Nokon mister man kontakten med når vi  ikkje lenger trener sammen, har eit felles miljø eller arbeidsplass med, andre holder vi kontakten med uansett  ❤  Det å etablere nye gode vennskap tar jo tid.  Veldig glad for mange nye bekjentskaper og dei gode vennene eg har fått.

Føler at vi etter 10 år har slått rot her på Svenseid, eg stortrives med å bu som eg gjer og er veldig takknemlig for at eg har denne muligheten.  Liker dyrelivet og den fine naturen rundt oss og ikkje minst å holde så aktivt på med hobbyen min som er hund  ❤
Og elles det å ha høner og katter på tunet  🙂

Så eg har vel aldri angra på det valget vi tok for 10 år sidan- men har så vidt vore innom tanken på om eg hadde tatt meg vann over hodet i starten ja.  No har eg kommet ovanpå og fått gjort unna mange ting både inne og ute på bruket.  Det kjennast bra  🙂
Sølve har kjøpt egen leilighet og trives godt så eg kan ikkje sjå for meg at det kunne blitt stort bedre  🙂

Veit mange er redd for å miste kontakt med familie og venner om dei velger å flytte på seg.  Det er klart at eg også savner å sjå dei nermaste oftere men her har eg god plass og får gjevnelig besøk fra vest.  Vi trives altså godt og eg unner fleire å kunna følge sine drømmer  😉

 

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s