FS-stevne i Sandefjord

Eg har tatt masse bilder og film i helga men det tar tid å laste og redigere, og spesielt når dataen streiker innimellom.

Her kjem film fra søndagen, da klarde var marginen på vår side  🙂
Trudde ikkje det holdt til opprykk denne gongen sidan det vart så masse nafsing/hopping- men det gjekk akkurat, PHU!
Eg vart litt handlingslamma når ho begynte å nafse- ho trudde sikkert ho skulle få litt betalt sidan eg vart så glad  :-p

Snurr film:

http://www.youtube.com/watch?v=6TzjZ6YpqJM&list=UUcboPJxtdBcq-Dj29jitEvw&index=2&feature=plcp

Denne dagen holdt det akkurat- det var ikkje så langt fra disk..

Her synes eg at eg ser ei røøøød sløyfe- YES!  Hadde ikkje forventa det denne dagen- fokuset var å få ein gog opplevelse i ringen etter lørdagens nedtur..  og uansett farge på sløyfa så var eg fornøgd med at Juba var meir på, men det er likevel langt fra det samme om ho hadde vore heilt frisk.  Ho er enda innbilt drektig og har plagast med kløe og uro- så eg synes alt i alt at ho beviser kor stort potensiale som ligger i ho.  Flink og spesiell jente!

På lørdagen var Juba meir urolig, klødde og var utilpass.  Me prøvde å få til noko lite i ringen men det var heilt døfødt.  Me måtte berre bryte, eg fekk liksom ikkje til noko som var så bra at eg kunne bruke det som belønning og springe ut av ringen heller  😦

I oppvarmingsringen, jobber veldig bra nokre sekunder om gongen..

Legger med film fra lørdagen:

http://www.youtube.com/watch?v=J8hWoCQEG58&list=UUcboPJxtdBcq-Dj29jitEvw&index=3&feature=plcp

Det er ikkje vanskelig å sjå at jenta plages og klarer ikkje jobbe  😦

Her er me ferdige med vår opptreden, og det ser ut som Juba med sin breiflabbmunn synes det er på høg tid med meir belønning  🙂
Eg ha merka meg KVAR gong desse få konkurransane med Juba at da er ho mykje meir PÅ når me går av banen.  Ser og veit så vel at eg blir masete og intens på ho i staden for å ligge meir “bakpå” og la ho jobbe for meg.  Og sånn er det som oftast- førerfeil og lite rutiner på å gå i ringen.  Likevel har det vore ekstra vanskelig å la vera å mase på desse dagane når ho har vore så ufokusert.

Kan hende det lønner seg å gå over på denne sida..?

Elles er det mange som lurer på fotposisjoner i HTM.  Dette krever nøyaktighet for at det skal sjå fint ut og det er kanskje vanskeligere enn det ser ut til.  Ser spesielt at dette må jobbast riktig inn for Juba som har så lang rygg..  står ho 10 cm skjevt ut fra mitt kne så viser det veldig godt.  På Lilly blir det mindre synleg pga størrelsen men også for at ho logrer heile tida med heile kroppen..  Som type føler eg det må vera meir krav til Juba på HTM enn Lilly.  Ein annan ting er at hunden ikkje ser ansiktet heile tida men må følge med på forflytningane uten å sjå fører som på fot.
Tidlegare hadde eg ikkje spesielt sansenn for HTM, men Juba er så flink at eg føler me går på fram trass masse nøyaktighets arbeid.

Elles har eg mengder med filmer og bilder men det kjem etter kvart, det tar tid  🙂

Til helga er det stemne her i Lunde og det gleder eg meg veldig til!

I går når eg trente med Juba så virka ho meir til stades og normal igjen.  Så no satser me på at det blir bra flyt i programmet sånn at dommarane blir nøgde!
Har til og med lagt inn ein ny vri  🙂

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s