Folks innsikt i eigen hundetrening..

Leser stadig i blogger og på FB om folk som anbefaler eller fraråder å gå kurs hos enkelte instruktører, det er ein jungel der ute og kven skal en oppsøke for å få hjelp?  Og hvem anbefaler hvem?

No har eg gått ein del kurs sjølv og har sett mange varianter av tilbud og ikkje minst priser. Det er ikkje alltid at pris står i forhold til innhald heller så det kan vera lurt spørre/sjekke litt rundt ja.
Men åssen finne kurset/instruktøren som vil passe deg best?

Dei siste årene har eg vore på fleire kurs der det har vore høgt nivå blandt deltakerne, eg har lært veldig masse og vil berre trene/lære enda meir.
Det som har slått meg mang ein gang er at dei som har minst kunnskap på desse kursene og da gjerne skulle fått mest utbytte (?) av det har vore misfornøgde..
Det hender at eg får litt hakeslepp da..

Eg har sett folk få god hjelp, tydelige forklaringer og likevel er dei misfornøgde med instruktøren…  å sjå seg sjølv og eigen handtering av hund/trening er ikkje tema…  neida- får en det ikkje til så er det sjølvsagt noko galt med instruktøren…  og i neste omgang hunden..?

Andre gonger har samme personene fått hjelp av instruktører som bruker heilt andre metoder for å få hunden til “å forstå” og er så fornøgde med at hunden da har slutta å hoppe, går fint FOT (men med halen mellom beina) osv.
Det som skremmer meg mest er at nettopp mange av desse folkene er dårligast på timing, på det å lese hunden, på å gi tilpassa tilbakemeldinger og sjå sin eigen rolle/påvirkning oppi dette – og så tyr dei til korrigering og straff..    skekk og gru!
Det er ein ting å sette grenser for hunden, ta styringa, stoppe den, vera tydelig når den gjer noko uønska- men å lære inn ulike ting med å straffe hunden fysisk er ikkje greit, og spesielt ikkje om folk er så lite flinke med timing og å lese hunden.

Ein usikker hund som for eksempel utagerer mot andre blir heller ikkje bedre av å bli straffa/gå med heilstrup.  Men også der har eg sett folk få god hjelp til “sladretrening” som er å få hunden til å ta kontakt med fører/få belønning og passere andre hunder fint og få positive forventninger ang møtande hunder -og da uten at dei kommer i mål…  er det da instruktøren eller den metoden som er feil?  Kan det hende at vedkommende ikkje evner å forstå budskapet og ikkje mestrer å gjennomføre øvelsen..?
I alle fall er vedkommende godt fornøgd med heilstrup og straff- dei hadde berre ikkje gjort det “tydelig” nok og no er hunden ein heilt annen…
Sorgens kapittel når det blir på det viset.

Men god hundetrening er ikkje lett- det krever at du er engasjert, reflektert, har innsikt, er tolmodig og har evnen til å sjå din egen rolle, noko som er mangelvare hos mange hunde-eigere.
Når eg sjølv har hatt folk på kurs så har eg ofte fått høyre at eg må ha uendelig masse tolmodighet med folkene ikkje minst  😉  Og ja eg har det så lenge eg ser folk er oppriktig interesserte i å lære, da er det greit for meg at det tar tid, at dei har ti tommeltotter og ikkje hører etter kva eg sier- at eg må gjenta ting mange gonger før dei skjønner…
(her er film ubetalelig )
Ofte trener vi ein om gongen på kursene og folk lærer av å sjå på kvarandre også.  Og for all del- eg har vore nybegynner sjølv og veit åssen det er.
Fortsatt kan eg føle meg som nybegynner, klarer ikkje få med meg alt når eg skal lytte til instruktøren, følge med på hunden, andres hunder og tenke på kva puplikum må tru osv :p
Det er noko anna å trene for seg sjølv på tunet ja  😉
Men å bli irritert, stressa og attpå til kreve at hunden skal oppføre seg/høre etter når en knapt klarer det sjølv i utfordrende situasjoner blir urettferdig. Og urettferdig har eg jammen vore mang ein gong  😦  Men for at ting skal bli bedre må det litt erkjennelse til, sjå på min egen rolle og åssen eg påvirker min hund.

Eg legger ut filmen av meg og Juba fra forrige blogg enda ein gong- synes den illustrerer så godt det eg vil fram til med denne bloggen:  om man er dårlig til å time/belønne/forklare hunden kva du ønsker- ja da er det katastrofe om en tyr til straff for alt den gjør galt om timinga er like dårlig på det..
Som hundetrener er det viktig å kunne sjå seg sjølv oppi det heile- det er der nøkkelen til endring ligger.  Om eg stresser rundt, viser at eg ikkje stoler på hunden osv- åssen kan eg få ein hund som er rolig og forstår kva eg ønsker da??

HER er filmen.

Legger også ut ein film av meg og Emmi på hennar fyrste konkurranse.  Ho er 1,5 år og har aldri vore i denne settinga før, ho hadde vore innbildt drektig tida før konkurransen og eg hadde nok erfaring i bagasjen til å skru ned mine forventninger da- heldigvis.
Eg kunne fort droppa å legge ut ein sånn film og vente til vi virkelig hadde noko å vise til, men poenget er å vise at vi har ein vei å gå- det krever ein heil del for både hund og fører å komme seg i konkurranse-ringen uansett hundesport.
Det kan sjå så lett ut og mange stiller nok i konkurranse før dei er klare, det blir ein dårlig opplevelse og veldig mange dropper ut på vegen 😦
Det hender at folk legger skylda på hunden, begynner å kreve når den ikkje forstår eller er trygg nok i settingen osv, og da er vegen kort til dei som tilbyr “quik fix” og bra oppførsel/øvelser på kort tid- og det er ein ting om instruktøren klarer det med å stille større krav til hundefører og ikkje berre hunden..

Ved å vise filmen med Emmi som sjølvsagt kan ein del så viser eg at vi fortsatt har MASSE vi må trene på før ho mestrer å gjera eit program i ringen! Vegen kan vera lang før hundene mestrer å gjennomføre det dei skal i ein sånn setting.
At ho fikk ein god opplevelse i ringen- og holdt seg der var viktigere for meg enn at vi fikk ei rød sløyfe denne dagen.
Og det viktigaste av alt- det er ikkje Emmi sin feil at vi diska- og det hjelper ikkje å kreve at ho skal fikse noko ho ikkje er klar for.
Det er kun ein måte å bli bedre på og det er å trene meir, bedre og over alt –  og plutselig ein dag fikser vi det meste  🙂

Legger inn filmen av oss HER

Eg og Emmi skal ha det moro sammen i mange år framover så eg skal gjera så godt eg kan med å vera rettferdig og morsom hundetrener for ho.  For meg er det heilt klart viktigere med ein glad, nysgjerrig og sjarmerende ung hund i ringen som disker og får ulike farger på sløyfene enn ein som går perfekte øvelser uten glede og sjarm.
Men ein vakker dag er eg sikker på at Emmi kommer til å gå nydelig HTM, med logrende hale og masse sjarm  😉
Berre vent- vi kommer sterkere tilbake  🙂

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

One Response to Folks innsikt i eigen hundetrening..

  1. sigerdriva says:

    Du Eva du Eva! Du er klok 😉 Dette burde vi tenke på oftere noen og en hver 😉

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s