No har eg vore lite aktiv ang blogging lenge- FB har liksom tatt litt over for blogginga.
Men eg ser at det stadig er folk innom min hjemmeside så eg tenkte å å ta meg opp att litt ang blogging da. Eg får mange tilbakemeldinger på enkelte innlegg eg har skrive på Gnisten sin side på FB og deriblandt dette innlegget eg skreiv om omplassering, derfor legger eg det også inn her i min blogg.
Som aktiv med hund får eg ofte høyre folks ulike oppfatninger om det at nokon velger å omplassere hundene sine eller det å overta ein omplasseringshund.
Eg blir stadig forundra over kor mange og bastante og dømmande meininger som er ute og går..
Om nokon velger å omplassere hunden sin så blir det ofte kommentert at det er egoistisk av eiger, at man burde tenkt seg om før man skaffer seg dyr, må planlegge minst 10 år fram i tid osv.
På den andre sida er det mange som er skeptiske til å ta i mot omplasseringshunder med argumenter som at “det er nok ein grunn for at dei blir omplassert”, “vil forme valpen/hunden min sjølv” osv.
For å starte med det å omplassere hunden sin- eg trur ærlig talt det er dei ferraste som gjer dette uten at det er godt gjennomtenkt. Ofte velges omplassering fordi hundehaldet ikkje vart som forventa, kanskje har dei valgt feil rase/ein hund som ikkje passa for dei, ofte oppleves hunden for krevande, eiger mangler kunnskap/verktøy for å takle den type hund, har hunder som ikkje går overens, og den mest vanlige grunnen er gjerne at livssituasjonen har endra seg.
Alle desse grunnene er som oftast heilt reelle men blir av mange tolka som “unnskyldninger” for å kvitte seg med hunden…
Fra min ståstad ser eg mange som strever i kvardagen nettopp fordi hundehaldet vart for krevande, enten fordi dei har for aktiv/arbeidsglad/krevande hund etter sine forutsetninger eller at livssituasjonen faktisk har endra seg. Synes heller mange strekker seg alt for langt for at hunden skal ha det bra, og dei fleste eg snakker med tar det som eit nederlag eller sørger over det å ta steget å gi fra seg hunden.
Og kven kan vel eigentleg sjå 10 år fram i tid? Livssituasjonen kan bli snudd på hue for oss alle når vi minst venter det.
Å kjøpe hund for fyrste gong er heller ikkje lett, mange ender opp med ein hund som ikkje passer for det dei ønsker eller har kunnskap nok om- og blir det feil for eiger så er det jo feil for hunden også- skal man da binde seg til å ha ein hund som ikkje passer i 10 år?
Eller skal hunden få ein ny sjanse til å finne seg ein ny heim?
Anbefaler sjølvsagt alle å tenkje seg godt om før dei skaffer seg hund for fyrste gong, men det kan også bli feil for dei som kan og driver aktivt med hund sånn sett. Uansett grunn synes eg det er fear at hunden får ein ny sjanse til å leve det livet den fortjener, og ære være dei hunde-eigerne som innser sin egen begrensning, tar tak og leiter etter ny passande heim for sin hund ❤
Det kan vera meir egoistisk å ikkje omplassere.
Sjølv har eg vore tvungen til å omplassere mine høgst elska hunder Ivo og Lilly. Eg bruker sjelden stygge ord- men det kan kun beskrivast som eit helvete- men det var uten tvil for hundenes beste!
“If you love them let them go” ❤
På andre sida er mange skeptiske til å ta i mot omplasseringshunder, og eg kan sjølvsagt forstå det. Når det f.eks annonseres 2 år gamle hannhunder pga akutt allergi i heimen bør kanskje varsellampene lyse, men det er faktisk mange greie hunder som trenger ny heim av ulike årsaker. Det hender ofte at eg anbefaler å sjekke opp i det når folk ønsker seg hund, spesielt travle småbarnsfamilier. Og det er mange grunner til det, valpetida er travel og det er viktig at den tida blir brukt godt for at hunden skal utvikle seg bra! Ein annan ting er at mange hunder ikkje heilt viser sitt sanne jeg før dei vokser seg til, og viser hunden da at den mistrives sammen med barn så blir det eit stort problem! Ein omplasseringshund kan du evt bli kjent med over tid, gjerne ha på prøve nokre dager/uker for å sjå om det føles rett. Som oftest er forrige eiger mest int i at hunden skal få det så bra som mulig og gir ikkje hunden fra seg før det føles rett for begge parter.
Dette vart eit langt innlegg- og avsluttes med å vise film av min høgt elska aussie-jente som eg måtte gi fra meg, ho kunne ikkje fått det bedre