Skrive litt om meg sjølv ja..
Eg har skrive om meg og mitt på heimesida mi så om nokon er int i å lese så står det litt under “om oss”- No er det over 4 år sidan eg skreiv og det har skjedd mykje her hos oss, og det på godt og vondt.
Når me kom hit var det som ein drøm som gjekk i oppfyllelse, sånne hus/tomter finnes ikkje på vestlandet, og sjølv her har eg ikkje funne noko eg ville ha bytta med. Men når det er sagt synes eg det er litt mykje å halde orden på- det er mykje arbeid med å holde treningsbanen fin til ei kvar tid og eg har eit veldig stort hus som skal holdast i stand. Så det hender det går over styr men eg trives med å stelle ute, og så lenge eg klarer det så klorer eg meg fast her på Svenseid 🙂
Etter at me flytta hit har me sett vårt preg på huset innvendig og utvendig. Ikkje så store ting men det er malt i nesten alle rom og lagt nye golv i heile 1 etg. Utvendig er huset, garagen og uthuset malt og rundt heile hagedelen er det satt opp skigarde- ei flott ramme rundt huset! Det er mange forbikjørande som har komt innom for å høyre kor me har kjøpt skigarden, litt artig! Fargen på huset har også blitt kommentert, den passer perfekt her. Eg føler virkelig at me har fått det heimekoselig og praktisk her.
Skal legge ut nye bilder av huset og uteområde etter kvart.
Endringer her hos oss er at Sølve har flytta i eigen leilighet, Ivo har flytta til Skien, Juba har flytta inn til oss, og eg har starta eigen hundeskole: Gnisten hundeskole.
Eg har hatt vind i segla ang hundeskolen, har knapt annonsert og mange kjører fleire timer for å komme hit på kurs. Veldig moro å få sånn respons. Det viktigaste for meg har vore å tenne ein gnist, få folk meir interesserte i å kommunisere/forstå hundens sin og gjerne få lyst til å trene. Mange har komt på kurs for å få tips til kvardagslydighet men har enda opp som aktive kursdeltakere og hundetrenere innan ulike sporter. Veldig moro!
Siste tida har eg ikkje hatt så mange kurs, det har skjedd masse her og tida strekker ikkje til . Eg må organisere på ein annan måte, finne tid til meir fritid og prioritere treninger sammen med mine eigne hunder, det kjenner eg er heilt nødvendig for at eg skal beholde gnisten sjølv.
Siste tida har me i Gnisten- treningsgruppe satsa på hundesporten freestyle (kreativ lydighet/dans med hund) og høsten 2011 vann eg og Lilly ein FS-konkurranse i Askim. I november var vi med på landslaget som reserve og hadde oppvisning på Dogs4All. Ikkje alt gjekk som planlagt der men det var stort å vera med! Og me lærte masse som me tar med oss vidare!
Eg synes fortsatt det er moro å holde kurs for andre- berre eg har tid og overskudd til det. No vurderer eg å opne opp for at det blir fleire med på kvart kurs, og at eg har med meg ein av mine dyktige elever som hjelpeinstruktør. Det trur eg kan vera ei god løysing for at alle som ønsker får bli med på kurs.
Legger inn nokre bilder av meg og Lilly på Dogs4All.
Frisyren var spesiell og jenta mi like høgt verdsatt tross mindre vellukka opptreden i ringen!