Trening og nytt kurs

Siste tida har eg vore elendig blogger..

Det kan forklarast med det er travelt og eg er gørr sliten når klokka passerer ni om kvelden.  Setter eg meg framfor dataen sovner eg garantert..

Men eg kom aldri i mål med å blogge fra trening med landslaget i Oslo for nokre veker sidan.  Sidan klokka nermer seg ni så skal eg ikkje skrive noko detaljert blogg men eg må berre fortelle at desse treningane og utfordringa kom virkelig som bestilt.

Merete som leder og trener laget er super dyktig og eg føler meg så utruleg heldig som får tett oppfølging og hjelp fra ho denne perioden!  Me har også lært litt om det å gi og “bestille” tilbakemeldinger fra dei andre i gruppa og dette var veldig nyttig.  Og dette er noko eg vil ta med meg vidare på mine kurs og treninger.  Mange kan faktisk bli litt overhjelpsomme i treningssammenheng og pepper den som trener med masse info.  Men det er jo ingen vits å gi/få tilbakemeldinger som ikkje opptar deg der og da..  for eksempel blir det feil å pirke på posisjoner om du sjølv er mest opptatt av tolking/rytme i musikken.

Sjølv synes eg også det er vanskelig å holde munn når eg ser at det skal lite ekstra innsats til for å få mykje bedre resultat i enkelte øvelser, men da er det sjølvsagt viktig å holde fokus på det den som trene ønsker tilbakemeldinger på.  God trening for alle parter , he he.

Landslaget i freestyle 2011- juhuu!

“what?”  Eg og Lilly øver på å vise fram programmet  for dei andre  🙂

Elles veit eg mange venter på både valpekurs og grunnkurs.  Eg har tillatt meg å vera egoistisk å utsette dette nesten ein månad, dette fordi eg har følt stort behov for å prioritere mine eigne hunder og spesielt Lilly etter at me kom med på landslaget.

Det  har heller ikkje blitt så mange kurs som eg burde ha dette året.  Det er stort behov men når eg ikkje har hatt den heilt store motivasjonen til å virkelig motivere andre så har eg heller latt det vera.  Kjenner at eg er litt lei av å “dra lasset” aleina, det å virkelig motivere folk på kurs krever ein del, spesielt om folk i utg punktet er sånn passe int og gjerne skeptiske til metodane.  Nokon trur dei skal få ein ferdig oppdradd hund etter endt kurs, og gjerne heilt uten eigen innsats..  og da kan det vera tungt å komme i mål.  For meg er det viktig at folk blir overbevist om at metodane virker og at dei får lyst å trene med eigen hund.  Og for å komme i mål må eg ha overskudd til å inspirere andre rett og slett.

No kjenner eg at det skal bli godt å starte opp eit kurs der mange har venta på oppstart.  Fleire av desse reiser fleire timer for å komme hit og har fått kurset anbefalt av andre.  Det gleder  meg stort   🙂  Dette betyr at det er lite motførestillinger og folk kjem fordi dei virkelig har lyst , og ikkje berre for å gå eit kurs.

På dette kurset vil eg ha både valper og unghunder for å dekke behovet, så det blir meir eit aktivitets-kurs.  Eg setter av kun ein dag i uka til kurs denne perioden så derfor blir det litt blanda gruppe. Eg lager ein plan ut fra kva eg meiner er viktig å trene på og ikkje minst tar omsyn til kva deltakerne ønsker.  Om det er nokon som vil bli med eller har spørsmål så ta  kontakt.   Blir me mange så får eg hjelp fra to flinke jenter, Silje og Kristine.

Kristine har også vore med på instruktør-kurs i freestyle så etter jul starter me opp med nybegynner kurs i freestyle.  Det gleder eg meg veldig til  🙂  Eg er spesielt glad for at me da blir to instruktører  🙂

No har eg forresten lagt til nokre nye linker + oppdatert på Ivo sin side.  Fortsatt er det dager eg sakner gutten min heilt forferdelig masse.  Ivo har det som fisken i vannet og det er godt å sjå, får vera glad for at eg kan sjå han ofte  🙂

Les gjerne om Ivo på hans nye blogg som Marie  skriver.

Vakre vene gutten!

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s