Yoric blir henta

 

Endelig kom dagen me skulle til Sverige for å hente MiVinnas Blaeric, til dagleg Yoric.

Eg har jo sjølvsagt gleda meg lenge til dette men eg trur nok Kaja som skal vera forvert for denne gutten har gleda seg enda meir   🙂

Kristine ville vera med som sjåfør, ho synes det er berre moro å kjøre langt og lenge.  Ho ville gjerne blitt med når eg skulle hente Juba i Stockholm midtvinters også, så ein liten tur til Gøteborg var jaffal ingen heft!  Syntes det var moro å bli med for å hente Yoric.  Og det er eg kjempe glad for, tuuusen takk for det Kristine!

Eg stod tidleg opp for at me skulle komme oss tidleg avgårde, godt å ha god tid… jada, det er det..  Men det går rett og slett litt trått for tida og det hjelper ikkje å stå tidleg opp når eg berre går rundt meg sjølv…  kjem meg liksom ikkje ut dørane.  Når eg endelig var klar så måtte eg inn ein runde til for å bytte klær, da forsvant knappen i buksa og eg klarde heller ikkje finne det einaste belte eg har…  så da var det til å leite etter reine klær og det var ikkje så lett.  Det blir som å henge i ei myr, kjem ikkje vidare, finner ikkje klær som eg virkelig meinte at eg hadde vaska osv, grrr.  Blir så oppgitt for Kaja og Kristine venter og me har ein lang tur foran oss.  Eg slenger på meg andre klær og me reiser avgårde.  Fyrst i dag når eg var ute med hundane huska  (les: såg eg)  eg kor alle klærne mine var… dei hang sjølvsagt ute på klesnora for no er det jo endelig mulig å henge klevasken ut..

Eg vart heilt matt av meg sjølv før me kom oss avgårde, men Kaja er så blid og forventningsfull.  Ho er berre så glad for at ho får denne muligheten med å Yoric så eg blir også glad når eg får koble tankane over på dagens begivenhet! 

Me kjører omsider avgårde for å hente Kristine.  På vegen lyser temp målaren i bilen og me må stoppe for å fylle vann og frostvæske.. ARGH så oppgitt eg blir, hadde jo tenkt å sjekke olje og radiator dagen før men fekk ikkje gjort det heller.  Men Kristine og Kaja stresser over hode ikkje så dette ordna me opp i og kjem oss vidare.

Under vegs vart det ,kremt, diverse med bilen men det var ikkje så masse me kunne gjera anna enn å satse på at me kom i mål..  Med så masse styr blir eg berre matt, men i selskap med jenter som Kristine og Kaja så vart det meste til slutt berre morsomt.  Trur eg trenger tolmodige sjeler rundt meg når alt berre blir galt,  folk som kan sjå komikken i galskapen..  Det vart jaffal masse latter og me kom omsider i mål!

Me kom seint fram til Emelie og valpane, for det vart nokre stopp undervegs.

Juba var også med på turen.  Ho var super flink og tolmodig men det tar litt ekstra tid når lille jenta er med, ho må jo få strekke på beia ho også!  Her fekk ho ein dukkert på vegen, det var deilig!

Og så måtte me ta litt bilder av svensk idyll, og Kristine poserer villig  🙂

Omsider kom me fram til Emelie og me fekk helse på Yoric.  WOW- han var berre noko heilt spesielt! 

Yoric kom springande og kom rett i fanget til Kaja.  Sånn ein utruleg herlig gutt, vart sjarmert totalt i senk!!

Kaja og Yoric

No får eg straks besøk så eg får blogge meir om dette i kveld.

Har tatt masse fine bilder som eg skal legge ut!

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a comment