Det politiske hjørnet…

Da har eg jammen blitt ørelite engasjert ang “Ja til Nome” og “Ja til Midt-telemark” (Bø, Sauherad, Nome) saken som skal stemmast over i april..  eg er innflytter og har ikkje den fulle innsikten på noko måte- men det er rart med det-en får en feeling og nokre tanker rundt det.  Spesielt etter folkemøte som var her på Dunk forrige uke.

Mine tanker før møte var å ha et opent sinn og at det var ok å høyre argumenter for og i mot. Veldig engasjert var eg vel ikkje..  Men eg var forberedt på at det var ein del sterke følelser og sikkert motstand når det skal skje endringer.  Sånn er det ofte om det gjelder små skoler som er nedleggingstrua, omorgniseringer eller endringer på arbeidsplasser osv.

Dette er eit velkjent fenomen.  Som oftast tenkjer eg at vi må heile tida vera forberedt på endringer og at det på sikt vil gagne alle.  Men etter folkemøte satt eg igjen med ein følelse av at vi fort kan miste ein del av det eg ser på som Nome kommune, for det var mange klare taler for sammenslåing..

Som innflytter for 8 år sidan opplevde eg at vi vart sett og tatt godt i mot.
Eg flytta da fra Kvam som planla stor barnehage med 9 avdelinger og “åpen løsning”.  Dei eg snakka med syntes det var vanskelig og grua seg for den nye organiseringa som vart tredd ned over hue på oss.  Men ikkje alle turde si noko høgt, det var ikkje heilt lov å motarbeide det som var bestemt- dette var framtida.   Kort fortalt ville det bli fleire barn å forholde seg til og mindre oversiktleg ang sikkerhet, noko vi frykta ville bli meir krevande for personalet og mindre bra kvardager for barna. (skal nemnast at denne bhg det var snakk aldri vart bygd)
Når eg høyrde ang jobb i telemark så takka eg nei til jobb der det var planlagt ala det samme men i mindre skala enn i Kvam.  Eg ønska ikkje å jobbe med barn på den måten, da trur eg ikkje eg kunne gjort ein god nok jobb og hatt oversikt.

Men eg er for eksempel ikkje tilhenger av veldig små skuler som koster å drifte og som er sårbare på mange måter.  Ikkje minst kan barna bli taperne da fordi dei er så prisgitt av den læreren dei får.  Ikkje alltid er det dei flinkaste lærerne reint fagleg eller for det sosiale klimaet i klassen som jobber i utkantene heller (sjølv om det kan vera det også!  men i dag trenger vi gjerne eit litt større fagleg miljø og det beste er å ha fleire å spille på).
Elles blir det fort for få barn i klassen til at alle barna finner seg til rette med gode venner.
Eg har jobba i barnehage og skule i mange år og sett at det ikkje alltid er så bra å vera små avdelinger/klasser/skoler.  Trivsel og gode vennskap er viktig for eit godt læringsmiljø.

Så eg er altså ikkje for det veldig store og uoversiktelige- men heller ikkje for det som blir for lite og snevert.

Etter at eg var på dette folkemøtet vart eg enda meir “kjent” med folk og argumenter for og i mot Nome som sjølvstendig kommune.  Og sjølvsagt er økonomi det store argumentet, eller?  Eg vart ikkje heilt klok på det heller- og hvem dette skulle gagne mest?

Eg trur uansett at av og til er det ei styrke å stå på egne bein- bevare identiteten og nærheten til etater og folk.  Effektivitet og medmenneskelige hensyn er godt ivaretatt i Nome etter mitt syn.
Her er det godt for barn og ungdom- stort sett gode og effektive tiltak for dei som trenger det, gode arbeidsplasser og dei eldre blir tatt godt vare på.
Det er sikkert masse som kan bli bedre men eg har i alle fall veldig godt inntrykk og synes Nome er akkurat passe stort til å vera best på egne bein  🙂

Så da har eg altså tatt mitt standpunkt- Ja til Nome 🙂

Og det vil eg stå for uten å bli møtt med arroganse og hånlige flir.  For det slo meg litt på folkemøtet, det var mange gode ytringer men ikkje alle klarde å argumentere like bra og med respekt for andre.  Arroganse og økonomi i høgsete får ikkje min stemme.
Nokon hadde problem med å stå fram med sitt syn pga måten dei risikerte å bli møtt på, og det er trist men ikkje ukjent i sånne prosesser.

Eg fikk ein følelse av at det her er litt “in” å meine at effektivisering må til, jo større jo bedre.  Og dei som meiner noko anna er litt “teite”…

Men det hender også at det store blir uoversiktelig og fjernt fra “brukerne”.  Fort er det dei med spissaste albuer som karrer til seg- ikkje sikkert dei trenger det mest.
Ang alle barnehagene i Norges land som skulle bygges og effektiviserast med opne løsninger, få personal og mange barn,  kan på ein måte illustrere at det ikkje alltid er det mest effektive og lønnsomme som er det beste for samfunnet.
Trur dei fleste som har prøvd den måten å jobbe på brukte masse tid på organisering og struktur for å komme gjennom dagane, og fikk dermed mindre tid til å bli kjent og vera sammen med barna.  Den måten å drive barnehage på var ein trend,  no trur eg dei fleste kommuner har gått bort fra den effektive og økonomiske måten å drive på.

For stort og effektivt med hovudfokus på økonomi blir feil- for lite og snevert blir også feil.  Passe stort til effektivitet, ok økonomi og godt lokalsamfunn ser eg for meg er det beste- og sånn ser eg Nome  🙂

Da vil eg berre ønske alle godt valg!

 

 

 

Advertisements
This entry was posted in Aktuelt. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s