Godt og gale

Litt travle tider og mange baller i luften (som vanlig…)  Så tid til blogging blir det lite av.
Forrige torsdag hadde eg tenkt å blogge litt om alt som skjer, gleda meg til ein fridag, tur med hunder, husvask og stell av høner og vaktler.  Men så dukka det opp ein katt på bruket og hundane måtte tolmodig vente til eg hadde klart å opparbeida meg tillit og få tak på den.

Katten såg eg her for ein månad sidan også.  Den såg litt tufs ut allerede da men såg ikkje meir til den før den dukka opp att denne uka og var da skremmande tynn.  Den lot seg til slutt kjøpe med litt mat, var så hysterisk sulten og i iveren beit den meg to gonger så blodet rann.
Den vart henta av nokon fra ein “katteorganisasjon” sånn at alt det rette skulle bli gjort.  Om den ikkje hadde eiger så kunne den eventuelt få ein ny sjanse her på Svenseid også, elles var det fleire andre som sa dei var interessert om ingen eigde den.  Dagen etter eg fikk tilbakemelding om at den var chippa og savna og slo meg til ro med det, men etter nokre dager er det fleire som spør etter åssen det går, også nokon som tenkjer det kan vera ein katt som høyrer til her i området..
Eg tok da kontakt for å høyre at alt var vel, noko eg gjekk ut fra at det var.

Men kort fortalt så vart det heller fleire ubesvarte spørsmål – og med “taushetsplikt” så kunne eg heller ikkje få meir info- direkte ubehagelig følelse!

Neste gong reiser eg avgårde til vertrinær sjølv så får eg dei svarene eg trenger med det samme.

Så uka som gjekk vart ikkje heilt som planlagt, sånne ting tar litt energi.  I dag har eg fri og skal prøve å ta igjen litt av det forsømte  😉
Hundane skal få sitt og høner skal få mat fra handa   😉  Her er det sånn at hønene blir fornerma om eg kommer inn og legger maten på bakken  :-p  Men når eg tar det opp i hendene igjen blir dei så glade- springer rundt meg og fanger maten. Virkelig morsomme personligheter på desse islandshønene  🙂
Skal filme det ein dag så skal dekkan få sjå at “hønsehjerner” virker  🙂

DSC04837[1]Godt vant fra dei var små  🙂

Elles er det søte Tutta som står for underoldning i heimen om dagen makan til kul katt altså!  Ho har full kontroll på hundane, er berre snill og leiken men dei har full respekt!  Har knapt høyrt ho frese så ho er ingen tyrann.  Spesielt Emmi og Tutta kan ligge å beundre kvarandre lenge- så herlig å sjå  ❤

Finner kun bilder tatt fra mobil men dei blir ikkje godtatt i bloggen så da får det bli Tutta-bilde seinere.

No kan eg ikkje bruke så mykje meir tid på bloggen i dag, men kort oppsummert har det vore sporkurs, hundetreninger, kurs, møter og nokre få fine turer siste tida.  Har masse bilder og filmer som eg ikkje har fått tid til å lasta opp med ein gong så da blir det gjerne liggande.  Skal ta meg på tak å sjå gjennom det litt seinere i dag.

Ukas høgdepunkt for Emmi var sjølvsagt besøk av bestevennen Bera da- to herlige jenter  ❤

Emmi%252C+Bera+%252C+Atillus+og+Anya-15+231[1]Emmi og Bera er så fantastisk herlige sammen!

Kan forresten legge ved video fra freestyleoppvisninga vi hadde på Stevneplassen forrige helg.  Har fått tilbakemeldinger om at den ikkje kan sjåast på mobil, kun pc.  Skal finne ut av desse innstillingane seinere.

https://www.youtube.com/watch?v=GNy1WH4AdwE

Juba er virkelig i form og er så glad om dagen og det lyser lang veg på filmen- halen går heile tida og ho smiiiler.  Digger å trene med Jubo mi  🙂

Dagen etter dette var vi forresten på kurs med Frida Binette i regi Hund i Fokus.  Meget lærerikt som vanleg.
Har visst masse å blogge om ja, men no er det opp og hopp- hundenes dag  🙂

Ha ein fin høstdag  🙂

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s