Freestyle i Kongsberg.

Eg kommer visst aldri i mål med blogginga- men no berre ei uke på etterskudd skal eg blogge litt om konkurransen forrige helg.

Til forandring hadde eg meldt på Juba til freestyle kl 2.  Det føles litt mindre høgtidleg enn HTM og vi trengte ha det litt moro i ringen.  Eg blir fort pirkete og alvorlig med treninga mot konkurranse og stresser i ringen når eg jakter på certet kjenner eg- så derfor skulle vi berre ha det moro denne dagen.

Juba har vore i storform siste månadane, ho er så glad at ho bobler heilt over  🙂  Derfor har det passa best å trene freestyle også har eg følt.  Og programmet har eg uansett planlagt lenge og endelig fikk vi testa det ut.  Tema er fra Snehvit og dei 7 dverger.

Det er som alltid veldig moro å treffe kjente på stevner men etter at eg hadde hilst på folk og filma for Tina så lufta eg jentene mine og fokuserte spesielt på Juba.  Vi trente litt og så satt vi i skogkanten og såg på dei andre.  Vi slappa av og lada opp på beste vis- berre eg og Juba.

Denne gongen kutta eg ut å ta bilder av alle / skravle masse osv- fokuserte mest på meg og mitt rett og slett.  Litt lite sosial ein lang periode før vi gjekk i ringen men veldig godt for nervene mine og for fokuset til Juba  🙂

Når vi skulle i ringen var eg uvanleg “avslappa” og klarde vera ein god fører for hunden min syntes eg- ingen stress- IS I MAGEN !

DSC06218[1]Juba gjorde i alle fall rett denne gongen- fyrst rund baljane og så oppå- lenge insisterte ho på at ho skulle oppå heile tida  :-p  Ja ja- det vart rett til slutt!

DSC06211[1]He he- her skulle vi jodle Juba  :-p

DSC06219[1]  Avgårde til neste post..

DSC06221[1]Bukke kan ho

DSC06232[1]Auda Juba  :-p

DSC06241[1]Ja ja- shit happens- avgårde på jobb

DSC06245[1]Ka skulle eg her tro… tenke et sekund..

DSC06251[1]Vi gravde så sanføyka stod- veldig bra jobba Juba!

DSC06253[1]

Veldig moro var det  😉  Juba var full av sand etter opptreden  😀

Legger inn link til FILM HER
Ser over 100 har sett den – moro.

Eg var så fornøgd med det vi fikk til og det vanka mange gode ord etter vår opptreden- så MORO!  Når vi kom til premieutdelinga vart der RØD sløyfe og 2 plass – eg vart så glad!  Hadde ikkje tenkt på resultat denne dagen- så det vart ekstra bonus etter go-følelsen i ringen.  No har vi opprykksnapp til FS kl 3!
DSC06601[1]Her vifter Jessica med RØD sløyfe-  YES!
3 dommere gav godkjent program og gode tilbakemeldinger-  TAKK!

DSC06629[1]Sjekk det herlige uttrykket på Juba- heilt sjokkert over rød-sløyfa ho også   😀

Etter kurset med Frida Binette og treningssamlinga på Søve fikk eg dei siste brikkene på plass- og ikkje minst senke krava litt og korte ned musikken.  Da kom vi i mål i kl 2.  Resten kan vi bruke lenger tid på så kan vi bruke det i kl 3  🙂

Sånne trenings-samlinger og kurs er gull verd!

Andre som vart glad for RØD sløyfe i FS 1 var Eirin og Tardis.
Velfortjent- grattis!

DSC06565[1]Tok som sagt ikkje så mange bilder denne gongen men det ligger mange bilder på FB under Kreativ Lydighet sin side.

Grattis til alle med gode resultater!
Tina fikk rød sløyfe i kl 1 og 2 HTM med begge hundane sine!  Bøyer meg i hatten  🙂

Takk til Tina for mange fine bilder av oss.

I fjor fikk eg Cert i HTM på konkurransen i Kongsberg så dette er plassen å konkurrere!

Alt er nøye planlagt og alt går på skinner i tillegg til flott grusbane.
Takk til vår flinke stevneleder Vigdis som står på for at vi andre skal få gå konkurranser!

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s