På kurs i Skien

I helga var eg på kurs i Skien med Astrid Brandsberg Willersrud, så da blir det to kurs-blogger på rappen.

Det var litt spontant eg vart med på dette, er i kurs-modus med ny valp så eg er lett å overtale..

Fyrste dag var eg ute ein gong med Juba og andre runde tok eg Emmi ut, men desverre såg eg at ho hadde veldig vondt i øret sitt  😦  Så da var det berre å ringe vetrinærvakta å få sjekka dette.  Eg liker virkelig ikkje å reise til fremmende vetrinærer men sånn er det når det skjer noko i helga, og så skulle han vel berre kikke ho i øret…  Men nei- så enkelt var det ikkje- ho måtte dopast ned og det misliker eg veldig.  Da gjekk tida og eg datt heilt ut av kursmodus da ja.

Søndagen reiste vi avgårde igjen på kurs, Emmi hadde ørebetennelse og måtte slappe av men Juba var meir enn klar for ein ny dag.  Eg var hinsides trøtt når eg reiste avgårde, vondt i halsen og i  ørene mine.  Men det er jo så moro å vera på kurs og håpa på at formen skulle bli bedre..   Var litt øren heile dagen men vi fikk fleire gode økter og nyttige tips med oss.

kurs+i+skien+mai+-15+041[1]Utfordringa er å få Juba meir uthaldande og at ho ikkje skal dette ut, har nokre tanker om åssen eg skal få til det, skal trene meir konsekvent på det.

kurs+i+skien+mai+-15+048[1]Virkelig flink og flott jente når ho går bra!
kurs+i+skien+mai+-15+224[1]
Vi trente også på å gå litt løsere “transport” inn i ringen men med full fokus på meg..

kurs+i+skien+mai+-15+079[1]Marie med sin “mudishefer”  :-p  Såg stor frangang på desse to i løpet av helga.

kurs+i+skien+mai+-15+177[1]

Inga og Bera trente på å ha ein fot i bakken…
kurs+i+skien+mai+-15+152[1]

Med streng instruktør i hælane er det best å gå fint!
kurs+i+skien+mai+-15+321[1]RO-trening var noko vi hadde masse fokus på i helga.

kurs+i+skien+mai+-15+248[1]Marit og Odin jobba seg veldig bra gjennom helga også.
kurs+i+skien+mai+-15+104[1]Arbeidsglad og flink berner på kurs.

Ser no at eg ikkje har fått bilder av alle, var nok ikkje heilt på nett da.

kurs+i+skien+mai+-15+276[1]

Mikke fikk ei lita treningsøkt i staden for Emmi, og der er det ingen ting å utsette på kontakten i alle fall.  Så våken og arbeidsglad hund, heilt spesiell.

Har filma litt fra helga også men har ikkje fått lasta opp noko enda.

Kort oppsummert fra dette kurset så er vel det å “ramme inn” og roe ned hundane noko eg skal jobbe videre med.

Har vore gørr trøtt og forkjøla etter kurset så no blir det kun jobb og avslapping nokre dager.  Men gleder meg veldig til å trene meir no framover.

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s