Klikker-kurs med Cari Rørstrøm

Forrige helg reiste eg heilt til Ski for å gå på kurs med Cari Rørstrøm.  Eg har fulgt med på hennar hunder og ho konkurrerer på høgt nivå og har full kontroll  🙂

Så når eg såg ho kom til Ski melde eg meg på med ein gong.  Desverre kunne ikkje Iren og Troll bli med og eg fikk så vondt i halsen dagen før og følte meg ikkje frisk.  Men eg pakka bilen og reiste avgårde-  heldigvis!

Det var knall bra kurs, noko av det beste eg har vore på!  Flink instruktør, brukte god tid med kvar hund og alle fikk hjelp til det dei ønska.  Rammene rundt kurset var også bra, bra lokale og fin uteplass, god mat og trivelige folk å vera sammen med.  Synes det har så masse å si, når vi sitter samla og spiser så blir det straks koseligere og man lærer meir ved å småprate litt rundt det vi har hatt for oss.  Elles var det få ekvipasjer, behagelig tempo og vi fylgde med på kvarandre, og det er vel så lærerikt synes eg.
Så Lena og Lasse Randin-Sandstrand gjorde ein god jobb som arrangører.

Ski+klikker-kurs+2015+056[1]Cari, Eos og Lena.

Ski+klikker-kurs+2015+082[1]

Her klikkertrener Lena sin mann Lasse  🙂

Ski+klikker-kurs+2015+085[1]Hmmm, hva vil du eg skal gjøre da Lena??

Ski+klikker-kurs+2015+089[1]Aha- kanskje dette?

Og sånn er det å vera hund- det krever kreativitet og klikk i rett sekund.

Ski+klikker-kurs+2015+165[1]Kjekt med fleire aussier på kurs- da kan det gå litt villt for seg.

Ski+klikker-kurs+2015+177[1]Alle digger Cari!

Ski+klikker-kurs+2015+193[1]Enda meir aussie-sprell  🙂

Ski+klikker-kurs+2015+200[1]Brownie strekker på beina.

Ski+klikker-kurs+2015+020[1]Elles var eg heilt betatt av denne Turbo-gutten  ❤

Han var heilt RÅÅÅ.  Jobba så konsentrert og lett- samtidig var han sosial, trygg og med eit vinnande vesen.

Ski+klikker-kurs+2015+042[1]Kontroll.

Ski+klikker-kurs+2015+063[1]

Vi hadde også ein husky med nydelige auger på kurset.  Ho skjønte tegninga fort.

Eg har jo trent ein del og føler vel at eg har god kontroll på Juba,  og ho forstår meg lissom uansett  😉  Vi har jobba oss fram til felles forståelse vi- og synes ho følger meg så fint, utruleg lett å lære inn nye ting når vi kjenner kvarandre så godt.

Med lille bøllefrøet Emmi syntes eg det gjekk som smør i starten, våken, fattet og klok valp.  Seinere tid har ho nok utfordra meg på ulike plan og ho har ikkje vore like konsentrert.  Alt dette veit eg jo i teorien at det kommer sånne bølgedaler, og spesielt med tanke på alderen ho er i.  Nettopp da trenger eg sånne gode kurs som dette, fikk virkelig landa ein del.  Fikk mange nye tips og ikkje minst bekreftelse på ein del tanker rundt hundetreninga.  Litt nye tanker rundt innkalling vart det også og det skal trenast OFTE!

Når eg kom heim såg eg at eg ikkje hadde eit einaste bilde av meg og mine hunder så da har eg lånt andres bilder her.
11202849_10206757160114013_5743657727781600769_n[1]Hallloooo- orker ikkje vente sååå lenge på belønning da!

Det viktigaste å få på plass igjen ang Emmi (og generelt) var å dra strikken lenger.  Sidan ho har vore så ukonsentrert har eg fort ikkje krevd så masse av ho, og sidan ho er så himla søøøøt i tillegg så har eg vel gitt etter og belønna for kjapt..

Hadde med meg Atillus også sidan Sølve reiste vestover, og han tar jo heilt av i sånne settinger.  Tenkte han skulle få ei treningsøkt han også når han fyrst var med, og gud bedre for eit dyr.  Men det var samme oppskrifta der- dra strikken litt lenger.  Han har nok trent meg til å putte på godbit rett før han bikker over i stress..  men skjer det så forsvinner jo berre godisen heretter i staden for å avverge at det bikker over  😉  Skal stille litt større krav ja.
Men han har heldigvis god avknapp heime da  🙂

10458433_10153189423561421_1538732826054290498_n[1]Behersket øyeblikk  🙂

Elles så sjarmerte Juba med sine spillopper- ho er jo så kreativ og gal/glad  🙂
Ho må jo begransast på grunn av ryggen men det er ikkje så lett.  Som deltakerne sa så skulle man ikkje tru at ho plagdes, ho virka jo så vital på og arbeidsglad.  Og det gjer ho så lenge ho står/går/springer.  Men ho strever når ho setter seg eller legger seg, og når ho skal reise seg oppatt  😦   Det svinger litt ang formen og ho skal ha nye kiropraktorbehandlinger snart.
Men no trener vi inn nytt program der musikk er redigert og øvelser valgt ut spesielt for Juba.  Så her fikk Cari utfordringer med å hjelpe til med freestyle-øvelser  😉
Eg fikk også ide til ny øvelse i programmet medan vi holdt på å trene så vi kan gjera mange avanserte øvelser uten at det virker belastande for Juba.

11200877_10153189447801421_3745089410014432691_n[1]Vi har ein plan..

Skal huske å vera litt tydeligere overfor Juba, eg blir fort klønete når eg er på kurs og da er Juba på tilbudsida og gjør 1000 ting…  så no skal eg vera tydeligere på kor tid vi jobber og ikkje.

Fikk filma litt fra kurset og legger inn fil når den er ferdig redigert.

Kunne skrive masse meir men avslutter men vame anbefalinger av super trivelig og dyktig instruktør.  Trur alle som var med ville ha reprise  🙂

 

 

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s