Føredrag med Monica Wickstrøm og uheldige Emmi :-(

I går reiste eg, Iren og Tina avgårde til Kongsberg for å høyre på føredrag med Monica Wickstrøm.  Tema var mental trening og konkurranse-psykologi.  Med andre ord eit meget aktuelt tema.

For kvar gong eg står på startstreken til ein konkurranse lurer eg på kva eg eigentleg holder på med- liker det ikkje..  så litt tips for å kontrollere konkurransenerver kunne vera på sin plass.

Før vi gjekk inn på føredraget så skulle eg berre nett lufte Emmi, og kva skjer???!!!!
Jo det kommer ein hund i full fart rett mot Emmi  😦
Etter søndagen angrep det ein hund går rett i hue på Emmi reagerer heile kroppen min, eg roper og står klar for å sparke hunden vekk.  Heldigvis roper eiger at det går bra, ho er grei.

Eiger beklager sjølvsagt og eg er heilt klar over at sånne ting kan skje, men TO ganger på ei uke  😦  Eg synes det er så ufattelig trasig og det er dette eg husker best fra gårdagen, det gjekk bra denne gongen men dette kjenner eg godt i heile meg sidan forrige møte ikkje var greit.
Det er ingen fin måte å hilse på og eg aner ikkje kva intensjon hunden har når den kommer i sånn fart, og om den er aldri så grei med dei fleste så er ikkje det sikkert hunden den kommer bort til liker det eller at den har kjemi med alle.

Men Emmi er glad og fornøgd, ho takler virkelig verden bra.   Så tussla vi ein liten tur med Nina og Musli før vi gjekk inn på føredraget.  To fine blå jenter det  🙂

Grunnen til at eg i det heile hiver meg på blogginga i dag er at Nina på “HundiFokus”  allerede har blogga så da kan eg berre vise til hennar blogg og tilføye litt av det som er mine tanker.

Og Nina nemner episoder om Jack i sin blogg, og det er nettopp sånne opplevelser som gjer det så trasig og gjerne ødelegger for konkurranser/konkurransenerver (og fellestreninger for den del).  Og det er like kjedelig å ha hunden som springer ut og den hunden som blir tatt tenkjer eg.  Har prøvd begge veger sjølv  😦

Men da tenkjer eg at det er viktig å ha tenkt gjennom kva vi gjer om det dukker opp ein sånn situasjon.  Kva gjør vi når f.eks ein hund springer rett mot ein annan hund??  Det er nettopp strategier som har opptatt meg litt i det siste, som i forrige blogg med hunder som ikkje takler alt som er rundt eller kan komme brått på.  Man kan endelig prøve å unngå alle sånne settinger men det er greit å vite kva vi gjør om ein situasjon likevel oppstår.

Etter det eg har opplevd siste dagane trur  eg at eg vil lære Emmi å vera bak eller på sida om nokon kommer på det viset, og at eg brøler/sparker mot hunden for å avverge at den får skade min hund.  Min hund skal også vera trygg på at eg tar kontrollen. Så lenge eg ikkje kjenner hunden så gambler eg ikkje på at det skal gå bra så da har eg tenkt ut ein strategi for det.  (og sjølvsagt ser eg situasjon og hundens språk an- men det går ikkje når dei kommer i vannvittig fart RETT PÅ)
Det vart kort diskusjon rundt dette sidan det skjedde rett før vi starta.  Eg spurde kva andre ville ha gjort og folk ville nok gjort det samme.  Men det er viktig at man gjør det bestemt og tar kontrollen som dei sa.  I går vart eg rett og slett redd og det høyrdest i stemma mi, det er veldig uheldige signaler til min hund.  Så eg trenger mental trening (som var tema for kvelden 😉  ) for å takle “neste runde” bedre, og ikkje grue meg for AT det skal skje..
Men no vil eg altså ikkje ha fleire sånne opplevelser på leeeenge!!!

I tillegg til det Nina skriver i sin blogg så tenkjer eg at vi kan sikkert bli enda meir kritiske når vi hjelper kvarandre, det er lett å rose for alt som er bra.  Og det må vi fortsette med, men av og til er det nok på sin plass å få tydeligere tilbakemelding på det som ikkje er bra i treninga også.  Monica tipsa om at av og til kunne be om å få servert alt som var galt fra våre trenings-venner  😉  Alt for å gjere kvarandre bedre.

Og dette med å gjera treninger og konkurranser meir like, da blir det så mykje lettere for hunden å mestre det den skal.  DET skal vi i alle fall ta med oss videre, det blir fleire konkurransetreninger framover.

Så da fikk vi med oss mange nyttige tips.  Kjekt å treffe kjente og alltid moro på tur med Tina og Iren.  Det vart seint i går og sliten blir eg etter ein så lang dag, men det gir ny giv til videre trening  🙂

 

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s