Tips for reserverte hunder.

På søndags-treninga lagde eg ein film med handtarget for hunder som er redd eller usikker på hender som kommer over hodet.  Mange hunder kan da trekke seg bakover eller nafse etter hendene.  Uansett møter man ofte på barn eller voksne som kommer brått på og absolutt ikkje leser hunden sine signaler.  Dette har mange ganger ført til at hunden knurrer ( og da kanskje får kjeft av eiger som blir overrumpla og ikkje skjønner at det er bra at hunden gir ein beskjed i alle fall  😦  )

Om ikkje hunden knurrer vil den ofte trekke seg unna situasjonen, og da er det mange barn (også voksne) som berre følger etter.  Da kan det fort ende med glefsing eller bitt om hunden blir pressa nok.

Når eg fikk Juba som var så trygg og frampå i kullet sitt opplevde eg likevel fort at ho var skeptisk til enkelte mennesker, spesielt menn.   Så eg trente masse på å sosialise blandt folk.  Ho syntes barn var ok i starten og hadde berre gode opplevelser rundt det, men likevel såg eg tydelige tegn på at ho vart utrygg på barn rundt puberteten  😦

Dette syntes eg var trasig og la ned masse trening rundt det, og ja det vart veldig mykje bedre.   Både eg og andre opplevde nok Juba som veldig glad og sosial lenge.  Og for det aller meste er ho det, og ho elsker dei ho kjenner godt.  Som oftast synes ho det er moro å møte nye folk også men det har hendt at ho da springer glad bort men så er ho likevel ikkje trygg nok i situasjonen 😦   Da får ho eit mørkt drag over øynene og stivner i kroppen. Ikkje alle klarer å lese ho da- men dei som har sett dette har blitt overraska fordi dei har tenkt på ho som sosial og glad.

Og for å sei det sånn så har Juba hatt det bra fra ho kom til verden, her er det ingen uheldige opplevelser å “skulde” på.  Sidan dette er tema som fortsatt dukker opp etter at ho er voksen så tenkjer eg at det ikkje er trenbart å få ho heilt trygg- det berre ligger der og eg må heile tida ha det i bakhue.   Eg synes sjølvsagt det er trist men for meg betyr Juba masse og eg har gjort mine valg ang dette, og problemet er ikkje større enn at eg har kontroll.   Ho er på treninger med meg og skal heller ikkje hilse på alle.  Ho er heilt trygg så lenge det ikkje er hilse-situasjoner.

Grunnen til at eg skriver denne bloggen er at mange sliter med akkurat det samme med sine hunder.  Ikkje er det så lett å vite kva ein skal gjera med det heller og fort viser eiger også usikkerhet om det oppstår situasjoner og da blir det ein bekreftelse over for hunden at dette er virkelig skummelt.  Da kan det i alle fall bli uheldige situasjoner.

Eg fann fort ut at eg måtte lage ein strategi for at Juba skulle takle det om det kom nokon brått på.  Eg har kontroll på min hund men ikkje resten av verden.  Det er alltid nokon som kommer bort med barna sine, hunden sin eller berre seg sjølv uten å spørre om det er greit.  Faktisk har eg oppled mange ganger at foreldre prøver å dra barna sine som er redde med bort til mine hunder enten dei har stått i bur eller eg har holdt i band.  Hundane har bjeffa/knurra og likevel så sier foreldrene “at du må ikke vera redd, hunden er ikke farlig”.   Det har vore oppegående folk, lærere og leger som sier dette til ungane sine.  For dei går vel ut fra at mine hunder er “veloppdradd”?  Heilt galskap å oppfordre barna til å gå bort til hunder i bur uansett, men spesielt når dei knurrer og bjeffer.  Men kanskje er det hunden som ikkje tør å si ein lyd som er farligast i ein sånn situasjon.

Det kan i alle fall fort bli ein trøkkande situasjon for Juba, men om det skjer noko da så er det sjølvsagt ho som får “skulda” og i verste fall må bøte med livet på grunn av det.
Eg trur ikkje ho hadde tatt det heilt ut men eg gambler heller ikkje på at det skal gå bra, det kommer jo f.eks an på om dei møtande lar ho trekke seg vekk…. så eg har lært ho nokre strategier ho kan ty til i sånne situasjoner.

Sidan det er mange som har samme problemet og det er vanskelig å forklare pr telefon, så  har eg laga ein video der eg viser kva eg har lært inn på Juba.  Når ho er opptatt av å lukke munnen under hendene som kommer er eg trygg på at det ikkje skjer noko galt før eg rekker å hente ho inn, og ho har heller ikkje opplevd situasjonen som noko anna enn “lønnsomt”  forhåpentligvis  🙂

Legger inn   FILMEN HER

Ser eg kunne forklart bedre men eg får heller lage ein oppfølger.

Berre så det er sagt så har eg både sosiale og reserverte hunder, og lar meir enn gjerne barn hilse på dei eg stoler på.  Men eg er glad i alle mine hunder og ønsker ikkje at det skal skje uhell- derfor har eg trent inn dette på Juba.

Mikke er livredd enkelte menn, men da er det ingen som er i tvil  :-p  Men heldigvis elsker han barn- han er heilt overlukkelig for å få hilse på barn.  Så dyrene våre er ikkje alltid lette å forstå seg på.

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s