Aktuelt.

Da skal eg skrive nokre ord under kategorien “aktuelt” igjen- altså ingen hundeblogg.

Eg har fått nokre  telefoner og kommentarer på forrige blogg- står heilt inne for det som vart skrive men fann ut at eg ville slette den lell  Overskrifta står att og forteller litt om temperaturen  😉
Omformulerer litt så poenget mitt fortsatt kommer fram..

Kort fortalt vart den skrive pga av at eg blir skuffa og skremt over holdninger og oppførsel enkelte viser overfor andre.  Spesielt ille blir det når dette er folk som jobber med mennesker og oppfører seg dårlig overfor sine “brukere” enten det er gamle/syke,  psykisk syke, på skoler eller barnehager.  Ekstra ille blir det når fleire av samme sort finnes på samme plass.
Tragisk er det når dette går ut over dei svakaste som er så prisgitt kven dei har rundt seg.

Tar med eit eksempel fra forrige blogg for at det skal bli lettere å forstå kva eg vil fram til.
Tenkjer da på den unge jenta som hadde sin mor med parkinsson-sjukdom buande på institusjon.  Mor virka utilpass men kunne ikkje gjera rede for seg så dattera tok opp samtalane pleierne hadde med mora.  Det som kom fram var sjokkerande. To pleiere som “stelte” ho rakka ned på mora, nekta å gi hjelp for at ho skulle klare å komme seg opp att etter fall og lot ho ligge i hjelpesløs tilstand.  Det er ein ting når ein pleier kan oppføre seg sånn, men når to som jobber sammen overgår kvarandre med ufordragelighet så tenkjer eg at da er det blitt ein del av kulturen og arbeidsmoralen.  Andre som hadde gjort sitt for at brukerane skulle ha det bra slutta pga dårleg arbeidsmiljø, ikkje lett å stå opp mot sånt.  Takk og lov for at den unge jenta følte noko var galt og stilte opp for sin syke mor.

Siste årene har eg blitt kjent med veldig mange mennesker på ulike arenaer og det har vore fasinerande å bli kjent med ulike “samspills-kulturer”, allianser,  kva folk er mest opptatt av og holdninger som gjenspegler seg i miljøet.  Gjennom dette har eg sett masse på både godt og vondt.  Poenget mitt er at man kan ikkje vera naive, og mitt ønske er at fleire skulle vore like tøffe som den unge jenta var som stilte opp for sin mor.

Mange mennesker strekker seg lenger enn langt for at andre skal ha det bra, og eg liker aller helst å skrive i positive vendinger.  Men det hender det er på sin plass med ein blogg med litt brodd.

Ønsker alle eit Godt Nytt År!

Advertisements
This entry was posted in Aktuelt. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s