Jula vart ikkje heilt som forventa…

Da er snart jula 2014 over og her vart det sant å si lite som minna om jul…  men jammen har vi overlevd og hatt det bra lell.

Når desember kom og eg atter ein gong hadde klart å skada meg var eg meget frustrert og lei- tenkte at det alltid må skje noko her før jul  😦  Litt lettere oppgitt..
Eg hadde så vondt i min høgre albue og heilt ned i handa- det gjorde faktisk vondt berre å tørke støv  😦  Så da vart mine planer om å pynte så fint med lys og lykter på bruket avlyst enda ein gong.  Folk er travle nok i jula så eg ville ikkje be om hjelp til sånt heller.

Når eg flytta hit såg eg for meg fint julepynta tun sidan det alltids er snø og kan bli julestemning.  Vi har enda ikkje fått det til men satser på at det blir vakkert på tunet og i heimen 2015 da.

Uansett tenkjer eg at det viktigaste er å innfinne seg med ståa, og nett det har eg faktisk blitt god på  😉  Når det fyrst er sånn så stresser eg ikkje meir med det- da gjer vi det beste ut av det.  Dette året har lille Emmi gjort sitt for at eg lettere klarde innfinne meg med situasjonen også da  🙂  Eg skulle holde armen mest mulig i ro noko som gjerne ikkje er så lett med liten valp i hus, men eg har det lettvint med inngjerda tomt og ho har vore så flink å gi beskjed når ho må luftast.  Elles har vi slappa av og ho fikk ein god start her hos oss.  Hadde eg vore høgt og lågt for å få unna alt som planlagt til jul så hadde det ikkje blitt samme rolige starten for ho i ny heim heller trøster eg meg med- aldri så galt med andre ord..

Dette med jula er spesielt-  når forventningene ikkje blir som tenkt kommer ofte stress og skuffelse.. heilt normalt og sånn vil det vel alltids vera.  Sjølv har eg allerede lagt lista for neste år DA…  men om det blir sånn er langt fra sikkert- men viljen for at det skal bli sånn er der, heldigvis.

Vi har opplevd fleire sorgens jul hos oss, dette året er det andre kjente som opplever tøffe tak.  Frustrasjon over ein vond albue (som blir bra igjen med tida) og lite julpynta hus minner meg på kor godt vi eigentleg har det på Svenseid   🙂

Straks skal mudiane få springe beina av seg i skogen, bjeffe på kvart ekkorn dei ser, fange snøen som faller fra trærne og jage etter kvarandre.  Så går vi en tur på “lokalet” og trener freestyle og søk med jentene.  Føler meg heldig og nyyyter jula sjølv om den ikkje vart akkurat som tenkt  🙂

Fortsatt God Jul i alle heimer  🙂

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s