Har vi det ok eller?

Her på bruket går det stort sett veldig bra om dagen.  Har mange baller i lufta som alltid- trives best med det, må berre passe på at eg ikkje begynner på for mange prosjekter på ein gong, for det er endelig nok å ta tak i.
Det kjennes så bra å få unna huslige ting som har hengt over meg lenge, litt maling, snekring, satt opp utekran og mange andre små ting eg har ønska å få orden på som gjer kvardagen lettere.  I tillegg har eg faktisk tid, overskudd og ro på meg til å trene konstruktivt med mine eigne hunder.
Det å ha passe mengde jobb/fritid, frisk sønn og gode venner rundt seg er berre GULL!
Fleire kurs og hundehappenings står for tur så eg har masse å glede meg over.

10553828_753171884719247_4249260250532991740_o[1]Og så har eg verdens klokeste hund å trene med  🙂

Likevel må eg ta det i meg at eg blir veldig frustrert når ikkje alt går på skinner.  Eg er veldig klar for å trene mot mesterskap med Juba, men ho plages med ryggen.  Føler eg har lagt til rette når det gjelder treninger, vi har knapt trent freestyle, mest HTM (ulike fotposisjoner) for å ikkje belaste ryggen unødvendig.  Til og med dette har vore utfordrande til tider fordi ho ikkje klarer å holde rett posisjon når ho er dårlig.  Ho har fått mange kiropraktor-behandlinger men det må heile tida holdes ved like.
Synes virkelig det er kjedelig ja, for det betyr så masse for meg å trene aktivt mot nye mål.

Men for å sei det sånn, eg liker virkelig ikkje syting og klaging- får fnatt av meg sjølv når eg faller i den “grøfta”.  Når det er sagt trur eg det kan vera sunt å syte litt  :-p
Det setter lissom ting i perspektiv.  Jammen har eg det godt når eg lar meg frustrere og deppe over sånt!  Det er i alle fall heilt sikkert.  Tenkjer eg nokre år tilbake var det lenge kampen om å kunna gå som stod i fokus, no bur eg på eit lite småbruk og “danser” med mine hunder.  A dream came true  🙂

Så ja, vi har det godt på Svenseid.  Det er berre det at eg VIL så masse- men kva er vel bedre enn det da?

Berre det å ha tid, overskudd, mulighet og fokus på trening av hund er jo rein luxus- så vi får berre svelge desse dumme kamelane og fortsette treninga i VÅRT tempo.  Vi kommer sterkere tilbake vi!

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s