Trist blogg

Ja i dag skal eg skrive ein trist blogg.

No er alle som har vore involvert i Yoric informert så da skal eg skrive å fortelle her kva som har skjedd.

Yoric hadde lagt seg til hat til ein nabohund og den store skrekken for Henric var at han skulle lykkast med å få tak i den når den var på tur med sin eiger, og det skjedde.  Medan Henric trente med Yoric var han uoppmerksom eit lite sekund og Yoric forsvant ut på vegen og rett i den hunden.  Hunden måtte syast i øret men vart heldigvis ikkje alvorleg skada, Henric var jo rett i nærheten og fikk avverga verre skader denne gongen.
Men som Henric seier nytter det ikkje å ha det sånn, han har heile tida vore på allerten, passa på dørane når barna går ut og inn, redd for at han skal komme seg ut når han ikkje er der eller har kontroll.
Frykten for at det kan gå mykje verre neste gong er sjølvsagt der.  Om Yoric hadde treft på barn på tur med mindre hunder kunne det blitt alvorleg for både barn og hund.  Det orka ikkje Henric tanken på og tok ansvar med å la Yoric sovne inn.

Henric har heile tida sett det beste i Yoric og framelska det samtidig som han har jobba med problemadferden han hadde med seg.  Ingen tvil om at Henric gjorde ein fantastisk god jobb og at desse to gutta trivdes sammen.  Eg veit at Henric var så ufattelig glad i denne hunden og når han han velger å gi tapt er det ingen annan utveg.

Yoric hadde veldig mange gode sider, han var høgt elska og unik på mange måter.
Så dette er berre ille vondt for alle involverte.

I forrige blogg er det mange fine bilder av  gutta når dei var på besøk og det var sporkurs her.
Synes det er ufattelig trist at sånt rammer dei som “fortjener” det minst!

Yoric+reiser+118[1]Henric og Yoric sitt fyrste møte for snart 2 år sidan, og bildet forteller det meste.

DSC02959[1]

Takk til Henric og Malin for alt de har gjort for Yoric  ❤

 

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

One Response to Trist blogg

  1. Eirin says:

    så fryktelig trist, Eva….

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s