Spesialsøks-kurs

Da skal eg blogge litt fra helga og kurset i spesialsøk i regi Canis.  Dette var eit interessant og lærerikt kurs!

Kurset starta fredag kveld etter jobb så det vart mange timer kjøring og holdt vi holdt på langt etter leggetid for meg (altså til kl 22.00) men det gjorde ingen ting- her var det berre å henge med fra fyrste time – viktig å få med seg alt!

Etter kurset måtte eg berre kose litt med Mia-mi og så vart eg jammen invitert på nattmat hos Marianne der eg skulle overnatte.  FOR ein luxus!
Etter litt skravling sovna eg som ein stein og var heilt klar for den praktiske delen dagen derpå.  Juba var fyrst ut for å søke på plattformen- og det var te ho skulle markere på.
Eg grua meg litt for å hente Juba fordi vi skulle lissom la hundane komme inn i rommet uten å bli “styrt” eller vera under kommando og dei skulle heller ikkje hilse på folk.. og da tenkte eg berre jubajuba- hur skal det gå??? Men det gikk det også gitt- måtte berre styre litt da- og det var jo lov..  ho inntok rommet verdensvant og trygg, hoppa opp på bordet og klar for å jobbe.

Juba var kjempe flink å trene med instruktøren i fyrste økt og i andre økta skulle eg overta.  Ho var sjølvsagt så flink atte  🙂  Når eg stod der var eg kjempefokusert og opptatt av at dette skulle bli rett tima, og det var så moro for oss begge.  Men rett før vi skulle  avslutte fikk Juba seg ein nesestyver delux.   Ho markere med snuten i det eg flytta pendelen til boksane  😦  Ho skvatt veldig for det gjorde sjølvsagt vondt og i det samme dette skjer ser ho på ein av mine medhjelpere, og som Rune sa så var det ingen tvil om kven som fikk skulda for dette  😦    Ufattelig kjipt!

Vi prøvde å få ho til å gløyme dette og jobbe vidare men det var ikkje snakk om så eg tok ho ned og gjekk ein runde rundt bordet og ho møtte på nytt blikket til Rune, så han stakkars følte seg uglesett og gjekk vekk fra bordet.  Vi prøvde å jobbe videre men ho lot seg ikkje heilt kjøpe.  Eg såg mot boksane og ho såg litt mot boksane, litt opp/rundt og mot meg.

Det er sjølvsagt dritt kjedelig når sånt skjer- virkelig ergelig!
Heradstveit-14+223[1]

Det hender man får lyst å grave seg ned når det skjer sånt..

Men eg gremmes litt over at eg ikkje klarte hjelpe ho til å løyse opp..

Eg blir jo fort satt ut når det skjer noko sånt, og eg må forholde meg til både Juba og instruktøren og aller helst gjere det rette litt fort..  det er ikkje så lett, det blir litt krøkkete.

Men eg har tenkt litt… eg trur faktisk det ofte kan vera mot sin hensikt å prøve vidare på søket medan ho er mest opptatt av å finne ut kva som skjedde..   nesten så ho vart enda meir usikker da, enda vanskeligere å lure tilbake.  At ho heller ikkje får noko “svar” fra meg som kun stirrer inn i den skumle boksen trur eg heller ikkje hjelper på..  eg tenkjer ikkje at “trøst” er riktig men det å løyse opp i “nuet” nokre sekunder i staden for å avlede om det går an å skjønne kva eg meiner..?  leik er jo også berre forstyrrelse der og da..

Eg klandrer for all del ikkje instruktøren, han er dyktig og gjorde ein knall god jobb og fikk ho jammen til å markere igjen så vidt det var på siste økta.  Trur dei aller fleste hadde komt med akkurat dei samme rådene og er sånn sett heilt etter boka.

Må nesten le litt også.  Etter at dette skjedde så vart det veldig stille i lokalet når Juba skulle på plattformen- vi høyrde knapt ei pust  :-p   Alle ville ta hensyn men det var eit klokt hode som såg galskapen i dette så vi satte på radio når det vart Juba sin tur igjen.

Bortsett fra dette var kurset knall bra og lærerikt.  Ikkje minst var det ein flott gjeng å bli kjent med!
Eg har kjøpt litt utstyr og skal ha nokre baner å trene på.  Om litt er eg sikker på at Juba er på søket igjen, det gleder eg meg til!

Legger inn ein morsom film med ein irsk setter på plattformen.  Fantastisk moro å sjå på han.

Det er heller ingen tilfeldighet at eg filma denne gutten, eg er veldig opptatt av at jakthundane får vist at dei kan meir enn å jakte ein gong i året.  Tenk om alle settere hadde hatt det like godt som han og fått muligheter til å jobbe på dette viset  🙂

Dette vart sikkert ein litt rotete blogg, ser over den seinere for no vart eg så trøtt..

 

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

2 Responses to Spesialsøks-kurs

  1. thomasheilov says:

    Artig å lese, men ikke artig at du /dere fikk den opplevelsen. Men Juba var kjempeflink, så dette får dere til under nye omstendigheter. Artig å se filmen også 🙂 Ja, Dino skal nok få prøve masse i denne retningen, kjempeartig å trene på denne måten. Han elsket det jo!!!!
    Håper vi treffes igjen på kurs, trening eller no annet med våre kjære firbeinte venner!

    • Takker for helsing. Vi må berre komme i gang med treninga igjen, veldig moro var det! Kjedelig at vi var så uheldige men vi må berre stå på vidare!
      Og Dino var verdens lukkeligaste på bordet 🙂

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s