Årets happening :-)

Mange har spurt om eg kan blogge fra kurset med Heather Smith i regi freestyleforeningen og det har eg enda ikkje klart å somle meg til gitt..  kurset 5-6 april..

Eg ser Nina Haaland ved Hundifokus har oppsummert bra i sin blogg så eg kan berre signere det og henvise dei som er int i å lese meir til bloggen hennar.

Elles var jo dette årets happening for oss freestylere  🙂

Eg og Tina reiste på foredrag kvelden før med MichellePouliot og det trur eg er noko av det beste eg har vore på, nesten på høgd med Emily Larlham.  Skulle gjerne vore med på resten av kurset her også, veldig synd at to så flotte kurs går samme helg!

Vi var begge trøtte etter lang arbeidsuke og fikk lite tid til lufting og pauser før vi reiste avgårde men det gjorde ingen ting- vi våkna kjapt når dama begynte å snakke.  Her vart det lagt opp til meir avanserte trix og det vart presentert mange ulike måter å komme til målet.  Vart så inspirert!

Dagen etter stod kurset med Heather Smith for tur.  Sjølv var eg i elendig form og Juba var litt sitrete og klødde ein del denne dagen så vi tok det heller litt rolig.
Dagen etter var Juba meir på lag og eg var litt sprekere også da  🙂

Det var ein del øvelser som vi skulle kaste godbiter som belønning og alle hundane trente samtidig.  Eg føler meg ikkje heilt vel med så mange ukjente hunder og kasting av godis..  ikkje er eg så flink å kaste sjølv og trur det er fleire som kanskje sliter litt med det samme  :-p
Derfor spurde eg Heather om eg heller kunne få litt tilbakemeldinger ang min musikk og program i staden for at ho hjelpte meg ang desse andre øvelsane.  Og på slutten av kurset gjekk vi gjennom mitt program som eg ikkje hadde trent på sidan konkurransen i mars.  Eg har vore veldig usikker på om det var god nok musikk til å få fram alt av posisjoner sidan det blir så lange “ski og rideøkter” der..  Men kort fortalt fikk eg mange gode tips med meg vidare og Heather sa ho elska musikken min- så da landa eg på å fortsette med den.  Har endelig fått trua tilbake på at det kan bli bra  🙂

Som alltid veldig moro på kurs og spesielt med så dyktig instruktør.  Personleg  hadde eg ønska litt meir fokus på avanserte øvelser men alt i alt meget bra kurs.

Her er bilde av gjengen som var på kurs  🙂

FS-Heather+Smith+323[1]

Mange ivrige freestylere  🙂

FS-Heather+Smith+161[1]

Det koseligste bilde fra helga var nok dette.
FS-Heather+Smith+111[1]

Og så var dette bilde ganske morsomt også  🙂

FS-Heather+Smith+019[1]

Og her er to nye stjerner i sikte- Annette og Milli  🙂

Eg og Tina budde på hotell og dei aller fleste vart med ut og spiste god mat på indisk resturant på lørdagen.  Takk til alle for ei super freestylehelg!

Elles har eg og Juba begynt å trene inn eit morsomt freestyle-program  😉
Desverre ser eg at eg må fortsatt vera veldig forsiktig ang øvelser og brå bevegelser, ho blir fort halt og stiv i bakparten.  Synes det er veldig kjedelig, ho har jo SÅ lyst å jobbe men det straffer seg fort.  Vi får satse på at Renate Nydal tar turen til Svenseid igjen om ikkje alt for lenge og “fikser” alt igjen!  Om det er andre som vil ha ein sjekk på hundane så gi ein lyd.
juba+%252B+Troll-+april-14+176[1]

Juba har blitt veldig glad i flaska si som er med i vårt neste program  😉

Denne jenta kler lissom å vera elegant og flott i eit program, og litt “rølpete” og morsom i neste- juba juba!  Blir spennande å sjå kor tid vi kommer i mål med det..

Men ein ting må eg berre sei- ho har god hukommelse!  Når eg prøvde å få til litt trening her i stad så vart eg heilt ør og kom heilt ut av kjeden etter andre øvelse- men ho stoppa berre opp og såg dumt på meg og fullførte resten av kjeden heilt uten hjelp fra meg.  Dette klarte ho etter kun få repetisjoner- fantastisk!  Så den jenta er klok!

 

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s