Ny identitet ;-)

Ja da er det ein mnd sidan Juba vart kastrert og ho er som venta i farta igjen.  Sjølv er eg veldig glad for at dette er overstått og at det har gått så bra.  Det beste av alt er nok at eg allerede ser litt endringer i heimen…
Juba har som kjent vore litt “høg på seg sjølv”, har ikkje mangla på sjølvtillit der i gården.

Det fyrste eg merka meg etter operasjonen var at ho vart opptatt av å lukte på tisset sitt og mudiane sprang til og studerte leeenge der ho hadde satt seg.  Tydleg at noko var i endring tenkjer eg da.

Når eg såg dette kom eg til å tenkje på det ein vetrinær sa til meg når eg måtte kastrere min kerry blue Hero for mange år sidan.  Ho sa eg måtte vera obs på at hunden ville komme i ei “identitetskrise” og at eg burde gjere masse kjekke ting og ikkje minst trene på det eg ville endre på og rose masse sånn at han vart glad og fornøgd etter inngrepet.  Han vart også opptatt av sine egne dufter etterpå, nesten som han måtte finne seg sjæl på nytt..
Før han vart operert var han  veldig glad i å markere og gjekk nesten i spagat og pissa i “motbakke”  :-p  Etter at han vart kastrert endra han personlighet på mange måter og det varte ikkje lenge før han satt og tissa, det hadde eg aldri trudd om han nei!

Med Juba har det ikkje gått så lang tid enda men ho virker litt “rundere” i kantane allerede faktisk..  Ho har for eksempel “brauta” seg rett fram og mudigutta har vika plassen når ho kjem, men no har dei tørt å protestere meir og ho gir seg!!!  Elles har ho leika meir med gutta også, blitt meir leiken  🙂  Synes dette lover bra!

Trist at det ikkje blir valper som eg hadde håpa på men no får vi holde fokus mot konkurranser i staden.

Lurer på om det er fleire som merker adferds-endring så fort hos hundane etter at dei har blitt kastrert?  Og har dette i så fall vore informert om i forkant?

Trening+08.12-13++Julesn%25C3%25B8en+kom%2521+362[1]

Trur Mikke og Atillus synes det er ok at vi har “fiksa!” litt på Juba 😉

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

2 Responses to Ny identitet ;-)

  1. merete says:

    Min første hund ble kastrert pga livmorinfeksjoner. Hun var en svært redd type, men merket ingen endring i gemyttet hennes etterpå, eneste som var nytt var at hun begynte å spise mer og la på seg.
    Mia ble kastrert pga redsler i forkant av hver løpetid, pluss at hun var veldig forstyrret og lagde et evig kaos. Hovedgreia var at hun prøvde å grave hull i veggen, gravde i gardinene så de datt ned osv. Også peip hun mye, virket bare helt utenfor. Alt dette forsvant med en gang etter kastrasjonen.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s