Ståa på Svenseid.

Sidan sist har det stort sett vore roleg her på bruket.  Eg kommer ikkje så langt om dagen  med den vonde  “ribba” mi og vi har snøa inne  :-p
Gleder meg veeeldig til å bli frisk og rask igjen og ikkje minst klare å komme utenfor Svenseid ved eiga hjelp!  Og eg savner veldig å trene med hundane, eg var jo SÅÅ klar for å komme i gang med trening/konkurranser dette året!  Frustrerande at det atter ein gong skulle skje noko her.

Men det er aldri så galt at det ikkje er godt for noko.  Det var planen at Juba skulle kastrerast denne mnd, noko eg har grua meg til.  Kjente eg mista litt trua på at eg skulle få det gjennomført, åssen skulle eg klare å lufte ho i band med ein meter snø på tunet- ho nyoperert og eg med mitt.  Men samtidig ville eg få det gjort medan eg er sjukemeldt og kan passe på ho heile dagen.  Så vi “hoppa” i det og no er det gjort.  Kristine stilte opp som sjåfør og støttekontakt så det gjekk bra!  Veldig glad for god hjelp!

Fyrste døgnet var Juba heilt utslått så eg kjente det godt i magen..  Men dagen derpå var ho så kvikk og fornøgd.  Ho kommer seg fort men må haldast i ro nokre veker.
Eg føler ein stor lettelse, no slipper vi innbildt drektighet og melk i pattane.  Trur Juba vil få det mykje bedre.  Ang konkurranser/trening har Juba imponert meg stort.  Ho har jobba uansett løpetid og “valper” men ho takler verden elles dårlig i desse periodane.
I løpetida har ho vore så ivrig at mudigutta gøymer seg under sofaen, og ho prøver å hente dei fram…  eit himla liv i heimen.   Nokre mndr etter er ho ikkje lenger på godlag, da vanker det ørefiker  😦  Håper alt dette blir bedre no.

HER er film fra høgløpske tider.  Mudigutta gøymer seg og Juba stakkar skjønner ingen ting..  Blir godt å slippe dette framover!

Når Juba fyrst var dopa tok eg rønken av ryggen også og der var det forkalkninger nederst i ryggen  😦  Det er sjølvsagt veldig kjedelig men ikkje overraskande.  Eg begynte i alle fall å trene HTM i staden for FS når eg såg at ho vegra seg for enkelte øvelser.  Det viser atter ein gong at eg har rett i det eg “ser”, at eg ikkje berre er overbeskyttande.  Veldig glad eg ikkje pressa ho når eg følte det var noko galt.  Seinere tid har ho vist smerte ved at ho halter men da har ho virkelig vondt  😦  Veldig glad for at vetrinær og kiropraktor Renate Nydal kan hjelpe med å holde ryggen best mulig bra!

Når eg elles har så godt tid prøver eg å gjere ting eg aldri får tid til elles, og i dag har eg laga filmen av Lilly når ho reiste til Rita.  Trist å lage den når Lilly ikkje lenger er blandt oss men eg ville lage den lell.
Film fra da Lilly vart henta HER

Gleder eg meg veldig til eg kan kjøre igjen, gå på jobb, ta ein tur vestover osv.  Kjenner eg blir litt rastløs av å vera så masse i ro.  Heldigvis er hundane enn så lenge godt fornøgde med nokre springerunder i skauen.
No er ferieplaner lagt, eg har sortert i bilder, filmer, redigert musikk og satt opp plan for kurs / foredrag så her har eg fått unna litt.  Så igjen, aldri så galt MEN no vil eg opp av sofaen!!!  Vi får håpe på bedre tider til våren ein gong!

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s