Natt-blogg

Da sitter eg her kl 03.00 på natta å blogger gitt.  Jammen bra ein har noko å ta seg til når man ikkje får sove..

Det er nesten så eg ikkje tør si det høgt men eg har altså klart å vera uheldig igjen…  har tryna og ikkje minst gått på rygg 2 gonger i uka som gikk.  Det enda sjølvsagt med ribbeinsbrudd og det er ille vondt  😦  Det var ikkje så ille med det samme men vart berre verre og dei siste nettene har eg sove (?) sittande.  Men no har eg fått gode smertestillande tabeletter og må holde meg i ro.  Må berre ha litt påfyll og håpe at smertene slipper taket igjen.

Om nokre timer kjem vetrinær og kiropraktor Renate Nydal hit igjen for å behandle mange hunder.  Nokon kjem for å ta ein sjekk på om alt er bra, andre kjem fordi hundane allerede viser at dei har plager.  I går kveld fikk både Juba og Atillus behandlinger dei hadde godt nytte av, spesielt Juba hadde stramme låsninger i ryggen.

Har elles bestemt meg for å kastrere Juba no før neste løpetid og det gruer eg meg veldig til men vi må berre gjennom det.  Ho har det ikkje godt med innbildt drektighet, ho plages med melk, uro, stress og ho blir bitch mot andre hunder.  Tenkte at da får eg hoppe i dette medan eg er sykemeldt likevel, da har eg ho under kontroll heile dagane etterpå.

Elles har det vore ei uvirkelig uke.  I går var vi i begravelse til Kristine sin kjære samboer Harald.  Ufattelig trist når ein ung mann på 40 år dør.   Kristine holdt så utruleg fin tale i kyrkja, det trilla mange tårer da.

Ser at eg kunne vore flinkere å blogge etter kvart, det skjer stadig noko her på Svenseid. Forrige helg hadde vi treningshelg her og denne helga er Renate her.  I morgo skal eg ha intro freestylekurs her- får tru eg er i stand til å bruke munnen og ikkje minst vise nokre filmer.  Tina har sagt ho vil stille opp med demohund så vi komme nok i mål.

Håper at folk kommer i gang og får lyst å lage freestyleprogram.  Hadde vore moro med nokre nye rekrutter til stevnet vårt i Lunde i juni  🙂

Kanskje eg får til å blunde nokre timer før det kommer folk her i dag.  Får prøve på det..

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s