Norgesmester HTM 2013

Ja tenk, sånn kan det gå.  Team Eva/Juba stakk av med den gjeve tittelen gitt.
DSC02865[3]Stolt av go-jenta.

Elles er eg heilt overvelda over alle meldinger og helsinger-så moro å få så masse respons da!!!
Det er jo ein flott tittel men det var sånn at dei beste utøvarane i sporten av ulike årsaker ikkje kunne stille, enten fordi hunden eller dei sjølve ikkje var klare- eller at dei prioriterte berre ei grein denne dagen…  Og derfor vart dette vår tittel da  🙂

Men når det er sagt så var eg så utruleg godt fornøgd med Juba denne dagen.  Vi kom bort i seinaste laget og vi måtte jobbe litt for å komme oss inn dørane- veldig irriterande når vi straks skulle i ringen.  Så det vart rett og slett litt stress  😦
Men av alle ting så fikk eg kontakt med Juba allerede på veg inn og eg kjente med ein gong at ho var ei anna jente enn ho var i Danmark for nokre uker sidan.
Vi kom inn og heldigvis så var Annikken der og da kunne eg riste av meg litt stress og usikkerhet rund alt som skulle skje.  Pusta med magen og vi fikk lande før vi skulle i ringen.

Når det var vår tur var vi på nett og vi gjennomførte eit program på 3 minutter.  Vi missa fleire flotte vendinger og det var på ingen måte perfekt men likevel det beste vi har prestert.  Og dette på tross av at Juba nettopp har hatt “valper” og eg vart sjuk når vi kom fra Danmark.  Så vi har knapt trent siste tida, men eg la inn ein ny øvelse siste uka og den fiksa ho glatt på NM  🙂

Vi fikk bra poeng fra 2 dommere men ikkje fra den 3.  Det var ikkje uventa sidan eg visste ho ikkje likte musikken min eller min fortolkning av den etter kurs i sommer.  Sluttsummen vart likevel 22,6 og det er eg fornøgd med da  🙂

DSC02729[1]Her får vi blomster av dommer Carola Brusevold.
DSC02742[1]Er du stolt av med i dag tru ?  🙂

DSC02723[1]Kjekt med publikum og håper nokon vart litt nysgjerrige på denne flotte sporten da!

Så ein ting er tittelen vi fikk, men det som betyr mest for meg er at Juba takla dette såpass bra på tross av at ho ikkje har blitt trent fysisk eller mentalt siste ukene.  Og at ho oppførte seg så fint og heilt uten tull føltes bra!  Fra å vera hormonelt troll i Danmark til stolt dronning på Dogs4All  🙂

No legger vi bort panfløytemusikk og satser friskt med noko heilt nytt til neste gong vi skal i ringen  🙂

Her er vinneren av Freestylen, Marianne og Vikki.

DSC02849[1]Desse to reiser til Crufts i mars, heilt RÅ desse to!
DSC02583[1]Annette og Enya kom i “ny drakt”- veldig moro å sjå.  Grattis med 2 plass i FS.
DSC02627[1]Her er Marianne og Qatla som vart nr 3 i FS.  Grattis.
DSC02693[1]Flotte premier som skulle delast ut.  Fin den mørkeblå rosetten da  😉
Og her er dama som har full kontroll på NM!

DSC02689[1]Neste gong får du ta hunden med deg i ringen Ellen  🙂

Her er vakre Izi-gutten som fikk utdelt pris for årets HTM-hund.
DSC02756[1]Han har allerede fått fleire Cert.

Elles må eg berre få med at Juba vart 3 år i går!

DSC02445[1]STOR og flott aussiejente dette  ❤

Gleder meg til å finne på mange nye sprell med Juba  🙂

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s