Nordisk Mesterskap

I helga var vi altså på Nordisk mesterskap i Danmark-Herning.
Å vera med på noko sånt er stort, spennande og lærerikt.
DSC02085[1]Her er eit bilde fra opningssermonien som var fredag kveld.

Som de ser er banen vi skulle gå på ganske så stor.  Følte meg heilt lost på banen når vi skulle trene kvelden før.  Eg valgte å ha 5 min aleine på banen i staden for å trene sammen med alle.  Vi kom fram kun minutter før vi hadde vår treningstid så da var det like greit å lande litt før vi skulle prøve å trene.  Når eg da gjekk inn på den store banen aleine følte eg meg ikkje heilt bekvem nei.  Så liiiiten i så stooor ring- iiik!

Juba var ikkje spesielt fokusert og treningsvillig heller så eg kjente meg sånn passe fornøgd.  Heldigvis hadde vi god tid før vi skulle i ringen dagen etter.  Da fikk ho landa og ho sov fleire timer i buret sitt også  🙂  Det var stort område og alt låg til rette for at hundane skulle lukkast.  Stor oppvarmingsring og bra opplegg.

Når det var vår tur så følte eg at alt rundt var bra men eg måtte likevel jobbe hardt for å holde Juba fokusert.   Vi gikk inn i ringen og starten vart ok men Juba stopper opp og klør seg fleire gonger under programmet  😦
Da kom eg heilt ut av det og det gikk litt i ball.  Og når eg veit at ein heil “verden” der ute ser oss på direkten så blir det litt spesielt.

Kløe kan jo vera eit dempande signal, men Juba begynte å klø litt før vi reiste og det berre fortsatte resten av helga så det er fort  reelt- desverre.   Når det er sånn må ho vera veldig motivert for jobben om ho skal oversjå kløen i alle fall.

Når Juba vart utreda for allergi/kløe så vart det sagt at dette kunne vera hormonelt betinga sidan ho vart så ekstremt plaga når ho vart innbildt drektig.
Før vi reiste avgårde såg eg jo tendenser til graving og kløe men ville ikkje ha for masse fokus på det da.  Men eg er ikkje lenger i tvil, ho har melk og har generelt vore urolig og klør.  Veldig kjedelig!

Og ein ting er konkurransen, der kunne eg gjort det lettere for ho og det er jo bra at ho klarde såpass “tross alt” eigentleg.  Men når ho er så hormonell blir ho heilt ubrukelig elles også  😦  Ho viste tidleg at ho kunne vera veldig reservert over for enkelte mennesker uten at det er noko problem i kvardagen, men i hormonelle perioder har eg sett at det kjem att.  Da kan ho trekke seg litt for folk, men denne helga oppførte ho seg heilt tullete på enkelte folk (ungdommer som leika seg) og det vart vanskelig å nå inn  😦  Ho var også bitch mot andre hunder, så ufattelig kjedelig!!!

Men det er jo klart at dette vart for masse for ho i denne tilstanden, det skjer masse på eit sånt stort mesterskap og da er fyrste bud at hunden er i topp form.  Det er jo hunder over alt men eg prøvde å skjerme ho mest mulig når eg såg kor det bar hen.  Sånn sett så burde eg nok ikkje reist med Juba denne helga, men hadde eg trekt meg fra mesterskapet så veit eg ikkje  heeeilt om det hadde vore greit heller..

Det som bekymrer meg mest no er at eg må ta eit grep ang Juba-ho kan ikkje ha det sånn. Ho plages virkelig og ho er slett ikkje mykje sjarmerande når ho holder på sånn.  Eg vurderer kastrering/sterelisering- men det gruer eg meg for!  Det er ikkje så mange ting i verden som stresser meg men å dope ned hunden for operasjon stresser meg veldig!  Ikkje berre operasjonen men eg er veldig bekymra for komplikasjoner i etterkant også.  Eg har jo mine grunner for at det har blitt sånn og derfor gruer meg veldig for evt operasjon.  Men når ho er så hormonell er eg  redd for livmorbetennelse også så det hadde vore SÅ godt å bli ferdig med det!
Eg ringde Hønefoss dyreklinikk for å høyre ang kikhulls-kirurgi som er ein mindre operasjon men da skulle hunden vera under 2 år og da er ikkje det aktuelt.
Sånn eg har forstått det bør eg velge vetrinærer som gjer dette inngrepet ofte for å få best mulig resultat, ikkje alle er like glad i dette inngrepet og anbefaler det heller ikkje.
Om nokon har peiling og gode råd tar eg i mot med takk!  Kjenner eg må legge ein god plan for dette kjapt!
Har fort lyst å lytte til dei som ikkje anbefaler operasjon, men det spørst om eg ikkje angrer når neste runde kommer…

Det vart mange tanker rundt Juba og det er der fokuset mitt er no ja.

Bortsett fra dette hadde vi ein super tur!  Flott gjeng å vera sammen med og alltid moro å bli kjent med nye mennesker!  Og jammen trur eg Inga fikk tent ein liten gnist ang denne sporten også- YES!    🙂

Marianne og Vikki imponerte som vanleg stort!  Dei vart nr 4 i FS!  Det har blitt veldig høgt nivå så dette står det respekt av!

Desverre vart musikken til Jessica stoppa før tida så ho fikk velge å fortsette derfra eller starte på nytt.  Ho valgte det siste men braut pga at Izi stressa seg opp.  Dette vart utruleg kjedelig sjølvsagt.

Elles vart det 20 p til meg og 16 til Ine i HTM.  Marianne og Qatla fikk 21,5 i FS, og der var det fin flyt og morsomt program!  Meir detaljer og filmer ligger på FB om nokon er int.  Eg skal laste opp film om litt.

DSC02260[1]Her får HTM-gjengen fin grønn rosett!  Juba var så konsentrert og søt her  ❤
Fine Izi pynter opp med norskeflagget på seg!

DSC02275[1]Og her er heile den norske gjengen samla.
Eva/Juba, Ine/Merlin, Jessica/izi, Marianne/Quatla og Marianne/Vikki.

Elles vart det ikkje så lett å ta bilder med den blå-fargen på teppe- så det vart mest oppstilte bilder for elles vart det enda meir uskarpt.

I går vart eg sengeliggande- vondt i heile kroppen og ikkje minst halsen, og det svir og renner i øynene  😦  Håpte eg skulle føle meg bedre i dag men er langt fra frisk.

Elles har Mikke vore på luxus ferie hos Liv Anne.  Han har over hode ikkje savna meg  😉
Da har han hatt det godt!

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s