Ingen hundeblogg..

I dag kom eg over ein artikkel på FB som engasjerer meg veldig.  Eg skriver som ofte om noko som hjelder hund men denne gongen gjelder det eit anna tema som engasjerer meg som førskolelærer.
Det er ein førskolelærer som har blogga om eit viktig tema, nemmelig å SE barn som ikkje har det bra, og ikkje minst gjere noko med det!
Legger inn linken HER

Eg har jobba i barnehage mange år og det er ingen ting som er så ille som å sjå/ane at det er noko som ikkje stemmer uten at vi får gjort noko med det.  Grunnane til det kan vera mange, men barna er utvilsomt prisgitt dei voksne som er rundt dei.  Desverre er det alt for mange som aldri burde jobba i barnehage, som faktisk ikkje har evnen til å sjå barna sine behov eller det dei faktisk prøver å formidle.
Her ligger nok største delen av problemet trur eg, personlige eigenskaper burde vore høgare verdsatt.  Høgare utdanning og meir fokus på barn som ikkje har det bra burde hatt større plass under utdanninga også.

Elles trur eg det fort er lettere å si fra/gripe inn der foreldre har “lavere” status.  Desverre har vi vanskelig for å sjå/forstå/tru at eit barn med foreldre som har viktige jobber eller har rette trua ikkje strekker til som foreldre, eller kan direkte mishandle barna på ulike måter.

For nokre år sidan kom ein ungdom som eg hadde hatt i bhg bort til meg og takka for at eg hadde sett og forstått..
Den gongen var eg ung og naiv, men eg fikk ein følelse av at barnet ikkje hadde det bra og viste ekstra omsorg.  Trur fort dette barnet vart oppfatta som trassig og bortskjemt av dei fleste…  Personalet viste stor respekt for foreldre og alle var vel einige om at barnet hadde masse trass..

Sånne erfaringer er sterke, og mange gonger tenkjer eg at vi har skremande masse ansvar som jobber med små barn.

Eg har som sagt jobba i mange barnehager og avdelinger, og ein ting er heilt sikkert:  Personalets holdninger/erfaringer pluss personal- sammensetninga har utruleg mykje å sei for at barna skal få det beste og ikkje minst bli sett og hørt.
Skal eg vera heilt ærlig så har eg vore på avdelinger der eg ikkje ville levert mitt eige barn.

Elles tenkjer eg at det trenger ikkje alltid vera “omsorgssvikt” før vi som jobber i bhg bør reagere.  Gjerne er det familier som sliter med ulike ting.  Vi som jobber med barna kan da bidra på ulike måter for å gjera kvardagen til barnet lettere, men da må vi i fyrste omgang klare å fange dette opp og vera tøffe nok til å ta tak i dette.

Generelt er bhg opptatt av å planlegge og legge til rette for ulike aktiviteter og dokumentere dette.  Ofte når dette er unnagjort så det pauser og andre praktiske ting som skal gjerast og den/dei som ser etter barna er mest opptatt av å telle, sende barna på toalettet osv.  Eg trur nok vi kunne fått meir ut av dei ressursane vi har med å prioritere enda bedre, men det er ofte travle dager.
For å fange opp meir kva som rører seg hos barna trur eg at det er viktig med personale som er oppriktig interessert i barnas ve og vel, som har kunnskap/forståelse for barns utvikling og er mentalt til stades “her og no”.
Det å ha ro/tid og egenskaper til å skape tillit og gode relasjoner er heilt nødvendig også for å kunne fange opp om det er noko galt.

Kjenner eg blir i overkant engasjert når eg leser sånne artikler som dette.  Synes det er bra at nokon tør å si noko høgt!  Mange førskolelærere er nok usikre på kor tid og korleis man går fram i vanskelige saker.  Kan henda er vi litt redd for å bli upopulære også..

For ordens skuld kan eg si at eg no jobber på ein avdeling eg gjerne ville levert barnet mitt.  Og i barnehagen min er det mange dyktige førskolelærere og vi er super heldige som har så dyktig ledelse.

Advertisements
This entry was posted in Aktuelt. Bookmark the permalink.

2 Responses to Ingen hundeblogg..

  1. Inga says:

    Heldige er de barna som er på din avdeling Eva ❤

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s