Travle tider, mildt sagt!

Ja no har det balla på seg igjen her gitt…

Kvar einaste kveld denne uka har eg hatt kurs, avtale eller trening- til og med fredags-kvelden vart booka denne uka.  Vi hadde meldt oss på foredrag med Lars Felt, ein kunnskapsrik mann som alle aktive innan hund veit kven er.

Må innrømme at det vart vel hektisk uke og eg angra eit øyeblikk på at eg hadde meldt meg på dette foredraget.  Slitsomt å reise på direkten fra jobb og rett til Drammen.

Men vel framme må eg sei eg vart litt forundra- det var 14 stk som møtte opp for å lytte til denne mannen, det er jo heilt vilt!  Kor er alle aktive hundetrenere???!

Kvelden var vellukka- eg fikk bekrefta/forklaring på ein del ang trening som har opptatt meg masse siste tida.  Synes eg ser altfor mange hunder som bikker over i stress når dei jobber.  Synes ikkje det er fint å sjå på, det er ikkje sunt for hunden og det kan fort bikke over å ødelegge på konkurranser.  Dette i seg sjølv vart nesten verd turen for meg- utruleg kjekt med sånne AHA-opplevelser!

Elles har eg avslutta eit valpekurs denne uka og er veldig glad for at dei fleste har lyst å fortsette å trene med hundane.  Eg har lagt til fleire i “Gnisten for Alle” gruppa og folk trives på treningane.  Moro!

Til helga skal eg ha eit spesielt freestyle-kurs som har vor planlagt og fulltegna lenge før eg ante kor travelt det skulle bli denne høsten.  Gleder meg spesielt til Rita som tok så godt vare på Lilly kjem sammen med dattera Ida som skal gå på freestylekurset.  Hadde jo gleda meg sånn til å treffe Lilly igjen så eg kjem nok til å savne lille-jenta ekstra denne helga.  Men uansett synes eg det er veldig moro at dei kjem på besøk igjen.

Lilly+blir+henta+125[1]Leikne og herlige jenta- stort savn!

Elles blir dette fyrste kurset etter at treningshallen er heilt ferdig.  Gleder meg veldig masse til det!

Elles ser eg at uka som kjem blir minst like travel så eg må sikkert ein tur til Skien i dag for å kjøpe antrekk til NM.  Da får eg ta med Juba så vi får trent litt innimellom!

Satser på ein sykkeltur med Juba også denne nydelige høst-dagen.  Fantastisk flotte farger ute i naturen no- høsten er berre best synes eg.
Innimellom alt anna skal eg prioritere trening og turer med hundane.

Ha ein fin dag!

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

2 Responses to Travle tider, mildt sagt!

  1. Merete says:

    Jeg holdt kurs selv på fredag, hvis ikke skulle jeg gjerne vært der!

  2. Veldig synd at det var så få som kom på dette foredraget ja. Synd du hadde kurs sjølv denne kvelden.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s