Fullt opp på tapeten!

Så er eg “der” igjen…  få ledige timer og ein travel kvardag.  Eg som skulle gire ned maaaange hakk…  Men på andre sida er det mange kjekke ting som skjer, så her er det berre å henge med som best ein kan  🙂

I går var eg på Eva Bodfelt føredrag i Skien, det var vel verd å få med seg sjølv om eg angra litt før eg kom meg avgårde.  Eg var så trøtt etter torsdagens lange dag med jobb og styremøte i freestyleforeningen,  da vart kl 24.00 før eg sovna og så var det opp kl 05.00 dagen etter. DA frister det ikkje å reise ut igjen på kvelden nei.  Men når eg fyrst kom meg avg og hundane vart lufta av Sølve og Micael var det berre moro, vel verd turen!

No har eg sove godt og vakna før kl 06.00 som vanleg og er heilt klar for å rydde i heimen og trene med hundane + + +

Eg må også legge ein plan for fleire kurs,  moro at så mange blir anbefalt å gå kurs her  🙂  Takk til alle som anbefaler Gnisten sine kurs!

Eg er spesielt glad for at mange ønsker å læra enda meir etter at dei har vore på valpekurs, og eg fokuserer da mest på spor eller om Kreativ Lydighet sidan dette ligger mitt hjerte nermast.  Sistnemde krever ofte litt tid til å modnast, mange er nok litt skeptiske men fleire har likevel meldt seg på freestylekurs siste tida.  MORO!

No holder eg også på med siste innspurt av trenings- lokalet mitt og eg er så takknemmelig for denne muligheten.   Det blir ein heilt annan verden ang treninger og kurs.  Det eg er aller mest fornøgd med eg det gode underlaget som er dempande, lunt og sklisikkert.  Får berre lyst å trene på “labbeleisen”  🙂 Her kan to og firebeinte hoppe og rulle så masse man vil uten at det blir vondt i kroppen.  For meg med 27 skruer/plater i ankelen + “beinsement” i hofta og skade i kneet betyr det sjølvsagt veldig masse ang mengdetrening.  I staden for å vera mindre aktiv legger eg til rette for at eg skal kunne trene meir uten at det blir vondt!  For hundane er dette noko heilt anna å trene på enn harde og glatte golv også.
Underlaget er også lett å holde reint om det skulle skje uhell så setter det seg ingen lukt. Det blir effektiv oppvarming også så no kan vinteren berre komme  🙂

Trur eg kjem til å flytte inn i det eg skal kalle “Go`stova”.  Det blir som ei stor stue der det blir aktiviteter, treninger og kurs- og poenget er at det skal vera godt å vera der for to og firebeinte  🙂

I morgo blir det søndagstreff igjen med “Gnisten for Alle” ved FK-butikken i Bø.  Gleder meg til det!

Da er det berre å hive seg rundt for å komme i mål med alle planer for dagen!

DSC04798[1]

Får blandt anna rydde vekk siste rest av sommaren, no er mine valmuer visna.

Ha ein fin dag!

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s