Konkurransen i Kongsberg 25 august.

Har ikkje fått blogga fra konkurransen som var på søndag, det er kanskje på tide før det går i gløymeboka..

Eg var jo veldig klar for ringen denne gongen sjølv om eg ikkje har fått trent så masse som eg hadde ønska (igjen).

Vi kom på stevneplassen i god tid og vart tatt godt i mot av arrangører som hadde orden i sysakene, fint vær var det og flott grusbane.  Alt lova godt med andre ord  🙂

Eg og Juba starta dagen med deby i FS, noko som skulle vera oppvarming til den “orntlige” konkurransen i HTM.  Vi hadde ikkje trent inn noko ferdig program  så vi hadde ingen forventninger der så det vart ei blå sløyfe der.

Når det så var vår tur i HTM-klassen trudde eg at det var enda ein som skulle i ringen fra oss så det kom litt brått på, noko vi rett og slett berre må trene oss på!  Det skjer jo ofte at folk trekker seg, disker o.l så vi må vera klare i god tid.

Eg var VELDIG klar for opprykk til kl 3 denne dagen, men det enda altså med disk før vi fikk starta  😦  Synes det er veldig trasig rett og slett  😦

Når vi måtte inn i ringen litt fortere enn det eg var forberedt på så var det full skjerpings og kontakt, men rett før vi kom bort til ringen var det ei hund som trener løst og springer/bjeffer mot oss.  Eiger roper men eg stoler nok ikkje heilt på at situasjonen er under kontroll og blir veldig opptatt av å holde Juba fokusert på meg.   Når eg da går inn i ringen hadde eg ører og øynene i nakken samtidig som eg måtte “holde” på Juba, derfor gløymde eg heilt å ta av bandet før eg gjekk inn i ringen og dermed diska eg  😦

Men for all del, eg kunne ikkje gjort noko særlig annerledes.  Er det noko eg har stor respekt/angst for så er det nettopp at noko skal skje når eg entrer konkurranseringen.  Juba er ikkje ein hund man “ypper” med, og hadde det skjedd noko i ein sånn setting er eg redd vår karriere hadde fått ein brå slutt.   Sånn sett “tilgir” eg meg sjølv den teite tabben, vi kommer sterkere igjen vi!

Legger inn film fra HTM-konkurransen   HER

Etter konkurransen kom ein av dommarane bort for å si  at det ikkje var ofte ho vart rørt men det vart ho av å sjå deler av programmet vårt denne dagen.  Og DET betyr ein heil del da  🙂

Kongsberg+25+august-13+005[1]To dommere og ein dommer-aspirant jobber med å dele ut poeng.

Elles sjarmerte Tina og Cindy som vanleg da-legger inn film av dei to  HER

Kongsberg+25+august-13+146[1]Tina sanker premier  som vanleg  🙂

Synes det var veldig moro at Ida/Nico og Benedicte/Mira reiste den lange vegen for å vera med på på dette.  Dei trente også litt i ringen og koste seg på stevne!

Kongsberg+25+august-13+263[1]

Desse to er i alle fall i gang med freestyle – MORO!

Kongsberg+25+august-13+321[1]

Ida og Nico er også godt i gang  🙂  Gleder meg til å følge desse to videre også!

Kongsberg+25+august-13+158[1]

Eirin speaker her  🙂

Kongsberg+25+august-13+026[1]
Ny stjerne i ringen om nokre mndr tru?  Lille Musli er berre SÅ SØT!

Kongsberg+25+august-13+136[1]Her er eit koselig bilde av Marianne og valpen Tiva  🙂  Tidleg krøkes !

Kongsberg+25+august-13+174[1]
Gleder meg VELDIG til å sjå desse to in real!!

Kongsberg+25+august-13+300[1]Framtidige freestylestjernene Tardis og Musli.

Elles fikk eg beskjed på mandag om å møte i Porsgrunn for å operere kneet mitt på onsdagen.  Det vart kort frist men eg var SÅ glad for å bli fort ferdig med det.  Men sjølvsagt vart eg forkjøla dagen før og var ikkje heilt i form når eg troppa opp kl 07,00 i Porsgrunn.  Legen lytta på meg og sende meg heim att, så kjedelig!!!  Men det var nok rett avgjørelse ja.

Så no må eg berre vente og sjå åssen det barker i veg.  Vanskelig å planlegge dei neste konkurransane så lenge eg ikkje er operert  😦
Gleder meg til å få det overstått!

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s