Besøk av Yoric med fam.

På torsdag førre veke fikk eg endelig besøk fra Sverige.  Eg var SÅ spent på å sjå Yoric att!

Og WOW- han kom ut av bilen og eg såg med det samme at han hadde lagt masse på seg, han var rett og slett råflott!   Stakkars Yoric måtte fint finne seg i litt tvangskos med det samme han kom inn porten- det var berre så godt å ta på han som var mest skinn og bein når han reiste herfra –  no var han full av muskler.

Elles hadde han ein heilt annan framtoning og meir harmonisk blikk.  Like energisk men mykje meir samla og glad.  AH- SÅ steike godt å sjå!!!

Henric tok han også ut av bilen uten band når det for biler forbi og eg kjente et øyeblikk at hjerte kom opp i halsen..  for Yoric var ganske heftig på å  gjete biler når han var her!  Dette er noko dei har jobba ein del med og Yoric har blitt så flink, han er nok aller mest opptatt av sin husse og har ikkje lenger samme behov for å gjete biler.

Yoric hadde jo ein del andre ting som måtte jobbast med også men han er jo så myk, førbar og takknemmelig hund å jobbe med.  Han er berre heilt spesiell sånn sett.  Han hadde utvikla ein heil del ressursforsvar og vokt som ofte kan bli eit problem på rasen.  Men allerede etter nokre dager her hos meg fikk eg plukka av ein heil del unoter, og da vart eg trygg på at det var håp for gutten.  Mange aussier som vokter/forsvarer er ganske rå og ikkje så lette å endre på, men Yoric viste seg å vera så veldig førbar.

Alt dette visste Henric om og han har jobba med det sidan Yoric kom i ny heim, og Yoric har gjort store sjumils-steg.  Etter berre nokre dager i ny heim var det slutt på vokting av mat og han fungerte godt i sin nye familie med store og små!

Eg hadde jo aldri sendt gutten avgårde til Henric sin familie om eg ikkje hadde hatt trua på at det ville gå bra, men eg tar det heller ikkje som noko selvfølge.  Yoric gjorde store framsteg her også men dei siste ukene eg hadde han var eg så sliten og ingen av hundane fikk nok,  ingen i heimen her hadde det bra da.  Og den som tålte det aller minst var Yoric, han vart heilt ubrukelig og stressa når han ikkje fikk brukt seg nok.

Det er mange som er opptatt av at hundane må få bruke hue for å bli harmoniske, og ja det er viktig.  Men eg synes den fysiske delen blir undervurdert.  For Yoric var det i alle fall viktig å få kontroll på kroppen før han hadde kapasitet til å bruke hue.  Han var ein ung juppling uten kontroll på kroppen så han hadde rett og slett stort behov for å bruke seg fysisk før han kunne ta inn så mykje anna.  Da fikk han også ut ein heil del stress og kunne klare å konsentrere seg bedre.

Den erfaringa er Henric heilt einig i, Yoric har stort behov for fysisk aktivitet og får det behovet dekka no.

DSC03392[1]  Henric berre SÅ glad i denne gutten-og det er berre SÅ gjensidig!  Det kunne ikkje blitt bedre enn dette altså!  Dei to passer så godt sammen!

Eg spurde Henric om han nokon gong hadde angra på at han kjørte den lange vegen for å hente Yoric og da svarde han kontant:  “Nei!  Inte EN enda dag har jag angrat på det!”

Så at Yoric har det bra i Sverige er det ingen tvil om!  Fortsatt er det nok ting å jobbe med, alt kan ikkje “fiksast” på eit halvt år.  Men det viktigaste er at gutten gjer framsteg og stoler fullt ut på sin husse!

DSC03387[1]Ser ut som Yoric er godt fornøgd med sin husse   🙂

På fredagen kom Camilla, “min” Mia og nokre veninner på besøk også.  Så da var det folksomt og “hundsomt”  🙂  Eg tok nermere 1000 bilder og i staden for å berre knipse så gjorde eg meg flid med vinkler og ikkje minst fin bakgrunn.  Hadde jo dei beste hundemodellane og tok mange flotte bilder, MEN dei er kort fortalt vekke  😦  Eg vart så deppa når eg oppdaga det.  Derfor har eg kun nokre få bilder fra fredagen men har ein del bilder fra lørdagen når Kristine kom innom for å hilse på Yoric.
Gutten var SÅ glad for å sjå Kristine att da!

DSC03556[1]Er det virkelig deg Kristineeeeee????

DSC03559[1]Juhuuuuuuuuuuu, klem  ❤
DSC03560[1]Se her husse hvem som kom på besøk til meg da!!!

DSC03564[1]ååååå- må koooose mer!  Hold på kjolen Kristine!

DSC03578[1]Kleeem!

DSC03579[1]Kræsj..

DSC03581[1]Flying aussie!

DSC03593[1]Se Kristine! Jag har ball, vil du leke??  Herlig utståling på den gutten.  Dei kulerunde øynene forteller det meste  ❤

Det var så mange koselige bilder her-moro å sjå at gutten vart så glad for å sjå att gamle kjente!

Fikk nokre koselige bilder av Malin/Yoric også  🙂
DSC03636[1]Malin og Yoric trener litt agility.
DSC03644[1]Upps- eit aussiehopp  :-p
DSC03712[1]God innsats fra Malin og Yoric  🙂

DSC03803[1]

Så Yoric har det jammen godt hos sin nye familie!  Høgt verdsatt hos to og firebeinte!

Gutten har altså komt til kjekke og flinke folk!  Malin er også dyktig ang spor og jobber med det innan forsvaret.  Så eg håper at dei kjem tilbake til Svenseid snart!  Malin vil gjerne holde eit sporkurs her og DET gleder eg med veldig til!

Planen er å danne egen Gnisten sporgruppe i løpet av høsten.  Og da trenger vi gode instruktører til å hjelpe oss vidare!  Gleder meg til dette allerede!

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

4 Responses to Besøk av Yoric med fam.

  1. Emelie says:

    Underbar läsning och härliga bilder 😀

  2. Inga says:

    Så utrolig moro å lese at alt har gått så bra til slutt med gutten 🙂

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s