Freestyle-stevne i Lunde

Da er årets happening overstått for denne gong.  Skal prøve å blogge litt før det renner ut i sanden her- må bli flinkere å skrive etter kvart men advarer om at eg er veeeldig trøtt så det blir sikkert  ein blogg deretter  :-p

Eg er rett og slett overtrøtt fordi det vart lite søvn i natt, og da fungerer eg veldig dårlig.  Så for min del vart det ein dårlig start på dagen og eg kom akterut før eg kom meg avgårde til stevneplassen.

Buksa eg skulle bruke hadde krympa (?) så eg fikk ikkje plass til støttebandage på kneet så da måtte eg tømme kleskapet og sjølvsagt  fann eg lissom ingen ting som passa lenger  😦  Sånn er det når eg ikkje kan gå lange turer med hundane ja..
Fann klær i ein fart og reiste avgårde, heldigvis fikk vi god hjelp til å sette opp ring, telt osv.

Eg hadde meldt Mikke på til FS kl 1 og han var fyrste mann ut.  Han er jo som vanleg søt og sjarmerande så lenge han er stille  🙂  Vi gjekk i ringen og han fikk ei blå sløyfe- heilt ok berre han kunne gjera nokre sprell uten for masse lyd  🙂

Etterpå fikk eg spm om eg ikkje ville satse meir med han sidan han ser så våken og arbeidsglad ut..  trur eg har fått sånne kommentarer kvar gong han har vore med, koselig det da men Mikke takler ikkje så bra miljøet rundt.  Og ja, kvar gong får eg høyre at det er berre til å trene på…  sosialisere meir osv…  Mikke er 7 år og har sine nøkker, sånn er det berre.  Men så lenge vi er på heimebane får han vera med.

Når me var nesten ferdige med FS delen kom det ei vanvittig regnbyge- himmelen opna seg  😦    Det vart ein kort pause før konkurransen fortsatte.

Når Juba skulle inn i ringen var eg veldig spent.  Eg har ikkje turd å trene så masse desse siste 2 mndr pga vondt kne, men tenkte at i dag skulle eg gi alt.  Eg er jo mykje bedre men når eg ser videoen så blir det litt merkelige svinger her og der..  Men det er jo ein ting- men eg klarde til og med å gå feil retning..  Synes jammen Juba er sporty og henger med tross masse rot fra min side..  så når vi nerma oss slutten klarde eg ikkje høyre etter musikken heller så det vart ein merkelig avslutning ja!
Legger ut film fra idylliske Lunde- flott plass å ha stevne på!

Vi enda opp med blå sløyfe og i staden for å vera skuffa over det tenkjer eg at vi tross alt har klart å komme mange hakk vidare i treninga.  No skal eg bli frisk i kneet att og da ligger det meste til rette for at vi skal få gode treninger framover!

Elles tenkjer eg det beste med stevne i dag er at folk som har vore på kurs her kom for å sjå kva dette går ut på.  Så no blir vi enda fleire som vil trene/konkurrere i Kreativ lydighet, MORO!  Det var den beste tilbakemeldingen/premien eg fikk i dag!
Så det blir Freestylekurs i august- ta kontakt om det er av interesse!

1010240_646114505399441_1650443549_n[1]Her er bilde (som eg har lånt fra Tina) fra FS-premieutdeling i kl 1.
Anne Marie og Jasinta vann klassen og fikk rød sløyfe, nr 2 vart meg og Mikke med blått og så står vi oppstilt etter plassering.

1002799_646114488732776_1770155698_n[1]

Premieutdeling i HTM-klasse 2.  Jessica og Izi hadde ein RÅ oppvisning i HTM!

HER  er filmen av meg og Juba for spesielt interesserte.
Eg tok med filming før og etter ringen for min eigen del,  vi må trene litt ang rutiner og eg synes eg lærer noko nytt kvar gong eg er i ringen..

Skulle lagt inn mange fleire bilder men no er det virkelig natta her.  Skal prøve å vera flink å blogge igjen snart!

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s