Oppgitt og ein smule forbannet..

No begynner eg virkelig å bli utolmodig og dritt lei!!

Har nettopp vore hos fys.ter med kneet mitt og det blir berre verre  😦
Eg er hoven på begge sider og no “svir” det opp mot låret og ned til ankelen, så trasig!
Det går på eit vis å gå rett fram men det er veldig vondt å gå i trapper eller til sida.
Som fys.ter sa blir ho forundra om eg ikkje har rivi av noko, og ho rekner med at det er betennelse i ein slimpose i kneet  😦
For 2 veker sidan var eg til lege og ho ville eg skulle sjå dette an til fastlegen kunne ringe etter ei veke.  Var eg like ille da kunne han bestemme om eg skulle settast opp til MR.
Etter ei veke ringde eg og da var ik min fastlege der så eg måtte vente til etter pinsen.  Eg ville da at dei kunne berre sette meg opp på MR undersøkelse uansett, det er vondt og min fys.ter anbefaler det.  MEN da måtte eg snakke med min lege som ikkje var tilbake før i går. GRRR!  Legen ringde i går men eg rakk ikkje ta telefonen og prøvde å ringe tilbake, men da var det rett på telefonsvarer.
I dag ringde eg legekontoret igjen, der hadde dei kryssa ut at legen hadde ringt pasienten og eg måtte ha NY LEGETIME for å vurdere MR!  Men legen var ikkje på kontoret desse dagane heller.

Eg blir så oppgitt og forbanna- er det virkelig mulig????  Kva er vitsen med dette- ventetida på MR er lang og eg mister tid i køen.  Skaden skjedde 28 april på MH-testen til Juba under moment “kjeledressen” og det har virkelig berre blitt verre!

Legger inn  filmen  her- 30 kg hund sidelengs i kneet er JÆ… vondt.  Skjønner ikkje  heilt at eg orka gå i mål heller-staheten lenge leve, sukk!
Eg er heller ikkje den som blir heime fra jobb uten at det er heilt nødvendig så eg har pingsa meg avgårde, og det går bra så lenge eg har så rause kolleger som stepper inn der eg må melde pass- men eg liker det IKKJE!  Og eg har vel fått hint om å ta det enda meir med ro når eg er så hoven og det gjer så vondt..

Men kva er poenget med å få legetime når det alltid er FASTLEGEN som må vurdere  alt???  Har opplevd at den ordninga like mykje til hindrer som hjelp når det trengst.
Har opplevd fastleger her i telemark som er fullstendig blokkert, og da kan det virkelig bli ille!  No skal det seiast at eg har vore veldig fornøgd med fastlegen eg har no men det hjelper ikkje stort når vedkomande er mykje borte.  Og uansett må dei som trer inn for han kunna ta ansvar, om ikkje er det jo fullstendig bortkasta!

På lørdag reiser eg på ferie ei heil veke til Kroatia.  Vi er 10 stykker som reiser sammen og turen bestilte vi i høst.  Veldig kjedelig å reise avgårde så langt før eg veit kva som er galt, men eg vil i alle fall  bli sett på venteliste til MR FØR eg reiser!  Og ikkje minst få svar på om det er ok å reise.

Elles synes eg det blir så kjedelig om eg skal vera ein brems for dei andre- men avtalen er at eg skal bli tatt med i trillebør om det blir for ille.  Kjedelig at det blir sånn, det skal lissom alltid skje noko her i gården.
GRRR! Ikkje moro å klage men no MÅTTE eg berre få ut litt frustrasjoner her  😦

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s