Seminar med “Kikopup” dama.

I helga reiste eg og Tina til Askim for å gå på kurs/seminar med Emely Larlham.  Dette er dama bak alle Kikopup-filmane på youtube.

Legger inn ein ein morsom film  HER.  Trur nok dei fleste som er veldig hundeinteresserte kjenner til denne dama.

Seminar+med+Emeli+askim-13+052[1]Så flink dame som formidla sin kunnskap på ein fin og overbevisande måte.

Og ja, kva skal eg sei, kor skal eg begynne- bobler heilt over her  🙂
Dette var berre heilt fantastisk BRA!  Det beste kurset eg har vore med på ever!
Men når eg no skal skrive fra helga kan eg berre sei med ein gong at det er ikkje så lett å beskrive i ein blogg det vi lærte, det bør opplevast.  Det er noko med den evnen til å formidle- og all den kunnskapen som blir formidla på så overbevisande måte av ei dyktig dame!  Men eg skal prøve å komprimere noko av det eg sitter att med her.

Dette er eit kurs vi melde oss på for lenge sidan og eg var heilt i himmelen når eg fikk bli med som aktiv med hund.  Det er nesten som å vinne i lotto det for meg  🙂
Eg var veeeldig spent når helga nerma seg.  Vi kom fram til kursplassen i Askim og overraskelsen  var stor når det da kun var 10 aktive og 3 observatører på dette kurset, det er tross alt ei verdensberømt dame dette!  Så det vart jo som å vinne i lotto enda ein gong!  For ein LUXUS!!!

Seminar+med+Emeli+askim-13+116[2]Her fikk Juba trene litt med Emely.

Juba var veldig urolig og stressa i helga, masse piping og styrete- PES!  Ho er jo mye hund men det vart veldig masete til tider, ho pleier jo å koble inn avknappen men den virka lissom ikkje heilt denne helga.  Så her trente Emily litt rolig for å få galedyret ned nokre hakk.

Seminar+med+Emeli+askim-13+117[1]

Og etterpå fikk Emely ein velfortjent suss av Juba ❤

Eg tok masse film og bilder av dei andre i helga og når eg skulle filme denne seansen var det kun litt over eit minutt att på minnekortet  😦
Men Tina har heile senasen på film så da får vi sjå arbeidsomme, GIRA Juba i aksjon.  Men for å sei det sånn er det eit luxusproblem, men eg klarde ikkje heilt komme i forkant denne helga.

Elles sjarmerte ikkje uventa Cindy med alle sine krumspring og ho vart flittig brukt som demohund  🙂  Cindy var jo genial å bruke sidan ho er nesten 100 % klikkertrent og Tina har brukt lite lokking.

Seminar+med+Emeli+askim-13+050[1]

Cindy kan underhalda og sjarmere  🙂

Cindy skjønte med ein gong kva Emily ville og hadde ingen problemer med å henge med i svingane.  Tok nokre filmer der vi f.eks viser korleis vi kan bytte kommando på ein øvelse osv.  Legger den ut HER når eg har lasta den opp.

Eg har brukt både shaping og lokking under innlæring- synes det er dumt å vera så trufast mot ein metode, bruker det eg synes er mest hensiktsmessig der og da.  Så eg fikk bekrefta mykje av det eg har tenkt og fikk mange nye ideer- slukte alt rått  🙂
Og som Emily sa:  Det viktigaste er å bruke metoder som gjer at du får lyst å trene med hunden din og at man stadig vil gå videre og utvikle det vi kan!
Mange skal lissom av prinsipp kun klikkertrene eller forme adferder, og det er det eg liker aller best.  Men for å sei det sånn så kan det vera ein tolmodighetsprøve og eg føler vi til tider stopper litt opp og da hjelper eg til med lokking.
(og sjølvsagt er det mange som ikkje er fortrolig med klikkertrening også og kun lokker/påvirker).

Mine tanker er at lokking kan gjera ting litt lettere for hunden av og til. Kanskje kan det hjelpe hunden vidare i øvelsen under innlæring og evt om vi stopper opp under konkurranser.

Seminar+med+Emeli+askim-13+032[1]Veldig moro å sjå Emelie trene med ulike hunder- her er ei våken lita phalene (eller papillon?) jente som viser at ho er våken og klok  🙂

Seminar+med+Emeli+askim-13+023[1]Kan henda lærer ho fortere enn vi trur- morsom er ho i alle fall!

Og det var vel noko som vart formidla uten at det vart sagt med reine ord- det ER lov å la seg sjarmere  🙂  Fikk også den gode følelsen av at det skulle vera moro undervegs,
og vi bruker den tida vi trenger for å komme i mål!

Seminar+med+Emeli+askim-13+035[2]

Her er ein annan sjarmør, så harmonisk og søt whippetgutt på 4 år.  Han og Mikke låg så avslappa og fint berre 1 m fra kvarandre uten noko tull  🙂

Ny+linse%252C+test+med+A.S+p%25C3%25A5sken+2012+536[1]Og av alle ting hadde Emily ikkje sett ein mudi i levande livet men ho hadde vore interessert i denne rasen, så moro å vise fram Mikke da  🙂
Det var ok at eg fordelte tida på Juba og Mikke- veldig bra trening vart det for han også da!

Vi var innom mange temaer, hva er “positiv” hundetrening, bygge god relasjon med hunden,  bruk av target, trene på forstyrrelser, sikre adferder, bygge muskler, trene balanse, adferd + +
Og kanskje det viktigaste er å vite kva du gjer om hunden ikkje kjem på innkalling eller gjer det du har tenkt, hva da?
Kort fortalt går det an å sette grenser uten straff, og på den andre sida er det er ikkje alltid det beste å vente hunden ut til den velger det rette sjølv.  Det er lov å vera litt meir aktiv/tydelig uten å vera “slem”!  Dette er vel nøkkelen for bedre hundehold for mange trur eg.

Seminar+med+Emeli+askim-13+085[1]Her er ein klok boston terrier som trener nesetarget.

Seminar+med+Emeli+askim-13+002[1]

Og her er ein avslappa og trivelig aussiegutt.

Tok fleire bilder men ikkje alt var like bra.  Kan heller linke blogger etter kvart som folk har skrive litt.

Eg klarer ikkje gjengi alt, må la det heile synke inn og så får eg håpe eg klarer hente fram ting når eg trenger det.  Har lært masse av å sjå på Emily sine filmer men det blir noko heilt anna på seminar- spesielt når det vart sånn luxus!

Elles er det som med hundetrening som med alt anna, for å bli god så må man trene for å bli god!  Det er ikkje lett å lera alt berre av å sjå på film, men det er kjekt å bli inspirert, få ideer og i alle fall av ei så dyktig dame.

Kanskje er det aller viktigaste i fyrste omgang å endre litt haldninger rundt hund og hundetrening- legger inn ein nyttig  film   om det tema som Emily har laga- anbefales!

Eg skal skrive meir seinere men no skal eg prøve å trene litt med mine eigne.
Får finne fram ulike oppgåver der eg kan sitte og hundane jobbe sidan eg har vondt for å gå.  Kneet har ikkje blitt bedre etter denne MH-testen, det går heller feil vei så eg får holde meg i ro til eg har fått sjekka opp i det.  Derfor var eg gjerne ikkje fullt så aktiv med mine eigne hunder som eg hadde ønska denne helga men sånn er det berre.

Er spent på å lese bloggane til dei andre som var med i helga.

HER er linken til ein av dei andre.

Og HER er film av Juba som trener litt med Emily.

Skal også blogge om ABBA-kullet som fylte 3 år 17 mai- men det får bli ein annan dag  🙂

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s