Juba på MH-test.

På søndag var vi i Kilebygda i Skien på MH-test i regi Grenland Hundeklubb.

Heile testen vart filma men det tar litt tid å laste opp alle filmane og det er ikkje alle moment eg synes er like viktig å laste opp, i alle fall ikkje når det tar så lang tid.

Legger inn nokre av filmane i denne bloggen for dei som ønsker å sjå.

Handtering/leik ligger   HER

Fyrste kommentaren var sjølvsagt at ho lever opp til namnet sitt ja….

Bandak-13+Samling+163[1]Juba Juba…

For å si det sånn så opptrådte ho som ei meget sosial jente på fyrste del, noko som like gjerne kunne blitt litt meir reservert opptreden alt etter hvem ho treffer på.  Ho starta glad og fornøgd men vart nok litt meir betenkt etter kvart, det er ikkje kvar dag det skjer så masse rart i skogen gitt!
Jaktleiken brydde ho seg ikkje om og på avstandsleiken trengte ho litt hjelp for å gå bort til.

Film fra KJELEDRESSEN ligger   HER
(står feil på filmen).  På dette momentet skvetter Juba og hopper rett i kneet mitt  😦  Det er fortsatt vondt!
Elles jobba ho seg greit fram til kjeledressen og vart ferdig med den.

Har også lasta opp filmen med skudd som ligger  HER

Skal laste opp fleire filmer om litt.

Elles hadde eg liksom ikkje veldig sterk formeining om korleis det kom til å gå med heftige Juba på testen i forkant.  Var lissom open for at det meste kunne skje  :-p

Ho brukte litt tid på å jobbe seg bort til kjeledressen men vart greit ferdig med den.  Spøkelsene var veldig skumle så der gjekk ho bort etter at “tida var ute”.
Så var det skudd og det vart stoppa etter fyrste skuddet.  Ho låste seg mot skytter før eg fikk ho i leik igjen.
Kan henda ikkje så uventa ang spøkelsene men eg hadde ikkje trudd ho ville reagere på skudd.

Juba er ikkje veldig heit på leik, har jobba alt for lite med drakamp med ho.  Derfor er eg godt fornøgd med at eg fikk ho i gang att etter skuddet, og eg er glad for at dei stoppa der.  Ho har ikkje reagert på skudd før og testleder trudde heller ikkje det ville bli noko problem om eg ville konkurrere i bruks.  Det har vi planer om og skuddet takler ho nok.
Så no er eg godt fornøgd med vel gjenomført MH, da kan vi vera med på sporkonkurranse når vi blir klar for det.

Elles fikk eg til kommentar at eg var flink hundefører og var god støtte for hunden min.  Kjekt å høyre det da  🙂  Sammen kom vi oss gjennom løypa.

Det viktigaste å tenke på etter sånne tester er at: ein test er ein test og vi har samme hunden med oss heim  ❤

MH-+JUBA+006[2]

Fiiine gode Jubo mi  ❤

I morgo kjem kiropraktor/vetrinær Renate Nydal hit for å behandle mange hunder her på Svenseid.  Av mine er det Juba og Atillus som skal få behandling  🙂

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a comment