YES- VI KLARTE DET!

I går reiste eg og Tina  avgårde til Drammen for å konkurrere.  Tina skulle gå kl 3 freestyle og jakter på Cert  🙂  Eg og Juba måtte klare det etterlengta opprykket  i HTM og endelig holdt det til rødsløyfe nr 2 og da opprykk!  Det var på tide!  Vi har vore så nær mange gonger, eg har vore sjuk to gonger når vi har meldt oss på og vi har til og med diska ein gong (det gjer vi om hunden går to m fra fører).  Men no kom me endelig i mål, YES!

Drammen%2520mars-13%2520173[1]Glad og fornøgd!

Det vart ikkje den beste oppvisninga vi har hatt, følte vi gjekk dårlige posisjoner heile tida men det holdt til opprykk da, men fra no av er det pirkearbeid og mengdetrening!  No skal vi bli knallgode, så det så  🙂

Drammen%2520mars-13%2520390[1]

Herlig bilde da  ❤  Eg så fornøgd og Juba lurer på ka som skjer…  :-p

Legger inn treningsfilm av oss   HER
D
ette vart etter at sjølve konkurransen var ferdig, og det er virkelig gull verd å løyse opp etter “alvoret” og manglande belønning i konkurransesituasjonen!

Drammen%2520mars-13%2520175[1]
Det vart i overkant masse trynesleik fra Juba etter ein sånn dag- he he

For å begynne med begynnelsen såg det ut som ein utfordring før vi gjekk inn i ringen.  Juba vart lufta i skogen her heime før vi reiste og låg på lading i nokre timer i bilen før vi kom til Drammen.  Ho hadde masse “spring” i beina når vi kom fram så eg lufta og hadde ho inne i hallen fleire gonger.  Tina ville hjelpe og tok over Juba sånn at eg kunne gå banevandringa, fantastisk godt å ha medhjelpere på konkurranser altså.  Men når eg kom ut for å hente ho så måtte eg berre le…. Der står Juba bitta fast i tilhengerfeste og Tina er lettere oppgitt  (og utslitt..)  host  host.  Altså fortsatt ei veldig HØG Juba så eg frykta at det fort kunne  bikke litt over..  Men det holdt altså  🙂

Fikk kommentarer fra folk som syntes Juba var så flott, men sidan ho var så kraftig så hadde dei ikkje forventa sånn spenst og fart  🙂  Har fått lignande kommentarer fleire gonger faktisk, og ho har styrke heilt ut i klørne denne jenta altså!

På Tina og Cindy vart det blått, men som alltid ein sjarmerande opptreden!

Drammen%2520mars-13%2520129[1]

Her får Cindy øye på noko i taket…

Drammen%2520mars-13%2520134[1]
Det må sjekkast ut….

Og Tina kikka sjølvsagt opp i luta da så dette vart sjarmtrikset i Drammen  🙂

Elles var det mange flinke ekvipager å sjå i går!  Aller morsomste var å sjå to heilt unge jenter med kvar sin hund i rekruttklassen- så flinke og så god kontroll på hundane.  Imponert!

Kan henda eg fortsetter å blogge litt etter kurset i kveld.  Alltid spennande med nytt kurs der dei fleste er ukjente.

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s