Treningslokale på Svenseid

Da må eg berre fortelle årets happening her på Svenseid!  Det blir treningshall her om nokre månander- A Dream came true  🙂

Dette har vore ein drøm lenge men av ulike grunner har eg ikkje satt i gang med dette prosjektet før no.  Det har også vore vurdert ulike løysinger men no ender eg opp med det enklaste og faktisk det beste til mitt bruk.

Lokalet blir 100 m2, isolert, godt underlag og i lune fine farger.   No kan eg trene i t-skjorta midtvinters om eg vil  🙂

Dette blir primært eit lokale til eige bruk, det skal vera min og mine hunder sin  luxus   🙂
Eg kjem sjølvsagt til å invitere venner med på treninger, tenker det blir perfekt for 2-6 ekvipasjer i gongen alt etter kva me vil trene på.  Elles vil eg halde nokre fleire kurs på vinteren også, da får eg  dekka ein del av oppvarmingsutgiftene.

Det blir mange morsomme, praktiske og geniale detaljer som eg vil fortelle om seinere  🙂  Gleder meg masse!

Elles er eg spent på kva helga vil bringe…  Eg og Juba skal konkurrere i HTM i Drammen på søndag.  Trur vi har fleire sterke konkurrenter denne gongen, men det gjer ingen ting berre vi klarer opprykket!  Vi skulle sjølvsagt trent meir men no får vi berre hoppe i det.  Får heller trene meir til nest konkurranse.

Bilde fra HTM- konkurransen i Sandefjord i fjor.

Eg er i alle fall veldig glad for at Juba vart sjekka opp av vetrinær og kiropraktor
Renate Nydal  for nokre veker sidan.  Ho har ein heilt annan gange, spenst og iver etter behandlingen.   Men for sikkerhets skuld har eg lagt inn litt lettere overganger i programmet vårt, det er viktig at Juba får ein god opplevelse i ringen.
Kan anbefale alle som trener aktivt med hundane sine å ta ein sjekk før det blir synleg halthet eller andre plager.  Renate kjem hit til Svenseid igjen i løpet av våren, ta kontakt om det er nokon som ønsker å sjekka opp hundane sine da.

Andre ting eg fryder meg over er at fleire har fått augene opp for freestyle og kunne tenkt seg å lære meir om denne flotte sporten.  Det er SÅ moro!  Den yngste kursdeltakeren min på 10 år var også bestemt på å lære meir om freestyle  🙂  Det lover bra!

Det som er mindre kjekt er at eg trudde det nerma seg ei avklaring ang Lilly, men det vart ikkje heilt som eg hadde håpa.  Da er det fortsatt berre til å leite etter Lilly sin nye heim.  Hadde blitt glad om nokon kjente eller nokon her i Telemark kunne overta gojenta!  Da kunne eg eller Sølve passa ho om det var behov også  🙂

Foto

Så uskuldig (host host..) og så SØT!

No laver snøen ned så våren lar vente på seg, må vel smøre meg med tolamod  :-p

God helg folkens- og kryss fingrane for meg i helga  🙂

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s