Ein god dag

I går tok eg faktisk ein tur i telemarkshallen, det var veldig nyttig trening!  Det var godt å ha med seg Juba uten at det skulle skje noko spesielt, uten å dra med bur, tenke på konkurranse, organisere, ta bilder, filme osv.  Vi trente på å oppføre oss, slappe av, ha kontakt og trente litt HTM.   Det gjekk veldig bra, godt å teste ut kor landet ligger til neste konkurranse.  Eg er fortsatt litt usikker ang rygg/hofte så eg kjem til å droppe dei øvelsane som eg er usikker på om ho takler uten å få vondt.  Vi får ta straka vegen og gjere det enkelt.

I dag har eg vore ein tur til Seljord og hjelpt noen med trening av hundane sine.  Synes det er så moro når hundane viser stor framgang på kort tid, og ikkje minst at eigarane blir så fornøgde og inspirert til å trene vidare.   Blir spennande å høyre korleis det går vidare  🙂

Fikk også trent litt med Juba og ho takler ganske masse forstyrrelser – ho kan jobbe den jenta!

I kveld skulle Micael reise heim att så vi reiste til Lunde i leiligheten til Sølve.  To greie gutter handla og laga middag medan eg fikk ein høneblund på sofaen.  Ikkje uventa stod taco på menyen og det smaker jo alltid godt.

I Lunde sentrum gjekk folk i tog, protest mot nedlegging av Lunde videregåande skule- heilt imponert over oppslutningen!  Veldig bra samhold i denne bygda!

Når Micael skulle reise heim i dag så hadde vi mindre enn to minutter å  gå til togstasjonen, da bor man sentralt ja  🙂

No er eg stuptrøtt på ein god måte etter ein travel og innhaldsrik dag!  Natta, zzz

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s