Flyttesjau!

Fytti katta for ein dag!!! Det var flying start og plutselig så skulle alt skje på ein gong!  Sånn er det når ungdommen ikkje har fått med seg avtaler og mor må ordne opp i det meste, ARGH!  Vart mildt sagt stressa og det vart virkelig pompel og pilt tilstander i heimen.  Det er i alle fall heilt sant at hastverk gir lastverk!  Sier IKKE meir om det nei  :-p
I dag var altså den store flyttedagen for Sølve og sjølv om det vart litt klabb og babb så fikk vi gjort ein heil del.  Og det blir så koselig hos han, nesten så eg kunne bytta med han  🙂

No i kveld når eg hengde opp dei siste bildene på veggen der så kubba Sølve på sofaen.  Han skulle eigentleg bli med meg heim men tok berre eit par steg og fann ut at han ville heller legge seg i senga, gørr slitten etter ein lang dag.   Eg får heller komme bort med frukost til han i morgo.  Må jo skjemme han litt bort da…  🙂

Elles har Liv Anne tatt med seg Lilly på skiferie ei heil veke.  Gjett om vi får unna masse når det er kun 3 aktive hunder i heimen og alle får gå på løst samtidig.  Da slipper eg dårlig samvittighet for den som er i bur og det er berre godlyder å høyre  ❤  Får jo påfyll av energi sammen med hundane mine, men det tapper virkelig når man går på høg-gir uten at hundane blir fornøgde  😦  Så noko må skje snart ja.

Eigentlig var det Juba som skulle bli med Liv Anne på tur men sidan Juba nettopp har hatt vond hofte/rygg så turde eg ikkje sende ho avgårde på ein sånn tur.  Men det var jo bra for lillejenta da, ho storkoser seg i sofaen med Liv Anne- har fått rapport  🙂

Elles oppdaga eg noko nytt ang FB i går…  det låg mange meldinger under “annet”- altså meldinger fra folk eg ikkje kjennner.  Skjønte at dette er eit ukjent fenomen for mange, trudde jo eg fikk melding om at det var noko i meldingboksen men den “annet” må visst berre sjekkast av og til…  der var det sjølvsagt nokon som spør ang Lilly også, men i dag har eg ikkje svart nokon ang ho, har kun hatt fokus på alt som skulle gjerast hos Sølve.

Fekk nokre fine bilder av Yoric i går da- hellandussen for ein heldig gutt han er!

IMAG1176[1]Snakk og pur glede- her kunne han virkelig berre springe og kose seg!
IMAG1184[1]Og så er han så flott, ser så stolt og glad ut!  Fantastisk flott bilde!

Da trur eg jammen eg også kjem til å sove godt i natt-  har vore ein travel dag men vi kom i mål  (?)

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a comment