Stakkars Juba

I dag har eg fri og planen var å gå ein lang tur med Juba.  Alle hundane vart lufta godt i dag tidleg og så skulle eg og Juba på lang tur.  Når eg omsider var klar til å gå så ville ikkje Juba reise seg, ho har tydelig vondt og når ho ikkje fikk  til å hoppe opp i sofaen heller så ringde eg vetrinær.  Mest sannsynleg har ho fått seg ein strekk og eg skulle sjå det an til i morgo.  Ho har fått smertestillande og ligger strekk ut no, så ulikt Juba.  Så det går nok over men eg liker virkelig ikkje sjuke hunder, blir rett og slett stressa av det  😦
I alle fall når Juba er stakkarsleg.   Atillus er meir pinglete, da trenger det ikkje alltid vera så alvorleg..  stor forskjell på kor uttrykksfulle dei er.

Så i staden for ein lang fin tur så må ho ligge i ro.  Eg går heller ikkje fra ho med dei andre når ho er sånn, vil ikkje stressa ho opp!

Når det blir sånn kjenner eg at det tvinger seg fram ei snarlig løysing ang Lilly…  Det blir for masse uansett..  og det eg er redd kan ha skjedd er at Juba må ligge i ro, og når ho fyrst slipper ut så tar ho heilt av, og at det da har ført til at dette skjedde, eg berre gjetter men det er uansett ikkje sånn det skal vera.

Eg skal prøve å skrive på nytt ang Lilly, evt kan dei som har int av det bla seg tilbake i bloggen der det står om ho.  Ho er ei toppers jente og som “alle” andre seier så er dei virkelig heldige dei som får overta ho, og ja- det er eg heilt einig i.  Ho er ei lettvinn, leiken og sjarmerande jente!

Trur ikkje eg finner heilt roen før eg har funne ny heim til Lilly, det er slitsomt å ha det sånn som dette, begynner å bli stressande på samme måte som når Yoric var her, heile tida dårlig samvittighet for den som må vera i bur  😦

For Lilly ønsker eg ein heilt ordinær familie eller enslig som har lyst å ha ein turkammerat og elles godt selskap.  Uansett så får ho det fort mykje bedre hos nokon andre enn her i min flokk..

Fleire har tilbudt å “annonsere” Lilly på heimesider og tipsa om både “Finn” og andre  plasser men eg får lissom litt hetta eg da…  vil jo annonsere men eg håper helst at nokon eg kjenner – kjenner nokon som kunne passa….  det er så masse rart rundt forbi at eg blir heilt stressa ved tanken på å sende ho til ukjente…

Om nokon kjenner folk som har lyst på verdens snillaste aussiejente så ta kontakt!

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

One Response to Stakkars Juba

  1. No nokre timer etterpå kan Juba både stå og gå, PHU!
    Ho hoppa til slutt oppi sofaen og sovna, men så skjedde det noko og dei andre hundane bjeffa… Da hoppa ho ut av sofaen og bakparten landa tungt på golvet, ho såg heilt fortvila ut 😦 Så ekkelt! Men etter nokre minutter beynte ho å flytte litt på seg og sovna igjen. Så eg var veldig spent men no har ho trakka litt rundt og lufta seg nokre steg i hagen. Da går det seg nok til- phu!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s