Glad og litt stolt :-)

Ja faktisk har eg mange ting å glede meg over om dagen, og eg kjenner også at eg er litt stolt ang fleire ting….  Det er ikkje alltid “lov” å si det høgt- blir kanskje litt kvalmt men det får heller våge seg..

I går reiste eg og Sølve til Skien for å handle litt til leiligheten hans.  No er det nedvaska av proffesjonelle folk og det er gullande reint og fint.  To stk brukte 2 dager så eg er veldig glad for at eg ikkje berre sette i gang å vaske sjølv.
Så da var det berre til å handle og ordne med alt han trenger av ting.  Vi var veldig effektive og han fikk mange fine ting til gode priser!  Han var veldig fornøgd etter handelen men han blir fort sliten så vi fikk ikkje sett ting på plass i går.  Det ser eg fram til å få gjort i dag.

Eg er så ubeskrivelig glad for at Sølve er såpass frisk etter alt han har vore gjennom, stolt av at han har så sterk vilje.  Det krever masse sjølvdisiplin og pågangsmot for å klare alt han har fått til.
Litt stolt av at eg har gjort nokre rette valg som gjer dette mulig, det så betyr masse!

Elles er eg veldig glad fordi Henric  tok på seg å ordne med rønken av Yoric, og i går kom resultatet:  A-hofter og albuer UA.  Veldig bra!
Mange har fulgt med i bloggen til Henric og folk gleder seg virkelig over at det går så bra med Yoric.  Eg er så glad for at eg hadde is i magen ang gutten,  og stolt fordi eg klarde å gjere eit godt valg for han tross at det var virkelig vondt å sende han så langt vekk.
Henric ringde ein dag for å fortelle om alle “prøvelser” i ulike type miljø gutten hadde blitt utsatt for siste tida, og han hadde takla alt på strak labb!   Blir så glad for sånne tilbakemeldinger!

yoric%2520nomestranda%2520-12%2520370[1]Savner jo go-gutten, men no har han det som fisken i vannet!

Enda ein ting eg blir glad for..  Denne uka ringde det ei dame fra Seljord, ho lurte på om eg kunne hjelpe ho med ein hund som hadde masse uro og var engstelig.  Eg svarde at eg kunne kanskje hjelpe men ville pressisere at eg ikkje er noko adferdsterapaut.  Ho svarde at ho hadde fått anbefalt å ta kontakt med meg gjennom sin vetrinær….  dei hadde fortalt om ein hund som var aggressiv og vanskelig å handtere, men etter nokre besøk på Svenseid var den ikkje til å kjenne att  🙂
Eg blir berre SÅÅÅÅ glad for å høyre sånt  🙂  Men når det er sagt så er det ofte enkle tips til eiger som kan endre hundens forventning og adferd, og den jobben er det jo eigeren som hadde gjort så bra i dette tilfelle.  Men det er moro å få sånne tilbakemeldinger, og det kjennes godt å hjelpe to og firebeinte.

Så eg har mange ting å vera glad for, men eg har også eit sorgens dilemma.  Eg må ta meg sjølv i nakken og finne ein god heim til Lilly.  Blir nesten dårlig med det samme eg skriver om det, men no må eg berre stålsette meg og gjennomføre det.  Fordelen med å vera fleire er jo at dei kan leike og springe sammen på tur, ha det bra sammen i flokken.  Men når jentene ikkje kan vera løse sammen så blir det u-utholdelig.  Juba opner alle dører og smeller i Lilly ved fyrste sjanse, og eg frykter det verste om eg ikkje har full kontroll på at ein av dei er i bur til ei kvar tid.  No blir det dobbelt med turer på meg og halvparten av det normale på dei, og sånn kan vi ikkje ha det.

IMG_4809[1]Sølve og Lilly- ho er virkelig go-jenta vår!

Skal lage ein ny Lilly-blogg ein av dagane.  I dag vil eg ikkje tenke på det, berre trene med hundane og få ting på plass i Sølve sin leilighet.

Ha ein fin søndag!

 

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s