Når enden er god..

På fredag overtok Sølve nøklane til leiligheten sin, ein stor dag vi hadde sett fram til lenge.  Eg vart litt betenkt når det ikkje ein gong lukta reint når vi kom inn i leiligheten, men dei som overleverte nøklane meinte bestemt at det var vaska..  eg misliker virkelig å klage og det var litt dårlig lys og vanskelig å finne noko “konkret” å peike på..  så vi skreiv under papirene og overtok leiligheten.  Vi reiste bort att på lørdag og tenkte vi skulle flytte inn ein del i løpet av helga- hadde gleda meg til å ordne og styre litt sammen med Sølve.  Men eg vart heilt matt, det var over hode ikkje vaska og eg såg for meg MASSE vasking før vi kunne begynne med flyttinga.  Eg såg berre ikkje for meg fleire dager med vasking i ny leilighet, for så å flytte alt og vaske ned leiligheten han bur i no.  PES!
Eg vart rett og slett deppa!  Sølve var så fornøgd så eg følte jo at eg burde berre vore glad for at han i det heile får denne muligheten, det er jo ein fin leilighet og han er så stolt av den. Men eg orka berre ikkje gjera noko som helst denne helga og bestemte meg for å ringe megler mandag morgon!  Eg ville i alle fall si fra sjølv om vi hadde godtatt vaskinga og trudde jo dermed at vi måtte vaske sjølv.

Tina er verden snillaste og tilbød seg å hjelpe så eg bretta opp armane og var klar for å begynne å vaske i dag.  Men i det vi var klar til å vaske så ringde megleren, eit vaskebyrå kjem kl 12.00 i morgo, YES!!!  HURRA!  Eg vart så letta og glad, for absolutt alt må vaskast ned!

Da sette vi oss rett og slett på golvet med Tina sitt skjerf som duk og spiste lunsj.  Kjempe koselig!
leilighet%2520bhg%2520396[1]Tina klar for lunsj!

Elles har eg sove dårlig i natt.  Når eg endelig kom i humør og klar for å komme i gang med flyttinga så kom eg til å tenke på noko heilt anna  😦  Og det er sånne ting som tar nattesøvnen fra meg.  Yoric skulle rønkast i dag og eg misliker virkelig når hundane mine skal dopast.  Etter at Leon døydde når han skulle HD/AD rønkast har det berre blitt eit mareritt.  Han fekk sprøyta og døydde på minutter etter at den var satt- eit sjokk som har satt sine spor.  Og sjølv om Yoric er i trygge hender og Henric har lova å passe på gutten HEILE tida så klarer eg ikkje slappe av…

Men etter at vi var ferdig med lunsjen og klare for å reise heim fra leiligheten så ringde Henric.  Alt hadde gått vel og Yoric var på vei til å våkne etter neddopinga.
Da var alt av bekymring for han borte – og lettelsen over at vi slapp å vaske var også stor.  PHU!!!

Da reiste eg heim og vaska over golvene i heimen her, spiste god middag og la meg på sofaen, eg sov som ein stein i to timer!  Så no har eg endelig henta meg inn att- no er eg letta og fornøgd.

Da ser eg fram til å hjelpe Sølve å komme i orden i den fine leiligheten hans.  Trur han kjem til å trivast godt der!

Elles kan eg nevne at Juba har løpetid.  Vanlegvis forbinder eg det med uling, markering og stress fra gutta sin side..  men Juba er litt brutal, så når ho begynner å flørte så stikker mudigutta inn i kvart sitt bur og venter på at villdyret skal roe seg…  det er lissom noko som ikkje stemmer heilt her…

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s