Eg frisk/tillussen syk :-(

I dag måtte Atillus ein tur til vetrinær.  Han har ikkje spist på nesten to døgn og ville ikkje ein gong ha pølse i dag  😦   DA er gutten sjuk!
Han såg veldig stakkarslig ut, han er virkelig pingle når han har bittelitt vondt men han var også stinn rundt magen så eg skjønte det var “alvor”.
Vetrinæren meinte det var “influensa”, han hadde 40 i feber, litt stram rundt magen men trudde ikkje det var noko alvorlig.  Tok blodprøver som vi sende inn for å vera sikker.  Han fikk også ei sprøyte med smertestillande.  No ligger han strekk ut på sofaen og reagerer ikkje på katter og andre dyr på tv`en.  Vart nesten litt bekymra men eg trur berre han slapper veldig godt av- kan hende litt sløva av sprøyta han fekk.  Han har i alle fall spist litt ris med leverpostei på- så da må han vera på bedringens vei.

Elles tok det litt tid før eg skjønte at tillusen var sjuk.  Han ville ikkje ut av buret sitt men eg trudde det var fordi Juba har blitt plagsomt opptatt av han dei siste dagane..  Dei var så på flørteren nokre dager, heilt til det tok litt av for Juba..  Ho knøvla han sammen under seg og ville berre ri..  det var eit syn- atillus fekk anfall og gøymde seg i buret sitt- kom ikkje ut før eg tok Juba i bur..
Det er ikkje mykje feminint over den jenta akkurat!

Ho er litt heftig sjølv for atillus..
kalender%2520m%2520lilliy%2520og%2520cindy%25202012%2520277[1]Må nesten kræsje heile tida også da..  erte litt.

kalender%2520m%2520lilliy%2520og%2520cindy%25202012%2520264[1]Her spisser Atillus tunga til villdyret!

Alt var så idyllisk, heilt til Juba tok heilt  av!  Eg trur ho har kjeda seg siste tida når eg har vore sjuk- og det gjekk nok ut over tillussen..

Elles begynner eg å bli ganske frisk igjen så da får eg lyst å trene igjen.  Har fleire trix eg vil trene inn til eit nytt freestyleprogram med Juba- det blir langt fram i tid men det blir litt masse “alvor” å berre trene HTM har eg funne ut..  derfor er nytt FS program under planlegging.  Og vi må legge oss i hardtrening, for til sommaren skal eg på kurs med “mannen i mitt liv”  –  Richard Curtis- gleder meg MASSE!
Legger inn ein film med MANNEN HER
Er ikkje dette flott og underholdande så veit ikkje eg  🙂

No har eg lagt plan for året og den blir ikkje heilt sånn som eg fyrst hadde tenkt.  Kjente rett og slett at eg ville prioritere heilt annleis, og det trur eg var lurt tenkt!
Eg har jo bestemt meg for å gjera meir av det eg har LYST til dette året, det som virkelig gir påfyll av energi og ikkje det motsatte.  2013 skal bli eit sabbats år- meir tid og overskudd til det eg har lyst til! Det skal eg holde fast på  🙂
Kalenderen vart likevel ganske full, men det er ikkje så nøye berre det er lystbetont.

Elles er det fortsatt er veldig kaldt her og det blir heller korte lufteturer.  Så no har eg hatt god tid til å lese fleire hundebøker og fått masse ny inspirasjon.  Da gjenstår det berre å få kontroll på alle desse nye øvelsane da  🙂
Må jo prøve å imponere MANNEN til sommaren  :-p

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s