Året 2012

Ser folk er flinke å oppsummere året som gjekk, så da får eg også gjera det  🙂
Når eg tenkjer meg om er vel dette eit år eg i stor grad helst kunne latt gå i gløymeboka…
Det vart ein del elende ja..

Året begynte tøft for min del.  Gørr sliten og lei av alt for masse å halde styr på og bekymre meg over tok eg nokre tøffe valg.  Eg starta med å selge huset på vestlandet sjølv om eg aller helst hadde lyst å flytta heim att for ei stund- men det var alt for mange hensyn å ta og eg klarde vel rett og slett ikkje å tenke klart.  Ville ikkje men gav litt blaffen kanskje..   Følte eg brente mange bruer og heimlengselen vart heilt forferdelig  😦
Så ulikt meg å “gi opp” og gjera så lite fornuftig valg- men det vart lissom feil uansett ka eg gjorde..

Utover våren klarde eg å hente meg innatt og eg bestemte meg for å prioritere annleis for å få meir tid og overskudd til ting eg liker å holde på med.  Det satt langt inne men eg bestemte meg for å jobbe mindre for å få meir tid til familie, venner, heimen, hobby og lystbetonte utfordringer.  Det tok ikkje så veldig lang tid før eg hadde tatt på meg diverse verv og anna jobb men eg trivdes med det  så lenge dette var noko eg brenner for.

Eg og Juba vart med på landslaget i freestyle og vi jobba målretta mot NM.  Var så stolt over denne jenta som jobba så bra og eg hadde virkelig trua på at vi kunne gjera det bra i ringen.  Atter ein gong vart gleden kortvarig- Juba begynte å klø, mista pels, vart veldig urolig og lite fokusert.  Fyrst tenkte eg det kunne vera litt pubertet men skjønte fort at det måtte vera noko meir enn det.  Vi tok blodprøver og det viste seg at ho hadde allergi mot bl.a gress- eg vart virkelig heilt satt ut.  For meg var det eit sorgens kapittel, så ille for Juba, for motivasjonen for å trene mot konkurranser og   ikkje minst avlsbiten som faller bort.  Oppdrett har virkelig vore noko stort for meg så skuffelsen var stor!

Landslags-samling%2520nr%25201%252C%2520%25202012%2520437[1]Ei våken jente som elsker å trene!

Vi prøvde oss på nokre konkurranser men vi var ikkje heilt klare og  Juba plagdes med kløe så det vart ikkje noko vellukka.  Vi fekk ei rød sløyfe i HTM og 2 gonger fekk vi minst mulig margin fra opprykk  😦  Eg mista  ganske mykje motivasjon når det vart så mange nedturer i og utenfor ringen.  Største nedturen vart her i Lunde.  Denne helga sammen med landslaget + konkurranse dagen etter hadde eg sett fram til så lenge men vi kom ikkje i mål denne gongen heller.  Skuffelsen var stor, men aller verst var følelsen av å takle nedturen så dårlig aller verst  😦  Eg pleier å takle denne type motgang uten å bli i dårlig humør men eg vart virkelig oppgitt og lei  😦  Hadde mest lyst å berre droppe alt som hadde med HTM og freestyle å gjera der og da, bestemte meg i alle fall for å droppe trening mot NM.

FS-konkurranse%2520nannestad-12%2520072[1]Dette bilde er tatt etter konkurransen i Nannestad- vi kom ikkje i mål da heller men eg takla det i alle fall heilt fint.

Men tross konkurransepause reiste eg og Kristine ein tur til Merete Andersen Huser i oktober, og det var så bra tima.  Eg var dritt lei og frustrert, men det vart ein nyttig tur for min del.  Så glad for at Merete ville ta i mot oss  🙂   Når vi reiste heimover bestemte eg meg for å begynne litt på nytt ang trening- yes!

Yoric kom tilbake fra forvert i august og han krevde sitt.  No fekk døgnet alt for få timer og eg følte eg gjekk konstant på turer og hadde heile tida dårlig samvittighet for dei andre hundane.  Eg jobba mindre og  Lilly fekk vera i Skien sammen med Ivo sin familie så det gjekk rundt på eit vis.
Heldigvis vart det happy ending for Yoric, han fekk ny heim i Sverige og han har det veldig bra.  Det satt virkelig langt inne å sende han videre  men eg var også hinsides trøtt av å ha det sånn så det vart også ein enorm lettelse når han reiste.  Eg slappa så godt av, sov masse og hundane storkoste seg med all oppmerksomheten.  Endelig kunne alle vera løse samtidig og det var berre idyll- heilt til det plutselig smalt mellom tispene  😦  Lilly fekk juling og eg måtte gå mellom dei to.  Da vart eg bitt i handa og den skaden sliter eg med enda.
For meg vart dette enda ein tragedie for å sei det som sant er  😦  Eg orker ikkje ha det sånn at ein av dei alltid må vera i bur, og for Lilly sin del kan det bli alvorlig skade om dette skjer igjen.  Derfor er det meininga å finne ny heim til Lilly, men eg synes det er vanskelig å gi ho fra meg og ikkje minst finne den perfekte heimen…  Så Lilly søker fortsatt ny heim..
Synes det er heilt uvirkelig, så trist!

e%2526y%2520011[1]Dette bilde vart tatt av Sølve- han lurte på om eg kom til å klare å gi fra meg denne gutten.
Ikkje så rart han spurde- for han var virkelig min gutt- men når dette bilde vart tatt var eg virkelig trøtt altså!  Kiloane raste av og eg innsåg at eg ikkje lenger kunne gi Yoric det han trengte.  Men eg var heldig som i mellomtida hadde funne den perfekte heimen og kunne sende han videre uten at eg trengte bekymre meg det grann!

Dette vart ikkje noko lystig blogg ser eg- liker ikkje syting men når eg tenkjer på 2012 så var det masse som gjekk galt.
Datakræsj der eg mista mange bilder/filmer + + +
Sittetraktoren stoppa for godt, så grasset grodde og ryggen streika.  Masse jobb å gjera og følte at eg aldri klarte å komme ovanpå- men til slutt kom eg vel i mål på eit vis.

Så 2012 var eit heller tøft år.  Eg har ikkje tatt med det verste men heller ikkje det beste av året- ikkje alt eg kan fortelle.  Dette var året 2012- i morgon vil eg blogge om tanker og mål for 2013.  Eg pleier aldri ha nytt års forsetter men dette året har eg det  🙂

Eg trur  at 2013 blir eit godt år- håper at eg får rett i det  🙂

Må nesten le litt her- skulle finne bilder å pyntebloggen med og dette bilde var litt koselig da..  Det er fra landslagssamlinga her i Lunde, og eg vann namne-konkurransen til maskotten vår.  Namnet vart Prikkadelly  🙂

yoric%2520%2520%252B%2520landslagssamling%2520043[1]
Så for all del- trass  nedturer har vi hatt eit supert og lærerikt år sammen med gjengen på landslaget  🙂

Når eg ser gjennom bildene her får eg fleire gode minner fra året- og eit stort høgdepunkt var når Tina og Cindy vann freestyle-konkurransen i Drammen – og dei vart tatt ut til å representere Norge i Praha- snakk om flying start for desse to!   FANTASTISK !

FS%2520Drammen%25202012%2520160[1]SÅ glad Tina (og så fattet Cindy..)

Dette var stort, men det føles som det er så lenge sidan lissom.. men det var virkelig i mars 2012!

Eg må heller ikkje gløyme kenneltreffet med ABBA-kullet mitt!  ÅÅÅÅ så eg koser meg når eg får samla alle desse aussie “valpane” mine.  Me hadde ein super dag sammen og tok mange bilder og filmer som ligger under min youtube konto.  Linken ligger øverst på linkesiden.

kenneltreff-september%2520-12%25201099[1]
Her er bilde av 3 av mine søte “små”.  Winner, Mia og Fanta.  FOR ein herlig gjeng!

Legger inn film av to flotte gutter, Winner og Jethro.  Trivelige aussier med masse kroppsspråk!

Konkurransetrening%25202012%2520833[1]
Hadde også ein fin treningskonkurranse med ringband og dommere her på Svenseid.  Veldig koselig dag og nyttig trening!

Hadde også førjulstreff her på Svenseid, det var julegrøt i storstugu, fotokonkurranse og dogquiz  🙂  Moro!

F%25C3%25B8rjulsmoro-12%2520398[1]Ivo er ein vakker nissegutt da- men det var mudigutta som var på vinnerbilde.

Dette har altså vore eit tøft år på mange måter, men det har også vore mange positive opplevelser da  🙂

Og årets siste mnd har vore god og eg håper det betyr  ein god start på det nye året  🙂

Advertisements
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s